Tilbake Ivar Aasen 1813 - 1896 Nordmannen M ellom bakkar og berg ut med havet heve nordmannen fenge sin heim, der han sjølv heve tuftene grave og sett sjølv sine hus oppå deim. Han såg ut på dei steinute strender; det var ingen som der hadde bygt. "Lat oss rydja og byggja oss grender, og så eiga me rudningen trygt." Han såg ut på det bårute havet; der var ruskut å leggja utpå; men der leikande fisk nedi kavet, og den leiken den ville han sjå. Frampå vinteren stundom han tenkte: Gjev eg var i eit varmare land! Men når vårsol i bakkane blenkte, fekk han hug til si heilege strand. Og når liene grønkar som hagar, når det laver av blomar på strå, og når netter er ljose som dagar, kan han ingen stad venare sjå. Ein stor latsabb D et var ein herremann som hadde leig seg ti arbeidsmenn, og dei var så late at dei gjorde inkje til gagns. Så var det ein dag han kom over dei då dei hadde lagt seg til å sova alle i hop. Då vekte han dei opp og sa til dei: "Det skulle vera moro å vita kven som er den største lathansen av dykk; den som no kan syna at han er den lataste, han skal få ein dalar." Då var det ni som rette opp handa og ville taka imot dalaren, men den tiande sa berre: "Stikk han i vestelomma mi!" "Du har rett," sa herremannen, "du må vel vere den lataste som ikkje ein gong gidd å retta opp handa." Etterstev T il lags åt alle kan ingen gjera; det er no gamalt og vil så vera. Eg tykkjer støtt at det høver best å hjelpa den som det trenger mest. Og kor du bryggjar og kor du bakar, d'er alltid aen som ikkje smakar; og når den eine då gjerer rop så ropar sidan den heile hop. D'er mange nok, som vil domar vera og le åt alt som dei andre gjera. Og lyte finna dei rundt ikring, og sjølve gjera dei ingen ting. Ein fær no høyra så mange grillor. Dei døma folk etter kledefillor. Er kufta gamal og kroppen grå, så skal ein vandt nokon vyrdnad få. Skal alle ganga med kvite hender, så kjem det armod i mange grender. Skal guten grava og streva hardt, så verder neven vel hard og svart. Og dermed vilja me endå vona, at lange tider m mykje sona, at eingong sanning skal vinna lett, at eingong folket skal få sin rett. Medlem av HyperBanner Norge