Motstandens postmodernisme av: Hans Ebbing Postmodernisme som kulturpolitisk ideologi er desillusjonens ideologi når dei sosialistiske fyrtårna har slokna. Klassekampen manglar distanse til Solstad sin forfattarskap og spenner krokfot for Fløgstad. LITTERATUREN og kulturstoffet har alltid hatt ei spesiell stilling for venstresida i Norge. Kulturdebattane har til ei kvar tid signalisert dei politiske og ideologiske konjunkturane. Den breie plassen som kulturstoffet har hatt i Klassekampen (KK), er eit uttrykk for dette meir enn resultat av ein gjennomtenkt kulturpolitisk strategi. Postmodernismen sin lettvinte siger i kulturredaksjonen i KK har demonstrert for oss at avisa i dag ikkje har nokon kulturpolitikk som peikar ut over kulturen, mot ei djupare forståing av estetikken sine vilkår under marknadliberalismen. Dag Solstad og Kjartan Fløgstad er to forfattarar med motsatt identitetsskapande funksjonar på venstresida de siste 25-åra, den første med status som m-l-forfattar, den siste av m-l-erane identifisert som SV-forfattar (!) – til tross for at ein så fleirtydig kulturpolitisk retning som SV umogleg kunne ha hatt «sine» forfattarar. Merkelappen brukt på Fløgstad var eit maoistisk knep i kampen om kulturelt hegemoni på venstresida, eit forsøk på å isolere politisk ein forfattar som hadde eit konkurrerande, kunnskapsrikt, politisk litterært grep på både den tradisjonelt industrielle kapitalismen og den nye, informasjons-teknologiske, virtuelt forblenda og forblinda, kapitalistiske røyndomen. Fløgstad og Georg Johannesen, burde ikkje lesast. Dei to litterære «stadene», Solstad og Fløgstad, kommersielt opphøgd til samtidas (!) klassikarar, er to høgst ulike litterære typar. «Type» kjem nettopp av det greske topos som tyder stad. (Fløgstad reflekterer over dette i eit av sine essay). Presentasjonen av dei to i bokhausten 96 her i KK stadfester avstanden mellom dei og samstundes spaltinga i KK sitt forhold til to heilt sentrale forfattarar i samtidslitteraturen. Det viktigaste med Fløgstad sin nye essaysamling, Antipoder, var ifølge redaksjonen, det refuserte etterordet av Tom Egil Hverven. Refusjonen vart hovudoppslaget på første side. Nokon hadde gjort ei viktig avsløring som postmodernistane i redaksjonen var for feige til å seie i klårtekst: nemleg at Fløgstad dreiv med sensur! Dette skamlege overgrepet mot det litterære Norge vart kompensert med at etterordet vart heroisk trykt i sin heilskap i KK (og seinare i Bergens Tidende). Så langt eg har kunna registrere har ikkje kulturredaksjonen produsert ei anstendig melding eller kommentar til Antipoder. Men essaysamlinga greier på ein eksemplarisk måte det KK sine kultursider ikkje lenger maktar: å vise at litteraturen, og debatten rundt den, kan vere ein viktig inspirasjon til å yte motstand mot den nye totalitære, kapitalistiske røyndomen. Denne motstanden blir først vekt reint individuelt, i lesaren. Fløgstads essays blir forsterka gjennom ein retorikk i samsvar med den tysk-tsjekkiske forfattaren Peter Weiss sitt program om motstanden sin estetikk (Ästhetik des Widerstands. Roman 1975-81, delvis oversatt til norsk, Pax 1979) – det einaste moglege programmet for ein opplyst forfattar så lenge ein ekspanderande kapitalisme fins. Avisa si handsaming av Solstad sin konjunkturroman Professor Andersens Natt fekk derimot så mykje ukritisk, altså postmoderne, omtale at ein lesar med hukommelse tilbake til tida før postmodernismen mest kunne ønske seg litt maoistisk litteraturkritikk igjen, der litteraturen var god eller dårleg i samme grad som han «tente folket» eller ikkje. Solstad er vår fremste konjunkturforfattar. Heltane i de ulike romanene hans er ikkje berre alltid på same alder som han sjølv. Dei er på alder med dei mest fortrulege lesarane slik at forfattar, romanhelt og lesar dannar eit lukka, sosio-litterært univers med sine eigne indre refleksar. Romanheltane reflekterer erkjenningar som er uløyseleg knytte til den sær-norske maoismen, seinare til sjølv-oppgjeret med denne etter kvart som maoistane gjekk trøytt i si eiga vandring på vatnet til det ikkje bar lenger. Romanan hans viser korleis denne skjellsettande erfaringa lever vidare i lektorar, professorar og forfattarar i møtet med dei nye konjunkturane, ikkje minst i møtet med den postmoderne konjunkturen der romanhelt, forfattar og lesar leier kvarandre gjennom livet og bokhausten. Det skulle vere unødvendig å minne KK sine lesarar om at den norske maoismen var noko heilt spesielt. Fleire enn eg har halde fram dagsavisa KK som det einaste viktige politiske produktet av denne rørsla med interesse ut over Norges grenser. Solstad sine romanar har ikkje på nokon måte krav på same interesse som KK. Deira «indre» litterære kvalitetar kan nok leve sitt eige liv, kan hende til og med hente inn ein litteraturpris frå utlandet. At dei fullstendig manglar evne til å vere inspirasjonskjelde til motstand, skuldast ikkje deira stadig meir desillusjonerte bodskap, men at denne desillusjonismen er så uløyseleg knytt til den norske maoismen som bakgrunnshorisont og til postmoderismen som ideologisk klangbotn i avisene sine kulturredaksjonar og ved dei litteraturvitskaplege institutta på universiteta. KK manglar distanse til Solstad sin forfattarskap og spenner samstundes krokfot for Fløgstad. Det er desto meir småleg ettersom Fløgstad sitt utgangspunkt i Sauda og nynorsken på den eine sida og ei grunnleggjande forståing av kapitalismen som eit globalt fenomen med dei mest lokale forgreiningar på den andre, er vår mest internasjonale forfattar i dag. Korleis er denne kulturpolitiske småligheten mot Fløgstad i det heile mogleg i ei avis som tilstreber ein marxistisk fundert journalistikk, som Sigurd Allern uttrykte det – altså ein journalistikk med evne til å sjå samfunnsfenomena, herunder litteraturen, i samanheng med underliggjande økonomiske og sosiale dynamikkar – i ei tid der vi treng alle dei kunnskapsrike forfattarar vi kan få og venstresida si dagsavis burde hjelpe til med å gjere dei meir leste? Ein del av svaret ligg på det ideologiske nivået. Postmodernisme som kulturpolitisk ideologi er desillusjonens ideologi når dei sosialistiske fyrtårna har slokna, marknadliberalismen er på offensiven og det blir for dumt å gå tilbake til dei tradisjonelle liberale eller kristlege verdiane, sjølv om det nettopp er dette professor Andersen er på nippet til å gjere når han uforvarande og nærmast som ei openbaring oppdagar sin eigen religiøsitet langt ute i romanen om seg sjølv. Den norske maoismen var ei eksistensiell rørsle – i organiserte former, der forfattarane var ein like viktig del av presteskapet som den opphøgde Sentralkomiteen, og var til og med ein del av denne. Det spesielle med postmodernisme som redaksjonell ideologi er ikkje at den ser litteraturen og litteraturdebatten som meir eller mindre sjølvstendige «diskursar», men at den forskansar desse «diskursane» mot prosessar som ikkje er diskursar i det heile, men sosiale og økonomiske rørsler og rørslelover – ein røyndom som eksisterer uavhengig av dei moglege «diskursane» som den produserer. Den postmoderne «diskursen» er eit sjølvbekreftande univers, utan evne til å opne seg for andre som ikkje alt tek del i den. Den er dogmatisk. Postmodernisme er programmatisk begrepslaus om ein sosial og økonomisk røyndom som er uavhengig av «diskursane» og som det går an å ha tilstrekkeleg sikker kunnskap om til at den er forpliktande. I den grad røyndomen er gjenstand for postmoderne observasjon og omtale, er det berre som estetisk fenomen, som ein til og med kan bli «fascinert» av. Og kven kan ikkje det – når ein berre er godt forsikra og skjerma mot dei nedbrytande og trugande verknadene av den kapitlaistiske realiteten, berre nyter fordelene ved den, i kraft av den plass ein har i utbyttingssystemet? Ein kulturdebatt som ikkje maktar å sjå dei kulturelle ytringane i samanheng med ein større røyndom, er ingen kulturpolitikk, men nettopp ei form for «diskurs» som kan gje kreditt i karrieren, eller status i det sosiale spelet som omgir «diskursen» og som «diskursen» er eit trekk i. Debatten har då ikkje interesse for andre enn dei som er fascinert av spelet [juli] [august] [september] [oktober] [november] [desember] [Januar] [Februar] [Tilbake til kronikker]