Anton Aure: Kvinnor i den nynorske bokheimen Fyreord. Desse stutte livssogorne som fyrst hev stade i "For Bygd og By" er berre brotstykke or eit større arbeid um alle dei nynorske bokmennerne. Dei gjev seg sovisst ikkje ut for "litterær gransking"; eg hev berre vilja fortalt um desse kvinnor sitt liv og arbeid, so stutt som raad er - utan aa gjera det alt for turt og keidsamt. Eg tenkte dei kanskje kunde vera til hugnad for norsklynde ungdomar som lite eller inkje kjenner til den norske maalreisingssoga. Det er gjerne einkvan som ogso tykkjer mun i aa lesa um dei kvinnor som hev stade fremst i striden for norskt maal. Naar eg sender ut desse sogorne i serprent, so er det fordi sume hev bede meg um det. Og skulde det syna seg at ungdomen gjerne vil ha meir av same slaget, kann truleg heile den nynorske bokmannssoga koma med tidi. Anton Aure. Foto av Anton Aure Aasta Hansteen. I utlandi var det alt tidleg fleire kvinnor som skreiv bøker, og sume av dei hev jamvel vorte namnkjende i fleire land. Men her heime i Norig var det fyrst kring 1850 at ei kvinna vaaga seg fram i bokheimen. Det var Camilla Collet, syster til Henrik Wergeland, som kom med fyrste boki si, "Amtmandens døtre", og med denne boki vann ho seg med ein gong eit namn i den dansk-norske bokheimen. Ho var den fyrste bokskrivande kvinna i Norig; men sidan kom fleire etter. Det varde heller ikkje so lenge, fyrr det kom ei kvinna som gjorde ein liten freistnad i den nynorske bokheimen. I 1862 sende Aasta Hansteen ut ei liti bok som heitte "Skrift og umsskrift i landsmaalet". Namnet hennar stod ikkje paa boki, so ho vart ikkje mykje kjend med dette arbeidet, og ho kom heller ikkje til aa gjeva ut fleire bøker paa nynorsk. Det vart berre med denne vesle freistnaden; men sidan det er fyrste gongen at ei kvinna gjev ut ei bok paa nynorsk, er det likevel ei so forvitneleg hending for oss norskmaalsfolk at me gjerne vil minnast baade boki og bokskrivaren. Det var elles ei av dei aller fyrste bøkene paa nynorsk maal. Ivar Aasen hadde gjeve ut fire bøker, Vinje ei og Eirik Sommer og Axel Arbo kvar si liti bok. Det var alt som var kome paa nynorsk fyre den tid. Difor hev Aasta Hansteen sitt sjølvgjevne rom i den norske maalreisingssoga, endaa boki hennar i seg sjølv hadde lite verd. Det var ikkje som bokskrivar ho skulde vinna seg eit namn i Norig; men likevel er det ei sermerkeleg hending at ho skreiv ei bok paa norsk maal og var so heilnorsk i all si ferd; for ho høyrde til ei av dei finaste danske embættsætter i Norig, og mor hennar var dansk- fødd. Aasta Hansteen [1] vart fødd i Oslo den 10de desember 1824. Far hennar var den vidkjende astronomen Christopher Hansteen, som var professor ved den norske allskulen. I 1830 gav stortinget pengar til eit nytt observatorium paa Drammensvegen, og tri aar etter flutte professor Hansteen dit. Her hjaa honom samlast det mange av dei fremste i den flokken som heldt paa den danske kulturen i Norig. Det var ein flokk av dei mest aristokratiske og konservative folk i landet. I ein slik heim var Aasta uppvaksi; og i sovorne livshøve livde ho i ungdomsaari. Men ho skilde seg alt tidleg ut og vilde hava sin eigen vilje. Sovorne livshøve var reint umogelege for ei kvinna, etter hennar meining; ho tykte ho fann ingi nøring for sitt aandelege liv. Ho vilde framum alt vera eit heilt sjølvstendigt menneskje, endaa um ho berre var ein kvinna. Det var difor so heilt rimelegt at ho ogso vilde hava eit fullnorskt Norig, og kom til aa staa imot Welhaven og dei andre "danomanane" som vanka i huset hjaa far hennar. Ho kjende sterk trong til aa vinna fram til noko med sitt eige arbeid, og so slo ho seg fyrst paa maalarkunsten. Ho lærde hjaa Gørbits i Oslo, og sidan for ho til utlandet og vilde læra meir. Fyrst var ho daa i Kjøpenhamn, men sidan for ho til Düsseldorf i Tyskland. Her var ho tri aar og maala mange bilæte. Sume av desse fekk ho selja i Tyskland. Daa ho kom heimatt, maala ho m. a. eit bilæte av far sin, og det finst no paa "Nationalgalleriet", den store maalarstykkesamlingi i Oslo. Ho hadde ogso fenge bilæte fram paa det samfolkelege kunstsjaaet i Paris i 1855, og sidan kosta ho sjølv paa seg ei ferd til Paris for aa læra meir. I 1860 maala ho eit bilæte som ho kalla "Grubleren", og dette fekk Henrik Ibsen tak i. Men ho vann ikkje fram paa denne vegen; ho magta ikkje aa tolka sine syner og kjenslor godt nok med maalarkosten. Daa vilde ho freista seg i bokheimen, og so tok ho til aa skriva dikt paa nynorsk. I maalformi fylgde ho Ivar Aasen heilt, og ho skreiv ei heil rad med sovorne dikt frametter til 1870. Sume av dei vart prenta i ymse blad som t. d. "Dølen" og "Ferdamannen", men mange let ho liggja uprenta alt til ho vart gamall. I 1862 gav ho so ut den vesle boki: "Skrift og umskrift i landsmaalet" som fyrr er nemnd. Men i den boki er det ikkje mange av hennar eigne arbeid, det er mest umskrifter: stykke or "Arne" av Bjørnson, eventyr etter Asbjørnsen og dikt etter Wergeland, Welhaven, A. Munch, Jørgen Moe og Bjørnson. Av bokskrivaren sjølv er der tri dikt: "Visa um harpa", "Til Sverike" og "Til Danmark". Sist i boki hev ho so ein liten kjøkemeistertale. Alt dette er innlegg for norskdomssaki, som so heilt aatte hugen hennar. Nokre aar etterpaa, i 1867, bar ho fram i "Ferdamannen" tanken um ei fullnorsk lesebok, og ho etla seg til aa gjeva ut ei sovori bok, um folk vilde ha ho. Men ho var nok for tidleg ute, og det vart ingenting av det. Sidan kom ho ikkje til aa skriva noko paa nynorsk, for det var andre ting som daa tok heile hennar hug. Men daa ho var meir enn 80 aar gamall, samla ho 25 av dei norske dikti sine og sende til "Syn og segn". Dei vart daa prenta i februarheftet av denne tidskrifti i 1908. Det er dikt av ymse slag og ymist verde. Mange av dei er stridsdikt eller varme innlegg for norskdomen; men ho slær au stundom paa dei finaste strengjer og fær fram mjukare tonar. I "Ei visa um tvau hjarto" er endaa ei liti soga um usæl elsk. Det er daa likt til at jamvel Aasta Hansteen, den fæle mannfolkhataren, kunde skriva um elskhug i ungdomsaari. Etter 1870 ofra ho seg heilt for kvinnesaki; det vart hennar livssak. Kvinna si frigjering baade aandeleg og politisk, det var det maal ho sette seg fyre aa arbeida for. Ho var ei eldsjæl, og med heile sin glødande eldhug kasta ho seg inn i striden. Det var eit fælt vaagespel den gongen, og Aasta Hansteen fekk til fullnads kjenna det. Ho fekk laatten utyver seg, og det reint hagla med spott og vanvyrdnad ned yver henne. Gunnar Heiberg hev skildra henne i spelstykket "Tante Ulrikke", og naar me les det, kann me faa ein liten tanke um kva ho maatte ganga igjenom. Det var vel ofte som ho segjer i dette vesle diktet: "Du sette meg midt i elden, aa Gud, og sagde: No stadna og tru at eg bergar deg. So stod eg midt i elden og logen brende meg svare: Aa Gud! - mun du berga meg? No stend eg midt i elden og kenner eldtunga sleikja, og trur: "Du bergar meg." Meir enn ein gong kjendest det visst som ho stod midt i elden. Men ho vyrde det ikkje. Ho saag kvinnesaki fraa ein gudeleg synsstad. Alt i mange av dikti hennar hadde det gjenge ein varm gudeleg understraum, og i den fyrste boki ho skreiv um kvinnesaki kjem dette gudelege grunn draget endaa klaarare fram. Ho kalla boki: "Kvin den skapt i Guds billede", og i dette namnet finn ein grunntanken i alt hennar arbeid. Naar kvinna liksom mannen var skapt i Guds bilæte, so skulde ho ogso vera jamgod med mannen i alle høve og hava same rett som mannen til aa liva i fridom og raada seg sjølv. Seinare gav ho ut ei onnor bok, "Kristi kirke i det nittende aarhundrede". I denne boki skreiv ho um kvinna og kyrkja og vender seg serleg mot dei ortodokse teologane som vilde "herske i religionens navn". Men det vart ikkje berre i skrift ho arbeidde for kvinnesaki; ho tok ogso samstundes til aa halda fyredrag, og ho var den fyrste kvinna som heldt fyredrag i Norig. Ho tala baade i Oslo og i Trondheim og sidan i Kjøbenhavn. Men allstad vart ho møtt med hædande laatt og forfylgjing. Raaskap fann ho nøgdi av kvar ho kom, baade millom "fine" og "simple" folk. Tilslutt vart daa motburden for strid for henne, og so for ho til Amerika i 1880. Ho segjer sjølv i eit brev til Henrik Ibsen, at ho hadde vilja freista aa velta steinen fraa den gravi der kvinna som menneskje og som aand laag gravlagd; men ho hadde forlyft seg, for steinen laag fast som eit fjell. Korleis ho hadde det i dei aatte aari ho var i Amerika, hev ho fortalt lite um. Men heime i Norig hadde mangt vorte onnorleis. Det var kome nye folk som stridde for kvinnesaki, og desse hadde jamvel fenge igang tidskrifti "Nylænde" [2] som skulde strida for denne saki. Daa Aasta Hansteen fekk sjaa dette, skyna ho at det hadde Ijosna noko for hjartesaki hennar heime i Norig, og so snudde ho heimatt i 1888. Sidan budde ho heime og stod i striden som fyrr. Ho fekk nok enno kjenna spotten og motburden stundom, men ho hadde større mod enn nokon gong fyrr. Verst var "vikagutane", som forfylgde henne so ho ofte laut verja seg med paraplyen. Men at ho no hadde vunne seg stor vyrdnad, synte seg paa 80-aarsdagen hennar i 1904. Daa var det stor fest, og mest alle blad nemnde henne. I 1907 vart ho sjuk, og 13de april 1908 døydde ho. Ho vart gravlagd paa "Vaar frelsars gravlund", og tvo aar etterpaa vart det reist ein minnestein paa gravi hennar med ei byste av henne som Gustav Vigeland hev hogge ut. Notar: [1] Ho var døypt Asta, men skreiv seg alltid Aasta. [2] "Nylænde" vart styrt av Gina Krogh. Dei som vil fylgja med i arbeidet for kvinnesaki lyt halda dette tidsskriftet. Dei fleste upplysningar til dette stykke hev eg derifraa. Bolette C. Pavels Larsen. Den andre kvinna som steig fram i den nynorske bokheimen, skreiv ikkje landsmaal, men eit norskt maalføre. Det var klingande fint sognemaal ho skreiv, og dette maalet sitt handsama ho med meisterskap. Det skal stor tame til aa skriva eit bygdemaal Lytelaust, endaa for ein som er fødd og alen i bygdi og liver millom heimefolket all sin dag. Det er so lett at blanda inn ord og vendingar ifraa det ein hev lese, og det skal eit fint maaløyra til aa skilja egte ifraa uegte, jamvel i sitt eige maalføre. Det er difor so mykje meir bisnelegt, at den fine bergensfrua Bolette Pavels Larsen kunde skriva sognemaalet so vænt og reint, at det er svært sjeldan ein raakar ei vending som ikkje kling heilt naturleg. Ho var fødd i Sogn og livde barndomen sin der, men kor inderlig maa ho ikkje ha livt seg inn i bondeliv og bondemaal, naar ho kunde halda so vel fast paa det, endaa ho livde all sin dag i byen etter ho var vaksi! Bolette Christine Pavels Larsen vart fødd 18de oktober 1847 paa garden Kjørnes i Sogndal i Sogn. Far hennar Jonas Lund var sakførar og var av den store kaupmannsætti Lund i Farsund. Farfaren vart gift med ei tysk kvinna som var hovdama hjaa hertuginna Louise av Augustenborg, syster til Fredrik den sette. Hertuginna vilde gjerne gjera noko for eldste son til hovdama si, og so kosta ho daa Jonas fram til sakførar. Paa morsida var fru Pavels Larsen av Munthe-ætti, som hev fostra so mange velgjetne menner. Langt uppe var ho soleis samætta med Ludvig Holberg, og av Munthe-ætti elles kann me nemna major Hartvig Kaas Munthe, bestefaren hennar, som var med og stridde mot svenskane ved Berby i 1808 og "stod i den heftigste Kugleregn urokkeligen og avlagde Prøver paa sandt Mod." Han merkte seg soleis ut i striden, at han fekk Danebrogkrossen. Forngranskaren Gerhard Munthe var morbror til fru L. og den fyrste norsklæraren hennar. Og maalaren Gerhard Munthe, som hev vunne seg eit so godt namn med kunsten sin, er systkinbarnet hennar. Mormori Bolette Christine Pavels som ho var uppkalla etter, høyrde til ei gamall preste-ætt fraa Ryfylke. Me ser soleis at Bolette Pavels Larsen baade paa fars- og morsida høyrde til dei finaste ættene i landet. Likevel hadde ho lært aa elska bonden og bondemaalet. Eller som ho sjølv segjer so raakande: "Ettedi eg inkje e fødde i byn, pla eg sjao pao bønde so' pao menneskje." Elsken til sognemaalet hadde ho i seg alt fraa barneaari, og den elsken varde livet ut. Ho ikkje berre skreiv sognemaalet; men ho tala det ogso som ein meister. Naar ho kom inn til Sogn, tala ho bondemaalet og gjekk imillom bøndene just som deira jamlike. I "Urd" 1906 hev mannen hennar gjeve oss ei fin liti skildring av korleis ho tedde seg i slike høve. Ho samla daa gjerne bondefolket um seg og las upp for deim av sognestubbane sine. Og sogningane skyna henne og rekna henne millom sine eigne; for ho var ikkje liksom andre byfolk. Ein etter ein kom dei fram og tok henne i handi: "Du faor ha takk dao!" Og betre fagning kunde ho aldri ynskja seg, sa ho sjølv. Det var sjølvgjeve at fru Larsen laut verta med i maalreisingsarbeidet. Naar ho høyrde "fine" folk kalla bondemaalet og bondeyrket "simpelt", daa vart ho harm. Dei bønder og husmenn som heldt fast paa maalet sitt og som dyrka jordi si med kjærleik og dug, dei var for henne beste adelen i Landet. I Vestmannalaget var ho mykje med og var ei berande kraft i arbeidet. Det var det eldste maallaget i landet, og det hadde gjort eit storgjævt arbeid i dei fyrste 10-12 aari. Men kring 1880 daa Henrik Krohn var død, og laget hadde maatta slutta med den gode maanadsskrifti "Fraa by og bygd", kom det inn i daudvatnet, so det sistpaa sovna reint av. Det var daa mykje fru Larsen aa takka at det vart blaase liv i laget att nokre aar etterpaa. Her i Vestmannalaget tok ho til med aa lesa upp sognestubbane sine. Og ho las meisterleg fint og godt. Ingen annan kunde lesa desse sogone so godt. Folk som høyrde henne, segjer at det var ei rein njoting aa Lyda paa naar ho las paa sognemaal. "Fru Bolette Larsen hadde det beste baade av bonde- og embættsmannsdaningi i sitt lag og i sin tale. Ho var vyrdeleg som bondekonorne fyrr i tidi, og ho var fri og urædd som embættsfolket. Der var naar ho las upp, noko bljugt og mjukt i røysti, som tok folk um hjartat kvar ho kom". (Johs. Lavik i "Gula Tidend"). Etter-kvart som ho vart kjend, laut ho daa ogso lenger og lenger ut og lesa upp. Ho las upp paa ungdomsstemnor paa Vestlandet, og i 1899 henta dei henne til Oslo; ho skulde lesa upp sogone sine paa den store maalmarknaden. Dei fekk henne daa ogso til aa lesa upp i Studentsamfundet, og baae stader tok ho folk "med storm". Det var i 1888 at Bolette Pavels Larsen sende ut dei fyrste sogor paa sognemaal. Det var umsetjingar etter den svenske forfattaren Henrik Wranér. Dei tri fyrste kom i tridje samlingi med "Smaastubbar", som Mons Litlere i Bergen gav ut. Og med desse stubbane sette ho folk i undring reint. Dei var so meisterleg godt umsveipa paa sognemaal, at ingen kunde tenkt anna alt hadde gjenge fyre seg inne i Sogn, plent soleis som ho fortalde det. Reint framifraa var no den 1øglege stubben "Naor dar ska skrivast te storebror". Han hev no ogso gjenge landet rundt og vorte storfagna alle stader. Men dei tvo andre: "Han far ska gao pao aksjon" og "Ein dag pao mattnan i Kivik" er ikkje burte dei hell. I fjorde samlingi av "Smaastubbar", som kom same aaret, hev ho ogso ei Wranér-soga: "Fatigmanns julaftao". Det er ikkje noko moro-stykke dette; men ei gripande saar skildring av livet millom fatigfolk. Det er eit maalarstykke i ord, einfelt og gruvfullt so det skjer deg i hjarta. Same aaret gav ho ogso ut boki: "Staaveprat ette Henrik Wranér. Fritt omarbeidd pao sognamaol ao Bolette C. Pavels Larsen". Det var tri sogor som var noko lenger enn dei fyrre. Den største av dei: "Da va nett høvele aa te pass", er ei kjærleiks-soga som ein ikkje gløymer so lett naar ein fyrst hev lese ho. Dei tvo andre: "Ein gammaldags mann" og "Naor mannen e' ein gnekar", er lentuge folkelivsbilæte, men med aalvor innunder. Alt dette er umskrifter, og ho syner her at ho hev ein sergivnad til aa klæda um desse framande forteljingane, so dei vert so heimslege og norske at du aldri gaar dei er framande ein gong. Men det varde heller ikkje so lenge fyrr Bolette Pavels Larsens kom med sogor som ho sjølv hadde skrive. I "Smaastubbar", femte samling (1889) hev ho ei soga som heiter "Velsignelse" - um ho Kvamsdals-Brita som fekk slik ei velsigning med ungar og laut føda baade dei og den dovne mannen sin. Den beste av alle sogone hennar er no vel "Sognablo"' som kom i "Smaastubbar", sjuande samling (1891). Det er ei skildring so 1øgleg at du lyt læ, og so raakande at du ser fyre deg denne skyssguten livs livande. Her syner ho at ho hev eit framifraa lag til aa fortelja. Sidan skreiv ho mange smaasogor i "Syn og Segn" og i ymse joleblad. Nokre av dei samla ho og gav ut i boki "Smaoe skjeldringa" som kom ut hjaa Aschehoug i 1897, og som visst er i bokhandelen enno. Det er i alt aatte sogor i denne boki. Umframt dei tvo som fyrr er umtala, lyt ein sers nemna "Da ska bli krig no", ei forteljing um bonden som i krigsrædsla dreg inn til byen og fær alle pengane sine i gull, som han tek med seg heim og flytter fraa eine gøymsla til hi. Det er ei soga som er baade raakande og sann, det hev me set altfor mange døme paa no desse siste aari. Av dei andre sogone er "Ein bondemann" og "Ei pretta" gode, kvar paa si vis. I boki "Ung Norig" (Voss 1898) hev ho ei soga "Tvo systre"; men enno er det nok likso mange av sogone til Bolette Pavels Larsen som ikkje er komne i bok. Dei er spreidde i ymse tidskrifter og jolehefte; men dei burde vore samla og utgjevne, for det er sjeldan ein raakar paa noko som høver so godt til upplesing i lag og lyd. Fru Larsen skreiv ogso mykje i bladi. Soleis var ho i mange aar fast bokmeldar i "Bergens Tidende", og ho skreiv slik at folk fekk tiltru til henne. Her fekk ho ogso høve til aa leggja mangt eit godt ord inn for dei nynorske bøkerne, som anten slett ikkje vart melde i dei andre dansknorske bladi, eller ogso vart reint avheidra - berre for maalet si skuld. I det heile lyt me segja ho gjorde eit sers godt arbeid for atterreisingi av det norske maalet baade paa den eine og den andre visi. Kor norsklynd ho var i heile sin hug, er ogso dette brevet, som ho sende til Edv. Grieg paa 60aarsdagen hans, eit godt vitnemaal um. Difor skal me taka det med her "Helsing til Edvard Grieg frao Sognafjoren og Sognafjedli: - frao Bræ og Tind og Stødlavodl, frao Foss og Huldr og Bergatrodl, frao Bjørkeskog og Ur med Bukkahodn og Lur - med Takk, at du deim inkje gløymde, men soleis i ditt Minne gjøymde, at ogso deira Laat i dine Strængjar strøymde. Bolette C. Pavels Larsen." Ei stund etter sende Grieg henne eit vænt takkeskriv, og der segjer han m. a. "Ja det er som Welhaven sa om Ivar Aasen: "Det er ingen Sag at digte paa sligt et Sprog! Hvor det klinger herlig!" Fru Bolette Pavels Larsen var gift med O. J. Larsen som er fullmegt i Norigs bank i Bergen, og dei tvo hadde sams hugmaal. Ho døydde 8. december 1904, 57 aar gamall. Like til det siste var ho arbeidsfør. Ja endaa same dagen ho døydde skreiv ho ei bokmelding til "Bergens Tidende". Ho vart gravlagd med stor høgtid, og ei mengd med folk fylgde henne til gravi. Vestmannalaget sende henne denne væne siste helsingi: "Ditt rike varme hjarta vaart Norig heilt du gav, di dogga taaror kransen me leggja paa di grav." Hulda Garborg. Den mest vidgjetne og den folkekjæraste av alle dei kvinnor som hev skrive bøker paa norskt maal er vel utan tvil fru Hulda Garborg. Med bøkerne sine hev ho vunne seg eit godt rom i den nynorske bokheimen, og med heile sitt arbeid hev ho vunne seg hjarterom hjaa all norsklynd ungdom i landet. For det er no fyrst og fremst millom ungdomen at fru Garborg hev gjort sitt største og beste arbeid. Og rundt i landet er det tusundtal av ungdom som takkar henne for storgjævt verk. Det er difor heller ikkje aa undrast paa, at daa eit ungdomsblad for nokre aar sidan bad tingarane sine segja kva for ei norsk kvinna dei helst vilde ha livssoga til i bladet, so vart svaret mest samrøystes: Hulda Garborg. Og bladet var ikkje eit maalblad. Dette syner greidt nok kor stor vyrdnad og kjærleik ho hev vunne seg millom Norigs ungdom. Sjølv er ho daa ogso enno like ung og frisk i hug og haatt, endaa leikar ho i lag med ungdomen som den sprækaste ungmøy. Og likevel hev ho no i snart ein mannsalder stade fremst i striden for eit fullnorskt Norig i alle leider. Ho hev havt mange og store hugmaal. Var det noko norskt som skulde kjempast fram, - norskt maal, norsk mat og norsk klædebunad, norske leikar og dansar, norskt teater - alltid var fru Garborg i brodden.- Og enno arbeider ho like trutt for desse hugmaali sine. "No lyt du snart læra aa svara nei," segjer Garborg til henne. Men fru Garborg kann ikkje svara nei, naar ungdomen bed. Er det eit ungdomslag langt uppe i Hallingdal som skal ha seg eit skeid i folkeviseleik, so er det ikkje lang stundi aa bida fyrr ho tek avstad. Det er reint uraad i ei slik stutt skildring som dette, aa gjeva eit nokolunde heilt bilæte av eit so rikt og mangslunge arbeidsliv som fru Garborg sitt. Me fær berre nemna noko av det vigtugaste og taka fram nokre stutte drag or livssoga til denne merkelege kvinna. Hulda Garborg er fødd paa garden Saastad i Stange 22de februar 1862. Faren, overretssakførar Christian Fredrik Bergersen paa Hamar, aatte den gongen Saastad. Ætti hans var fraa Solør. Han skulde vera ein sers dugande sakførar og hadde gode talegaavor. Folk fortel at det var reint moro aa høyra han paa tinget. Morsætti er komi fraa Bøhmen. Ho kom til Norig daa Hadelands glasverk vart grunnlagt og der vart innkalla bøhmiske folk som kunde glasmeisterkunsti. Mormor til fru Garborg aatte endaa nokre serskilt fine glas fraa Hadelands glasverk. Ho hadde fenge dei av si mor daa ho skulde gifta seg. Hulda gjekk fyrst paa "Kristian Gløersens pikeskole" paa Hamar. Denne mannen som hev vorte so vel kjend for dei gode bøkerne sine fraa skog og mark, var ein framifraa lærar i naturfag. Fru Garborg segjer at han lærde henne aa sjaa naturi, og botaniktimarne som dei hadde ute i dei herlege skogarne og ved strandi utyver ved domkyrkjeruinarne, minnest ho enno med hugnad. Spraaklæraren hennar var den kjende løytnant Broch. Ho kom til Kristiania med mor si daa ho var umlag 13 aar gamall, og vart konfirmera i Vestre Akers kyrkja av Gustav Jensen. Daa ho var reint ung vilde ho verta skodespelar, og las ei tid med skodespelaren Isaksen som i den tidi var ein kjend lærar for folk som vilde den vegen. Men arbeidet tok snart all hennar tid. Faren som ein gong var ein velhalden mann, miste alt han aatte daa ho var reint liti, difor maatte ho tidleg sjaa seg um etter noko ho kunde tena pengar med. Ho kom daa i forretningi til den trauste heidmarkingen Mikkel Dobloug, som var ein ven av folket hennar. Dobloug var radikal vinstremann og den fyrste som selde reine flagg i hovudstaden, difor vart han i den tidi mykje kalla "Flagg-Dobloug". Flaggstriden var heit i dei dagarne. Fru Garborg vart minst likso radikal som Dobloug. Ho var mykje med i politiske møte i Arbeidersamfundet. Der fekk ho au høyra Bjørnson sine fyredrag um "Folkesuveræniteten" og "Kongedømme og republik". Fraa den tid var ho gloraud republikanar. Ho las ogso svært mykje i denne tidi. Fyrst var det no Bjørnson og Wergeland, men snart vart det mest dei russiske forfattarane, som den gongen hadde so mykje aa segja for ungdomen i alle land. Turgenjevs "Det unge Rusland", var lenge hennar kjæraste bok. (Sjaa det ho sjølv hev fortalt um dette i "For Bygd og By" nr. 6 for 1915). So vart ho maalmann og gjekk paa maalskule hjaa Ivar Mortensson. Um korleis det gjekk til hev ho sjølv fortalt i "Den 17de Mai" nr. 2 for iaar."Andreas Hølaas, den radikale statsrevisoren og maalmannen - seinare fut i Sætesdalen - hadde sagt meg, at eg som var vinstremann og nihilist og alt som godt var, eg maatte verta maalmann og. Og ein kveld me møttest i Arbeidersamfundet, der alt politisk liv i den tidi var samla, gav han meg den norske umsetjingi si av Peter Schlemihl og rettleidde meg i maalspursmaale. Endelykti vart at eg vilde læra landsmaal paa timen og melde meg paa skeidet i "Fedraheimen", som den gongen heldt til i ein gamall gard i Møllergata". Ho melde seg ogso inn i Det norske samlaget og fekk dei bøkerne som kom der. Daa las ho Vinje, Aasen og Garborg med eldhug. Ja ei stund var denne eldhugen so sterk at ho las ikkje anna landsmaalsbøker paa lenge, fortel ho sjølv. I 1887 vart ho gift med Arne Garborg, og straks etter flutte dei upp til Kolbotn uppmed fjellsjøen Savalen langt uppe i øysterdalsskogarne. Her i den vesle "Kolbotnstova" livde dei og hadde heimen sin alt til 1896. Sidan hev dei mest heile tidi butt paa Labraaten, eit lite stykke fraa Hvalstad station i Asker utanfor Kristiania. Um einebuarlivet uppe paa Kolbotnen er det fortalt mykje baade løglegt og forvitnelegt i Garborgs "Kolbotnbrev" og i hennar eigi bok "Fra Kolbotnen og andetsteds" (1903). Mang ein stor og god tanke vart det i desse aari sendt ut yver landet ifraa den vesle heimen der upp-under Dovrefjelli. Her skreiv Garborg nokre av sine beste verk, og her skreiv ogso fru Garborg dei fyrste bøkerne sine. Elles var livet der uppe eit friskt naturliv som høvde godt med fru Garborg sin hug. Ho hev heile tidi stridt for ein naturleg livemaate - i matstell, klædebunad og i alt anna. "Daa eg vart kjerring paa Kolbotnen laut eg læra aa laga mat," segjer ho. "Garborg lærde meg aa koka "grønagraud" - jolegrauten paa Jæren, og kaffi hadde eg lært aa koka av Ivar paa maalskulen. Per Mortenson (bergmeisteren, bror til Ivar) lærde meg aa vaska upp vitskapleg; men den gongen fekk eg mistru til vitskapen." Seinare skreiv ho jamvel ei kokebok, og det var den fyrste av det slaget paa norskt maal, so ho maa fulla ha lært godt der uppe paa Kolbotnen likevel! Men um korleis kokeboki vart til, hev ho fortalt meg noko som eg tykkjer er so godt at eg lyt herme det ordrett: "Den 17de Mai" (som eg hev gjeve namn) skulde ha matuppskrifter. Steinsvik vilde skrive deim sjølv, sa han; for han hadde skrive um baaneuppfostring og ei lækjebok og vart ikkje sett fast for det. So gjekk vel dette og! Men daa sa Garborg som daa var medredaktør, at naar gale skulde vera so var det betre kjerringi gjorde det. (Den 17de hadde berre ei kjerring den gongen, for Steinsvik var ungkar og spelemann). Og so vart det daa eg; men eg er slett ikkje so flink husmor som folk trur eg maa vera naar eg hev skrive ei kokebok." Desse uppskrifterne i "Den 17de Mai" vart so utgjevne i boki "Heimestell for smaa hushald helst paa lande" (1899). Norsk mat, god, naturleg og helsesam mat er det ein fær læra aa laga etter denne boki. Og det same er det ho strider fyre i folkeskrifti "Matstell paa landsbygdi" (1907). Dei væne norske bygdebunaderne som i mange bygder hadde vore brukt i hundravis av aar, heldt no paa og vart burtlagde. Ja mange stader var dei heilt gløymde, og norsk bondeungdom, gutar og gjentor, klædde seg etter siste "Parisarmode". Men fru Garborg tok upp arbeidet for aa faa fram att dei gamle bunader og faa ungdomen til aa bruka dei att. I 1903 sende ho ut folkeskrifti "Norsk klædebunad" til rettleiding for folk, og ho reiste rundt i ungdomslagi og paa dei store ungdoms stemnorne og tala um dette emne. Sjølv gjekk ho daa au klædd i ein væn hallingbunad. Og norsklynd ungdom fekk augo upp, so dei saag at dei her aatte eit nationalt ervegull som dei laut verna um. Fleire og fleire kosta seg norske klæde. Og naar det no sume stader er kome so langt, at flestalle gjentor og mange gutar og hev norske bunader til helg og høgtid, so er det mykje fru Garborgs ihuga arbeid aa takka. l same leid gjeng ogso det ho skriv i "Heimen" i "For Bygd og By". Det er ogso fru Garborg som lyt ha meste æra for at me no hev funne fram att og teke upp att den gamle nasjonale leiken - folkevisedansen, som i dei seinste aari hev vorte so vel umtykt i ungdomslagi landet rundt. Han hev no mange stader reint avløyst den fordervelege runddansen som øydelagde so mangt eit ungdomslag. Dertil kjem at desse leikarne gjorde dei gamle norske folkevisorne livande att millom norsk ungdom, og soleis drog fram i dagen att dei aandsskattar det norske folket hadde lagt ned i desse visorne, som no hadde vorte reint gløymde. Dette er noko av det beste med folkeviseleiken. Fru Garborg fekk vita at dei endaa dreiv med slik folkeviseleik paa Færøyarne, og at dei der enno dansa han paa same vis som for hundrad av aar sidan. Dette laut ho sjaa. Og i 1902 drog ho paa Færøyferd [3]. Daa ho kom att derifraa skreiv ho ei bok "Songdansen i Nordlandi" (1903), og der gjer ho daa greide for desse leikarne alt fraa ein fyrst raakar paa dei hjaa dei gamle hellenarane og til ein finn dei att i Nordlandi i vaar tid. Fru Garborg lærde sjølv upp dansarflokkar i bondeungdomslagi i Oslo og Bergen, og sidan for ho vide um i landet og heldt fyredrag um songdansen i ungdomslagi og lærde upp nye ungdomsflokkar. Og kvar ho kom vart ho storfagna av ungdomen. Ho hadde au eit eige lag til aa faa liv og fart i leiken; men for eit uppslitande arbeid det var fyrr ho fekk alle desse flokkarne upplærde, ja det er vel faae som skynar. Det segjer seg sjølv at dei "fine", dei som kalla seg kulturfolket i landet, laut hæda og flira til dette arbeidet fraa fyrst av; men fru Garborg vyrde ikkje slikt. Ho reiste jamvel med dansarflokken sin like til Stockholm og synte fram den norske songdansen paa Skansen - og gjorde stor lukke. Daa tagna laatten og hædingi litt etter kvart heime i Norig au. Men naar ein skulde driva med folkeviseleik so laut visorne lærast, og dei var ikkje lette aa faa i. Dei norske folkevisebøkerne var utselde for lang tid sidan, og mange visor var aldri prenta ein gong. Fru Garborg gav daa ut folkeskrifti "Norske folkevisor 1" med ei utgreiding um visedansen (1903), og denne boki vart paa nokre aar seld i 10-tusundvis. I 1913 sende ho ut ei større utgaava "Norske dansevisur". Desse bøkerne hev gjort mykje til at ungdomen hev lært aa syngja dei norske folkevisorne og vorte glade i dei. Det største og gjævaste av alt hennar yrke er no vel likevel arbeidet for eit heilnorskt teater. I nære samband med det stend daa ogso mykje av diktingi hennar. Gjenom det arbeidet hev ho skrive namnet sitt inn i den norske teatersoga, og gjort det ugløymande for alle som verkeleg vil eit fullnorskt Norig. Alt daa ho var ung gjente hadde ho havt stor hug til teatret, som fyrr er nemnt. Ho var daa au stundom med aa spela og skreiv sjølv smaa spelstykke; men det var daa likevel fyrst nokre aar etter ho var gift at ho for aalvor tok til aa skriva skodespel. I 1895 sende ho ut syrgjespelet "Mødre" og aaret etterpaa lystspelet "Rationelt fjøsstell" . Desse tvo var fyrst skrivne paa øysterdalsk maalføre; men vart yverførde til landsmaal daa dei skulde framsynast paa Kristiania teater, for umlag alle skodespelarane der var vestlendingar, og hadde vandt for aa greida øysterdalsmaalet. Framsyningi av desse skodespeli var i røyndi ei sermerkeleg hending i den norske teatersoga; for naar ein tek undan at "Ervingen" hadde vore spela nokre gonger i 50 60-talet, so var dette dei fyrste freistnader paa aa syna fram verkeleg norskt bondeliv paa tilet i hovudstaden. "Rationelt fjøsstell" gjorde uvanleg stor lukke, og hev sidan vorte spela i by og bygd landet rundt, hundradtal gonger. Det er faae norske skodespel som hev vorte so ofte framsynt som "Rationelt fjøsstell". Men fru Garborg gav seg ikkje med dette. I 1900 sende ho ut det tungsame lagnadsspelet "Sovande sorg". Dette er vel noko av det mest gripande ho hev skrive. Det fekk daa ogso eine holva av den premien som den tid var uppsett for det beste skodespel paa nynorsk. Premien vart delt millom dette og "Folk" av Sigurd Nesse. Tri-fire aar etter fekk ho jamvel det vesle eventyrspelet "Liti Kersti" (1903) godteke til framsyning paa "Nationalteatret". Men diverre hev det aldri vorte spela. Stykket var nok altfor nationalt, maavita. Dei hadde spela "Fossegrimen" av Eldegard; men dermed vart det au slutt. Etter den tid hev stykke paa norskt rnaal vore heilt utestengde fraa "Nationalteatret"! I 1908 sende ho ut sogespelet "Sigmund Bresteson". Men no var alle teatri stengde for skodespel paa norsk, og daa bata det lite aa skriva; for det er no ein gong so at skodespel vert lite lesne. Daa var det at fru Garborg for aalvor tok upp tanken um eit heilnorskt teater. Arne Garborg hadde alt i 1898 skrive um at me snart laut faa vaart eige speltile; men det var vel ikkje mange som trudde at det vilde nytta aa freista paa noko sovore paa lange tider endaa. Men fru Garborg trudde, og ho la i veg. I 1910 samla ho um seg nokre gaaverike og ihuga ungdomar og fekk skipa "Det norske spellaget". Det var urøynde folk heile flokken som ingi upplæring hadde fenge og ingen tame hadde i spelkunsti. Men ho lærde dei upp, arbeidde utrøyttande til dei var komne so langt at dei kunde vaaga seg fram med stykki sine i Oslo. Det gjekk betre enn von kunde vera. Snart etter tok ho ut paa ferd med flokken sin, og spela i byar og bygder landet rundt alt nord i Trondheimen. Kvar dei kom vart dei mottekne med fagnad av den norsklynde ungdomen. Det synte seg at det var sterk trong til eit teater som synte fram gode stykke paa norskt maal. Fraa fleire og fleire stader kom det bøn um at dei maatte koma dit og spela, og aaret etter tok dei ut paa ei ny ferd. No hadde dei eit lite grunnlag aa byggja paa; for dei hadde vunne røynsla og tiltru hjaa maalfolket utyver landet. Men det økonomiske grunnlaget vanta dei. Daa sende fru Garborg (det var framleides ho som var sjæli i det heile) og andre gode menn og kvinnor ut innbjoding til aa teikna luter i eit norskt teater. Og maalfolket samla seg um dette tiltaket, so at i 1913 vart "Det norske teatret" skipa med Rasmus Rasmussen til styrar. Fru Garborg vart formann i styret for det nye teatret og var det til ifjor. Det norske teatret vart møtt med eit hat og ei forfylgjing fraa heimedanskarne, som var makelaus. Men det hev no vunne seg fram til vyrdnad hjaa alle, og me fær vona det no fær statstilskot som dei andre teatri. Men naar det no er kome so langt so skal fru Garborg ha meste æra; for utan henne hadde me vel ikkje havt noko norskt teater endaa. Det siste skodespelet hennår er det friske og morosame eventyrspelet "Tyrihans" som vart framsynt paa Det norske teatret i joli 1914 og vart vel fagna. Umframt dei bøkerne som alt er nemnde hev ho ogso skrive den store forteljingi "Mann av Guds naade" (1908) paa norsk. Det er ei frisk og morosam forteljing fraa livet i ein avdal; men det er ingi djup bok. Eg kann diverre ikkje her umtala heile fru Garborg si dikting. Paa dansk hev ho skrive ei heil rad med bøker, forteljingar, skodespel og utgreidingar. Det høyrer daa heller ikkie med til den uppgaava eg her hev sett meg aa tala um deim. Ho stend liksom med den eine foten i den nynorske og den andre i den dansk-norske bokheimen. Her hev me berre tala um dei norske bøkerne. Men av dei danske bøkerne hennar lyt eg daa nemna ei, og det er boki um Rousseau. Det er ei merkeleg god og lærerik bok. Fru Garborg segjer sjølv at det er ingen bokmann som hev havt so mykje aa segja for henne. Det er Rousseau sine tankar um aa venda attende til ei naturleg livevis i alle maatar fru Garborg hev vorte uppglødd for, og ho meiner at dette trengst vel so mykje no som nokon gong fyrr. Difor vil ho i denne boki freista aa faa folk til aa sjaa at hans tankar høver serskilt godt no for tidi. Ho hev ogso gjeve ut ei liti folkeskrift paa norsk um Rousseau (1910). Umframt alle dei bøkerne fru Garborg hev sendt ut, hev ho ogso skrive mykje i blad og tidsskrift. Ogso paa den vis hev ho stridd for hjartesakerne sine, og elles hev ho havt mangt eit godt innlegg i dagsens spursmaal. Ein kann mest ikkje skyna korleis ho hev vunne skriva alt dette og so attaat vore husmor. Ho maa ha ei arbeidskraft som er makelaus. Me fær berre ynskja at ho enno i mange aar frametter fær ha helsa og den same uslitande arbeidskraft, so kann me vonleg enno venta mange gilde norske bøker fraa hennar hand, og mykje anna gjævt arbeid. Ho hev nok enno mangt paa hjarta; for ho segjer at "no ynskjer eg berre at eg kunde faa ro til aa skriva, og no naar aldren er komen og "kjepphestane" ruslar av seg sjølv maa det vel endeleg verta". Som ein skynar tykkjer ho ikkje at ho hev gjort nok, og likevel hev ho gjort so mykje at naar eg no skal slutta dette stykket um henne, so lyt eg segja som ordtøket at "det er eitt nemnt og tie unemnt". Skulde ein gjeva ei heil skildring av fru Garborgs liv og arbeid, laut ein nok ha mykje større rom enn eg kann raada yver her. Likevel trur eg at dette kann gjeva folk ein tanke um kva verd hennar arbeid hev havt for norskdomsreisingi i landet, og det var serleg det eg her skulde syna. Notar: [3] Ho hev ogso sidan vore utanlands. Ein sumar var ho paa Island, og ho hev fleire gonger vore med Garborg til Tyskland, Frankrike og Millomhavslandi. Seinste gongen var hausten 1905. 11913 var ho i Amerika og helt daa mange fyredrag millom nordmennerne der burte. Marta Steinsvik. Ei sers vigtug grein av den norske maalreisingi er det aa faa umsett paa norsk dei beste bøkerne i den utanlandske bokheimen. Skal eit folk halda seg paa høgd med si tid, so kann det ikkje stengja seg ute fraa dei straumdrag som ovrar seg ute i den store verdi. Det eine folket maa læra av det andre; tankar og meiningar maa utskiftast og umformast slik at dei høver med folkelyndet i kvar einskild nation. Men no er det helst gjenom bokheimen at ein slik paaverknad kann ganga fyre seg, og difor hev det sers mykje aa segja for eit folk aa faa umskrivne dei store diktarverki ifraa storbokheimen. Me ser daa og at baade Ivar Aasen og Vinje og fleire av dei som tok til med aa reisa ein nynorsk bokheim, hev havt dette klaart fyre seg. Dei tok baae til med aa umskriva ymist av dei beste skaldane ute i verdi (Schiller, Byron). Sidan hev me fenge sumt av Shakespeare, Goethe o. fl., so me er daa komne eit stykke paa veg. Men det er ikkje berre diktverki ein maa faa umskrivne. Dei vert no likevel berre for dei mest upplyste, endaa um ein hev dei paa folket sitt eige maal. Det hev difor ogso stort verd aa faa umskrivne dei beste forteljingar og romanar ifraa den framande bokheimen. Ogso mange av dei kann bera fram nye tankar og dryfta store spursmaal; men dei gjer det i ei lettare form, slik at alle kann fylgja med og alle vil lesa deim. Av dei beste utanlandske forteljarane hev me no alt fenge ein god slump bøker paa norsk maal. Og den som hev skrive um dei fleste av desse bøkerne, det er fru Marta Steinsvik. Difor lyt ho ha eit stort rom millom norskskrivande kvinnor, endaa ho ikkje enno hev gjeve ut meir enn ei bok som ho sjølv hev sett ihop. Marta Steinsvik er fødd 23de mars 1877 paa garden Skjeggestad i Bakkesokn ved Flekkefjord. Faren Torkell Tonstad var fødd i Siredalen, men var den tid lærar i Flekkefjord. Han aatte ogso garden Skjeggestad, og her var Marta til ho var tri aar gamall. Mori Ingeborg var ogso fraa Tonstad, og baae var av svært gamle bondeætter. Daa Marta var fem aar gamall fekk faren lærarpost i Mandal og flutte dit. Her voks ho daa upp og gjekk paa skule til ho femtan aar gamall tok millomskule-eksamen. So kom ho til Oslo i 1892 og gjekk paa Ragna Nielsens skule, der ho tok artium tvo aar etterpaa. Paa den tidi vart ho ogso maalmann, og tok straks etter til aa skriva i "Den 17de mai", som hadde teke til aa koma ut same aaret (1894). I 1895 vart ho sekretær i "Kringsjaa", som i denne tidi daa Tambs Lyche styrde det, var eit av dei alra beste tidskrift som kom ut her i landet. Samstundes studerte ho medicin og tok andreeksamen i 1895. Ho hadde ogso sterke politiske hugmaal og fylgde livande med i desse aari daa den politiske striden var so uvanleg kvass. Det segjer seg sjølv at ho var aa finna i den mest radikale flokken. Dei politiske hugmaali hadde ho elles med seg heimanfraa; for faren var svært radikal vinstremann. Daa han kom til Mandal var det høgre som raadde grunnen; men Tonstad vart snart føraren for vinstre i byen, og daa dei hadde fenge magti vart han ordførar der. Dei fremste vinstremennerne i byen vanka daa mykje i heimen hans, so den unge gjenta hadde godt høve til aa høyra paa det politiske ordskiftet. Daa ho var umlag 17 aar gamall vart ho teosof, og det hev ho vore heile tidi sidan. Ikkje soleis at ho er samd i alle dei teosofiske teoriarne; ho gjeng ofte sine eigne vegar. Teosofien er ikkje nokon serskild religion; men han gjeng ut paa aa finna kjernen i alle religionar. Difor kann folk fraa alle religionssamfund vera teosofar, og det gjeld daa serleg aa granska nøgje sin eigen religion, men samstundes sjaa aa finna det gode i dei andre. Teosofarne held difor teosofien for aa vera ei utdjuping av kristendomen. Fru Steinsvik las overlag mykje i ungdomsaari. Bjørnson og Ibsen, Goethe og Shakespeare las ho i student-aari, og desse diktarane hadde mykje aa segja for hennar aandelege utvikling. - Naar ho tok til aa studera medicin, so var det ikkje avdi ho hadde so sers stor hug til aa verta lækjar, men avdi det var mest som ein mode i den tidi at alle kvendelege studentar skulde gaa lækjarvegen. Den 16de mai 1896 vart ho gift med Rasmus Steinsvik, som ho hadde vorte kjend med alt i student-aari. Steinsvik hadde nokre aar fyrr fare land og strand og samla 5-kruningar til det nye maalbladet sitt, og fraa 1894 gav han so ut "Den 17de mai". Det var nok ikkje so feite dagar; men likevel hadde han no so god tru paa framtidi at han vaaga aa gifta seg. Og frua vart til stor hjelp i bladstyret og. Det var i røyndi tanken at ho skulde ha halde fram med aa studera etter ho var gift òg; men det vart det ikkje noko av. Ho fekk snart nok aa gjera i bladet, og so tok borni til aa koma. Det var tronge tider for "Den 17de mai" den gongen; for det heldt daa paa og skulde arbeida seg upp for verste brauti, og korleis Steinsvik og frua sleit og stræva i desse aari er det vel faae som hev greida paa. "Det var ofte slik at naar me hadde sendt ut eit nummer, so visste me ikkje um det næste kunde koma ut, og i den eine vika visste me slett ikkje um me hadde noko aa liva av næste vika" segjer fru Steinsvik. Hennar arbeid i bladet var mest aa umsetja utanlandske forteljingar som gjekk til utklipp eller "kjellar", og frametter aari hev ho umskrive ei mengd med bøker av dei mest kjende utanlandske bokmenner. Eg skal sidan nemna noko meir um dette arbeidet. Dessutan skreiv ho mange bokmeldingar og interview, og naar Steinsvik ein hende gong tok seg ei fritid og drog paa ferd, so styrde ho heile bladet. Og attaat dette skulde ho styra huset og stella borni, som det gjerne kom eit av til kvart aar mest. I 1902 tok ho til aa studera att, og det var daa gamle spraak ho la seg etter. Fyrst og fremst gamall-egyptisk, men ogso hebraisk, aramæisk og sanskrit. Dette var daa serleg fordi ho vilde granska dei gamle religionarne. Og i desse ting hev ho drive det sers langt. Sidan hev ho fleire gonger vore utanlands og studera meir i desse greiner. Fyrst var ho til Berlin og München i 1909 og 1910, og i 1912 studerte ho ei tid ved Londons universitet. Her fekk ho daa tilbod um aa verta med paa ei ferd til Egyptaland og granska meir; men so vart eit av borni sjukt, og so maatte ho reisa heim. I 1913 var ho ei tid i Kjøpenhamn og høyrde fyrelesningar av den vidgjetne professoren Waldemar Schmidt, og han gjev fru Steinsvik dei lovordi at "hun besidder en dybtgaaende Kundskab i den gammel-egyptiske Litteratur og Sprog." Her studerte ho ogso assyrisk maal og den gamle assyriske kileskrifti. No i sumar hev ho daa fenge rom i den egyptiske deildi paa det etnografiske museum i Oslo. Her skal ho serleg tyda gamle egyptiske innskrifter. Ho hev ogso reist rundt og halde fyredrag, og ho var den fyrste kvinna i Norig som tala forsvarssaki. I 1908 var det ein kvinne-kongress paa Litlehamar, og der heldt ho sitt fyrste fyredrag. Emnet var "Kvinna og forsvaret". Ho fær i "Urd" dei lovordi at fyredraget vart "fremsagt med en tændende begeistring og sjelden veltalenhed." Der var utsendingar fraa heile landet, og dei bad henne koma rundt og halda same fyredraget. Det gjorde ho, og var heilt til Hammarfest i 1909. Sidan hev ho ogso reist rundt og tala i folkeakademi og ungdomslag. I 1910 kaupte ho tidskriftet "Kringsjaa", som gjekk og drogst med dauden. Ho styrde det paa den maaten, at det skulde vera halvparten paa nynorsk og halvparten paa dansknorsk. Men daa eit halvt aar var gjenge, laut det slutta; for driftsmedelen var for liten, og tingartalet var ikkje stort nok til aa bera heile kostnaden med ein gong, endaa det gjekk fram fraa 1200 til 1800 paa dette halvaaret. Riksmaalsfolket kunde ikkje tola at det vart noko nynorsk i tidskriftet, og norskmaalsfolket gjorde heller ikkje nok til aa stydja det. Men den vidgjetne engelske bladmannen mr. William Stead skreiv eit langt gildt stykke um "Kringsjaa" i det engelske tidskriftet "Review of Reviews". Her kjem han med sers sterke lovord um det norske landsmaalet, kor vænt og klangfullt det er. Det er uraad her aa tala noko sers um alle umskrifterne fru Steinsvik hev gjort. Eg fær nøgja meg med aa nemna dei som er utkomne i bok. Den fyrste boki ho sende ut var "Eventyr" av Wilhelm Hauff (1896). Desse eventyri høvde framifraa til barnelesnad, og so lite me hev paa norsk av det slaget kjem det vel med aa faa noko av det beste i den framande bokheimen. Det var berre tridjeparten av Hauffs eventyr i denne boki; og ho er no longe sidan utseld; men no hev fru Steinsvik umskrive dei alle, og me fær vona at dei snart maa verta utgjevne. Same aaret kom "Zarens kurer. Reiseeventyr fraa Moskva til Irkutsk" av Jules Verne, og "BenHur. Ei forteljing um Kristus" av Lewis Wallace. Den fyrste hadde Rasmus Steinsvik vore med og sett um. Det same er elles aa segja um sume av dei som kjem sidan au. Aaret etter kom "Naasiglaren eller den fljugande hollendaren" av Kapt. Marryat, og i 1898 "Japhet paa leiting etter far sin" av same bokskrivar og "Kaptein Nellik" av Ponson du Terail. Likeins "Draumar' av Olive Schreiner. I 1899 kom "Eirik Bjartauga. Ei forteljing fraa det gamle Island" av H. Riider Haggard og "Folkeliv i Paris" (Paris mysterier) av Eugene Sue. Aaret etter "Kong Tvimenning I" (Fangen paa Zenda) av Anthony Hope, og "Kong Tvimenning II. Um Rupert av Hentzau" av same bokskrivaren. I 1902 kom dei forteljingarne fru S. sette um i fylgjebladet "Laurdagskvelden"; men ei av dei kom aaret etterpaa i serskild bok. Det var den storlagde historiske romanen fraa Nero-tidi "Kvar gjeng du?" (Quo vadis?) av den verdskjende polakken Henryk Sienkiewicz. Denne boki hadde vorte umsett paa alle andre maal i Europa, og me kann vera glad for at ho no kom paa norsk au. I 1903 sette ho ogso um "Pilegrimsferdi" av John Bunyan, og i 1904 "Ivanhoe" av Walter Scott og "Maaneglytt ei uversnatt. Ei japansk soge um synd og elsk" av Baki. Sidan er kome "Jeane d'Arc" av Louis de Conte ved Mark Twain (1905. Ny utg. 1913), "Kleopatra", av Riider Haggard (1907), "Jerusalem I og 11" av Selma Lagerløf (1909), "Ein liten adelsmann" av Fr. H. Burnett (1909), "Løyndegangen" av Anthony Hope (1911) og "Talismanen" av Walter Scott (1913). Berre denne upprekningi kann gjeva oss ein tanke um det store arbeidet fru Steinsvik hev gjort i den nynorske bokheimen. Naar me hugsar paa at dei fleste av desse bøkerne er 3-4 hundrad sidor, stundom 5-6 hundrad, so skynar me at det er ikkje smaa-arbeid aa umsetja dei. Og naar me no hev fenge so mange sovorne bøker at norsklynd ungdom ikkje treng aa laana dei danske umskrifter, so skal fru Steinsvik ha største æra for det. Eg kann og nemna at ho hev skrive um skodespelet "Meinsvoren" av austrikaren Anzengruber til det norske teatret. Men det er ikkje kome i bok. Av eigne arbeid hev ho ikkje enno gjeve ut anna det vesle spelstykket "Nordan um folkeskikken eller ei leikstemna til fjells. Radl i 1 vend av Erp" (1901). Dette spelstykket er skrive med den tanken at det skal høva til aa spela ute i fri luft. For fru Steinsvik hadde set at dei i Danmark brukte aa syna fram slike smaastykke ute, og so meinte ho at dei norske ungdomslagi kunde freista paa det same. No hev ho skrive eit større drama med emne fraa det gamle Egypt. Det skal koma ut samstundes paa norsk, dansk og tysk. "Prins Nofr-Hotep og prinsesse Rudhranes. Ei mysterie-innvigjing i Gamal-Egypt", heiter det, og vonleg kann me venta det kjem ut i den næraste framtidi. So fær folk sjaa kva som 1øyner seg attum dette "mystiske" namnet. Nokre forvitnelege utgreidingar som ho hev skrive um dei gamle religionarne burde og koma ut i bokform. No i haust gjev ho ut ei skrift um "Kvinna og preste-embætti", og desutan eit utval av Rasmus Steinsviks skrifter med ei livsskildring av Steinsvik. Karen Grude Koht. Den kvinna me her skal fortelja um høyrer ikkje til dei "skjønlitterære" bokskrivarar, og ho er kanskje difor mindre kjend millom ungdomen enn ho er verd aa vera. For ho hev likevel gjort eit godt og verdfullt arbeid med det ho hev skrive i bøker og blad. Det er mest med skulebøker og folkeskrifter ho hev arbeidt. Den abc-boki ho gav ut i lag med bispen Støylen er no vel ikkje so lite kjend. Men det er faae som veit um at fru Koht ogso hev gjort eit stort arbeid med den norske leseboki av Rolfsen og Støylen. Det var ho som gjekk igjenom den nynorske bokheimen og valde ut dei stykke som kunde vera høvelege til ei lesebok for barneskulen. Og at det ikkje var noko lite arbeid kann kvar og ein tenkja seg. Elles er mykje av det fru Koht hev skrive spreidd i blad og tidsskrift. Me skal seinare nemna noko av dette. Karen Grude Koht er jærbu. Ho er fødd 16de november 1871 paa Brueland i Høiland. Far hennar, M. A. Grude, var lensmann og aatte gard paa Jæren. Han er kjend for skogplantingi si, og er elles ein mann med mange hugmaal, praktiske og politiske. Mori, Anna Grude, f. Mossige, var ei sterk kvinne med eit djupt religiøst livssyn. Ho var dotter til den velkjende stortingsmannen, lensmann Ingebreth Mossige, som sat paa tinget i mange aar og var ein dugande og velvyrd mann. Elles hadde ogso baade farfaren og mori sin far-far vore tingmenner. Det hev soleis alltid vore sterke aandelege hugmaal i ætti; men det var ei konservativ ætt. Dei var elles framgangsfolk i alt praktisk arbeid; men konservative i livssyn og meiningar. Karen voks upp og budde i heimen til ho var 22 aar gamall. Ho gjekk fyrst paa skulen i heimbygdi og sidan paa Sandnes. Paa baae desse sta derne brukte ho bygdemaalet i tale, men fekk aldri skriva eit ord paa landsmaal. Ho hadde elles tidleg lært seg aa tala bymaal au - slik som skikken var millom embættsfolki - og brukte det naar ho tykte det høvde. Men daa ho kom paa millomskulen i Eikersund, laut ho alltid tala bymaal, og fraa den tidi hev det vore det vanlege maalet hennar. Som ventande var, fekk ho ingen godhug for maalsaki i heimen. Det var fyrst daa ho 18-20 aar gamall vart brennhuga vinstremann - uppglødd som ein kann vera i dei aari - at ho ogso fekk auga paa maalsaki. Fyrst var det unionspolitikken, røysteretten, kvendesaki o. dl. som tok henne sterkast. Men sidan voks ogso maalsaki for henne, so ho smaatt um senn tok til aa skriva norsk maal sume tider. Daa kom det vel med at ho hadde havt eit so godt bygdemaal i barneaari. Daa ho var ferdug med skulegonga i Eikersund, vart ho fyrst huslærar hjaa ein prest, sidan folkeskulelærar i Sandnes. Men so for ho til Oslo og gjekk paa gymnasiet hjaa Ragna Nielsen. Her vart ho so student i 1894, og aaret etterpaa tok ho andreeksamen. I 1896 tok ho so seminarprøva for studentar. I millomtidi hadde ho vore lærar i Sandnes; men vaaren 1896 fekk ho plass ved folkeskulen i hovudstaden og flutte dit for godt. Ho las daa ei tid matematik og tenkte aa taka real-eksamen Det var no ingen hjartetrong for henne; men ho laut alltid syta for seg sjølv, og det var ei sers god umframt- innkoma aa gjeva upplæring i matematik. I desse aari var ho utruleg mykje med i "Studentsamfundet", i Frisindet studentforening, stundom i "Fram"- so hadde ho lærarpost ved folkeskulen, elevar i matematik, og sjølv studerte ho; men endaa fekk ho tid til aa ha mange vener og mykje moro, fortel ho. Men so vart det au noko stridt, so det sistpaa tok paa helsa. Hausten 1898 vart ho so gift med Halvdan Koht, og straks strauk dei utanlands - til Paris. Ho fortel sjølv um denne ferdi: "Til Paris med eit lite stipendium! Me var galne, totte vituge folk. Men me var unge og glade studentar, og som studentar levde me i Paris. Uppe i Quartier Latin paa ein hybel med eit skralt kokeapparat og dei aller mest naudturvelege husgogner. Men som eg levde der! Saug inn kunst og lærdom og storbyen - eg veit ikkje noko aar som soleis har latt meg kjenna koss eg vaks. Koss verdi opna seg for meg, koss nye syner strauk framum, koss ein frisk vaarvind bles inn over meg - eg totte det spratt. Eg vart innskrevi som student ved Sorbonne, gjekk og høyrde boksoga hjaa Larroumet, Faguet, Gaston Paris og fleire lærde og aandfulle professorar. Skulesoga og pædagogik hjaa Ferdinand Buisson, vicerektor ved universitetet - seinare vart han skuleministar. Han gav meg 1øyve til aa vitja skularne i Paris. Eg nytta dette høve, og røkte serleg etter korleis dei gav upplæring i naturfag. Eg levde i kunstsamlingarne i Louvre og Luxemburg, eg fekk ein kjærleik til fransk og hollandsk kunst som enno er livs levande. Matematikstudiet fekk avskil paa graatt papir - her var den verdi eg høyrde til i". Det var nok ei minnerik tid dette. Det segjer seg sjølv at ho ogso var paa teatri i Paris, og her fekk ho sjaa dei store franske syrgjespeli, komedierne aat Moliere og dei moderne drama. Elles er det ikkje berre fraa Frankrike at fru Koht hev rike minne. Ho hev ogso vore i mange andre land. Paa ferdi til og fraa Paris stogga dei i mange byar i Holland og Belgia og tok med seg mange minne fraa desse rike smaalandi. I 1908 budde dei 1/2 aar i England - i London, Oxford o. fl. stader. Fleire gonger hev ho vitja Stockholm og Kjøbenhavn. I Stockholm likte ho seg utifraa godt; for der var so mykje fin bygningskunst, so mykje gamall kultur. Ho heldt enno ved med skulearbeidet nokre aar etter ho var heimkomi fraa Paris-ferdi; men so kjende ho seg ikkje fullfrisk og maatte slutta. Det var ikkje med lett hjarta ho det gjorde; for skulearbeidet hev alltid vore hennar gildaste arbeid. I fyrstningi hadde ho likevel mange matematikelevar; men etter kvart tok skrivingi meir og meir tid, so ho tilsist hadde nok med det. Fyrst i dei seinste aari hev ho teke til med skulearbeid att. Soleis var ho lærar i norsk paa Eidsvoll folkehøgskule den fyrste vinteren skulen gjekk (1908-09), og andre vinteren i soga og rekning. No hev ho nokre timar - pædagogik og samfundslæra - ved Statens lærarinneskule paa Stabæk. Det fyrste ho skreiv paa nynorsk var nokre Jærbrev i "Den 17de mai" i 1895. Og medan ho var i Paris skreiv ho heile tidi brev til same bladet. So finst det ogso nokre smaating ho hev skrive i "Norsk barneblad" og "Symra" (1902-03). Men mest hev ho skrive i "Syn og Segn", sumt er umsett og sumt eige arbeid. Det meste av det ho hev skrive der er um kunst og bokavl, og ymist av det er nybrotsarbeid aa kalla; for det var lite skrive paa norsk um sovorne emne fyrr. Ho hadde i heile ungdomen lese mykje boksoga og moderne litteratur, etter ho vart gift las ho meir, serleg boksoga, kunstsoga og mykje baade or gamall og ny bokheim. I dei aari var ho aa kalla fast medarbeidar i "Syn og Segn", som Rasmus Flo og Halvdan Koht, mannen hennar, den tid styrde. Av det ho skreiv der kann nemnast stykke um "Rubens og Rembrandt" (1901) fraa fransk etter Eugene Fromentin. "Gamall prydkunst og kjempedikting", fraa tysk etter Karl Lamprecht, "Det irske maalstrævet" fraa engelsk etter Francis A. Fahy" (baae (1902), "Maalaren Thomas Fearnley", "Jonas Lie" (av henne sjølv), "Framgangslogerne", etter Herbert Spencer, "Arbeidsfolk og arbeidsgjevar", fraa svensk etter Knut Wichsell (alle i 1903). "Runeberg" av henne sjølv (1904), "Rusland framfyre umveltingi" etter fleire utlendske kjeldor (1905). Umframt desse større stykki hev ho skrivi ei mengd med bokmeldingar i same tidsskrifti framigjenom fleire aar. No er ho atter fast bokmelder der. Fraa dei siste aari maa ogso nemnast eit stykke um den vidgjetne engelske kvinna Florence Nightingale (1913). Ho var ogso ei tid bokmeldar i "For Kirke og Kultur", og det var mest dei nynorske bøkerne ho melde der. Det fyrste ho gav ut i bokform var den vesle folkeskrifti "Gjer heimen din fager", umsett fraa svensk etter Ellen Key (1903). Ho tykte heimarne mang ein gong var so uheimslege, og ho fann so mykje ukultur i husbunad og stas som dei prydde romi sine med. Daa ho so hadde fenge tak i denne vesle boki av Ellen Key, bad ho um lov til aa umsetja ho til norsk. Det fekk ho, og so kom daa boki ut millom "Norske folkeskrifter". Og ho hev vorte so umtykt at ho er utkomi i fleire upplag. I 1908 sende ho ut ei ny folkeskrift som heitte "Kvinnearbeid". Det er ei bok med gode rettleidingar til unge gjentor som skal velja seg eit livsyrke, men ikkje rett veit kva dei skal taka seg til. Boki gjev greida paa dei ymse arbeid som kvinnor kann gjera, kva upplæring som trengst og kva vilkaar som ventar. Fru Koht var den fyrste sekretæren i "Norske kvinders Nationalraad", og det var medan ho arbeidde der ho sanka tilfanget til denne folkeskrifti. Men den boki ho hev lagt det beste av seg sjølv i, er den ABC-boki "Mi fyrste bok" som ho gav ut i lag med bispen Støylen (1909). Den boki er skrivi paa barneminni, og alt det gode og gilde fraa hennar eigne barneaar er vove inn i smaastykki og reglorne der. Det var Nordahl Rolfsen og Moltke Moe som fekk henne til aa skriva denne boki, og baae var sers velnøgde med arbeidet. Det er daa au ei so fin og gild bok, at borni vert glade i henne, og det er no hovudsaki. I 1913 sende ho so ut "Naar jordi øydest" av Rene Bazin. Det var ei fin og god fransk bondeforteljing som ho her hadde umskrive paa norsk. Um umsetjingi er det visst berre godt aa segja. Maalet er godt og greidt norsk, og stilen er lett og endefram som det bør vera i ei bondeforteljing. Ein skulde au tru at boki hadde ein mission aa gjera millom norsk bondeungdom. Ho fortel um korleis det gjeng naar ungdomen ikkje lenger vil arbeida paa jordi, men reiser ut til byen eller til Amerika, so dei gamle vert sitjande einslege att. Inn i denne forteljingi er fletta ei hugtakande kjærleikssoga. Det er fyrr nemnt at fru Koht hev samla tilfanget til den nynorske lesnaden i Rolfsen og Støylen si lese lesebok. Det var eit stort arbeid, men eit gildt arbeid, segjer ho; for det gav henne eit kjennskap til allslags landsmaalslesnad som ho elles ikkje hadde fenge. Paa dansk hev ho skrive mykje frametter aari i mange blad; men det høyrer ikkje med her aa tala um det. I mange aar var ho fast skrivar til "Helsingen Sanomat" - hovudbladet for ungfennomanarne - som kjem ut i Helsingfors. Men daa krigen kom, vart det slutt med det. Fru Koht hev ogso halde ei mengd med fyredrag. Fyrste fyredraget heldt ho daa ho var reint ung paa eit amtslærarmøte paa Sandnes i 1891. Det var den brennhuga læraren hennar M. K. Aarnes som fekk henne til aa tala. "Han staar eg i stor takkskuld til paa mange maatar", segjer ho. "Fyrst gjekk eg i skule hjaa han, og sidan var eg medlærar ved skulen. Han var ein uppglødd maalmann, so han har brøytt veg for maalsaki hjaa fleire enn meg". Seinare utigjenom aari hev ho halde fyredrag mange stader - i ungdomslag og kvendelag, i folkeakademi og skulemøte. Det kann nemnast at ho tala um lærarløner ved "det nordiske kvinde sagsmøde" i 1902, og um same emnet paa eit lærarmøte i Bergen 1908. "Qvinnoklubben" i Stockholm bad henne koma dit og halda eit fyredrag i 1902. Ho fekk velja emne sjølv, og so tala ho daa um "Den norske maalsaki". Etter fyredraget kom ei gamall staseleg svensk dame burt til henne og sa: "Ni talar så varmt att man kjänner sig öfvertygat emot sin vilje". I 1913 var ho atter i Stockholm og tala daa um Camilla Collet. Ho tykte ikkje ho kunde tenkja den tanken at borni deira skulde veksa upp paa gata, og so bygde dei seg sin eigen heim paa Lysaker utanfor byen. Framifraa fint ligg han uppe paa haugen millom dei store trei, og norsk er han alligjenom, baade utanpaa og inni. Alt vitnar um at det er heilhuga norskdomsfolk med fin kunst-sans som hev skapt denne heimen. "No fell meste arbeidet mitt i heimen", segjer ho. "Mann og born og hus og hage -- eg tykkjer eg hev henderne fulle. Men naar helsa er god er det uraad aa "halda seg berre i teltet". Daa er det eitkvart som ropar paa meg, og eg maa bruka munn eller penn. Men det vert mest berre stumpearbeid, litt her og litt der". Me fær berre ynskja at fru Koht endaa i lang tid fær ha helsa og heppa til aa bruka baade "munn og penn", so kann me vera viss paa at "stumpearbeidet" nok vert skøytt ihop til noko heilt og godt, som vil vera til gagn for folk og fedraland. Petra Kvisli. Daa eg var reint ung fekk eg høyra ein song som tok meg so underleg um hjarta. Det var baade ordi og den væne tonen som gav atterljom i sjæli: "Eg elskar dei voggande tonar og all den brennande hug! Eg elskar kvar song som ljomar, og kvart eit barn som log!" Det var som sungje ut or min eigen barm, og hadde eg daa visst kven som hadde dikta denne songen, so hadde eg visselig skrive og takka. Men det stod berre "Hilde" eller noko slikt under, og eg undrast mykje paa kven det skulde vera. No undrast eg ikkje meir paa det; for no veit eg at det er fru Petra Kvisli. Og hennar namn er ikkje ukjent millom norsklynd ungdom no. Forteljingarne hennar hev vorte mykje lesne, og spelstykki hennar hev vorte spela hundradtal gonger i ungdomslagi rundt um i landet. Mang ei hugnadstund hev ho soleis gjeve bondeungdomen, og no takkar me ikkje berre for den væne songen, men og for dei bøkerne ho hev gjeve oss. Med dei hev ho vunne seg eit godt rom i nynorsk bokheim. Me som er glade i det norske maalet, tykkjer det er sers gildt at ho hev skrive bøkerne sine paa norsk, endaa ho er fødd og ali i ein by der all norskdom er lite vyrd. Petra Kvisli er fødd i Arendal den 1. mars 1874. Ho gjekk fyrst paa folkeskulen der i byen til ho var konfirmert, og sidan gjekk ho paa ein lærarinneskule i same byen. Her tok ho eksamen i 1890 med aller beste vitnemaal. Den læraren ho lærde mest av var Oddmund Ljone. Han hadde eit sers lag til aa læra dei mangt som dei aldri gløymer. Ho las elles svært mykje i barneaari. Lesehugen var reint umetteleg. Fyrst for ho igjenom heile skuleboksamlingi, og sidan, daa ho vart større, fekk ho laant bøker andre stader. Helst var det mytologi ho likte aa lesa, og ho las i den tidi alle dei mytologiske bøker ho kunde spyrja upp i heile Arendal. Og kjærleiken til mytologien hev ikkje kolna endaa. I dei seinste aari hev ho studera mange mytologiske granskar-arbeid, og det er enno hennar kjæraste lesnad. No sist hev ho lese nokre store verk av svensken Rydberg, og ho tykkjer Rydberg sine teoriar um upphavet til dei gamle myterne er mykje meir tiltalande enn dei Sophus Bugge heldt fram. Elles hev ho ogso lese mykje av dei største diktarar og filosofar. Alt i 18-19 aars alderen tok ho for aalvor til aa lesa Bjørnson og Ibsen, Brandes og dei franske filosofar. Daa ho var ferdug fraa lærarinneskulen i Arendal, vart ho fyrst lærarinne i Aamlid halvtanna aar, og her fekk ho daa læra seg landsmaal. Ho hadde aldri lese ei landsmaalsbok fyrr ho var 17-18 aar. Den fyrste ho las var "Tengill Hovda" av Jens Tvedt, og i den boki tykte ho ordlagi var noko grovlagde stundom. Unge gjentor var ikkje so vane med sovoren lesnad i den tidi som dei er no, maavita, og dessutan var ho i uppvokstren tilhaldi aa tala "fint", d. v. s. dansk, og difor tykte ho nok desse bønderne hans Tvedt var drjuge i ordi. Ho hadde elles longe sidan fenge godhug for det norske maalet. Det trur ho kom avdi ho stødt var i lag med nokre som berre dreiv paa aa avheidra det norske baade i tide og utide. Paa seinsten vart ho so sinna for all denne nedrakkingi at ho vart maalmann. I 1892 vart ho gamall nok til aa koma inn paa lærarskulen, og ho hadde stor hug til aa fara; men so fekk ho post i Arendal, og so vart det ikkje noko av. Ho var daa sidan heile tidi lærarinne i heimebyen, alt til ho i 1898 vart gift med Knut Kvisli, som daa var lærar paa den flytjande amtskulen i Heidmork. Skulen var daa i Odalen, og ho flutte med mannen sin dit. I 1900 vart Kvisli styrar for den faste amtsskulen i Storelvedalen, og so flutte dei dit. Der bur dei endaa, og attaat skulen hev dei ein part av garden Berger. Dei hev daa nokre kyr og ein svær flokk med hønor. Fru Kvisli hev og um vintrane nokre timar paa amtsskulen; ho gjev upplæring i mytologi og sjælelæra. I fristunderne fær ho tid til aa skriva bøker og maala bilæte. Ja, for fru Kvisle er maalar au. Daa ho var reint ung hadde ho mykje større hug til aa maala enn til aa skriva, fortel ho. Det er mest landskap ho hev maala, og dei syner at ho hev ikkje so liten givnad i den vegen au. Ho hev millom anna maala eit stort bilæte fraa Storelvedalen med prestegarden, til eit ungdomshus der i bygdi. Eit par bilæte fraa Vegardsheidi er au gode. Fru Kvisli er ogso med i ungdomsarbeidet i Storelvedalen. No er ho formann i ungdomslaget, og ho hev halde mange fyredrag der, hev fenge fleire spelstykke framsynte og meir sovore. Ho er ogso med i yverstyret for gamleheimen i bygdi, og ei stund var ho ogso med i skulestyret. Ein skynar ho sparer seg ikkje naar det gjeld aa arbeida for sine hugmaal. Blid og hyggjeleg er ho i alt sitt lag, og svært smaalaaten naar det gjeld hennar eige arbeid. "Naar ein skal vera kjerring paa ein gard og hev fleire born, so vert det fælt liti tid til skriving", segjer ho. "No tykkjer eg mest det er leidt at eg skal ha gjeve ut desse faae bøkerne, naar det ikkje vert noko meir." Men fru Kvisli hev ingi skam av det ho hev skrive. Slike bøker som "Birgit" er god folkelesnad, og me fær ikkje for mange av deim. Og ho er ung enno, so ho fær vonleg enno gjeva oss fleire gode bøker, jamvel um det berre skal vera fristundsarbeid. Det fyrste ho fekk prenta i "Den 17de mai" var songen: "Sygjenta syng", og han kom til jol same aaret ut med tone av prof. Monrad. "Eg elskar dei voggande tonar" var ogso fyrst prenta i "Den l7de mai" i 1898, og daa han sidan kom ut med tone av Chr. Lepsøe, vart han seld i upplag etter upplag. No hev han vel snart vore prenta i eit sneis upplag. Fyrste boki hennar var "Birgit", som kom i 1907, og ho vart ogso sers godt motteki til eit fyrstearbeid aa vera. Det er ei tungsam soga; men det er ei god bok. Emnet er ikkje nytt; men fru Kvisli hev fortalt det paa sin maate, og boki er so velskrivi at lesaren er heilt med. Forteljingi er fraa ei storbygd, og Birgit er dotter til den rike storbonden Sveinung Omland. Han er eit hardjarn som tenkjer berre paa aa slaa under seg meir jord og skog. Birgit vert glad i Einar Mo fraa grannebygdi, og dei liver lukkeleg ein sumar ho er paa sætri. Men Sveinung vil ikkje vita av Einar; han hev longe sidan lova burt Birgit til "Jørund morbror", som er halvbror til kona hans. Berre paa den vis kann han faa i den gilde skogteigen hans Jørund, den som skjer seg beint inn i Sveinung sin eigedom. Og Birgit er for veik til i lengdi aa trassa faren si jarnvilje. Daa det kjem ei slosa um at Einar Mo hev gift seg, so gjev ho med ein gong etter, utan aa røkja etter um det er sant. Jørund er god mot henne paa si vis; men ho vert aldri lukkeleg. Daa dei hev vore gifte 7-8 aar, kjem den skræmelege tidendi at Einar hev skote seg. Han hadde vorte helseslegen av ein timberstokk, og sidan er han sjuk, gjeng stundom reint i villa. Og so heldt han det vel ikkje ut. Straks etter vert Jørund sjuk, og Birgit lyt vaka yver han vika etter vika og stella han som eit barn, til døden kjem. Det er ei fæl tid for Birgit; men tanken paa vesle dotteri, Aslaug, bergar henne. For hennar skuld maa ho liva, og ho mognast av all sorgi og motgonga. I 1911 sende fru Kvisli ut det vesle spelstykket "ikkje vaksen". Ho Magnhild Storli, dotter til ordføraren i bygdi, hev vorte glad i Harald Laknes ("Laksko" kallar folk honom). Men han er ein dovning og ein drikkar, som berre er flink paa dansargolvet og ved drykkjebordet, som Halvor far hennar Magnhild segjer. Halvor vil likevel at Magnhild skal faa han, paa det vilkaaret at han synest han kann arbeida og slutta drikka. Men Harald greider ikkje prøvetidi, og Magnhild fær med eigne augo sjaa at han midt i arbeidstidi sit og sumlar og drikk og - kjæler med teneste-gjenta. Han var ikkje vaksen. Det er lett aa spela dette stykket, og moralen er god; difor hev det ogso vorte framsynt minst eit par hundrad gonger i ungdomslagi rundt um i landet. I 1915 kom det i ei ny umvølt utgaava, og det hev vunne paa umvølingi. Aaret etterpaa kom "Tora Dal" (1912), ei forteljing fraa ein smaaby. Denne boki er rake motsetningi til "Birgit" mest paa alle maatar. Tora Dal er foreldrelaus og vert fostra hjaa farsyster si. Daa ho er attan aar gamall kjem byfutfullmegt Berven til aa bu i huset hjaa deim. Han laaner Tora bøker og talar med henne um det som stend i deim. Ho er mykje i lag med Berven, og det er som ei ny verd opnar seg for henne. Kjærleiken vaknar; ho vert glad i Berven og gjev seg heilt yver til honom. Men han vil berre leika med henne ei stund, og naar han so er leid henne, gjeng han fraa henne og gifter seg med Ragna som hadde vore bestevenen hennar Tora. Snart etter fer Tora til hovudstaden og lærer seg til sygjenta, og um ei stund finn me ho att uppe i ei avgøymd bygd. Her liver ho mange aar i sut og saknad, og lyt stræva hardt for aa berga seg og guten sin, som ho fekk straks etter ho var komi dit upp. Men Tora vert sterk og god, so alle likar henne. Kjærleiken til Berven riv ho heilt ut or barmen, men ho hyser ikkje hat til honom. Han vert enkjemann, fær spurt henne uppe og vil gjera godt att. Men daa er det for seint; han er ein heilt framand for henne. Denne boki er ei forvitneleg utviklings-soga, som gjev ein mykje aa tenkja paa. Siste boki hennar er spelstykket "Elskhug og skoghandel" (1914). Det gjeng fyre seg i ei austlandsbygd, og det er soga um skogspekulanten Mads Geer som kjem upp fraa byen og vil narra storbonden Johan Uppstad med paa ein svær skoghandel, og desutan vil han freista faa tak paa dotter hans, ho Eldbjørg. Men ho Eldbjørg er glad i Fridgeir, gardsstyraren til far hennar. Det ser fyrst ut til at Mads skal faa Johan paa si sida; men so kjem det upp at han hev fare med lygn og fanteskap, og so er han snart ferdug der i garden. Det er elles ogso innfletta i spelet elskhugssoga millom Staale, sonen paa garden, og Aslaug tenestegjenta. Og baae elskhugssogorne "gjeng som dei skal". Det er eit hugnadsamt lite stykke, og det hev vore mykje spela i ungdomslagi, kanskje mest paa Austlandet der det høver best. Fru Kvisli hev visst ikkje spunne silke paa bokskrivingi si, ho meir enn nokon annan norskmaalsbokmann. Soleis hev ho ikkie fenge ein øyre av den innkoma spelstykki hennar hev gjeve ungdomslagi som hev synt deim fram. Dette er ikkje rett. Ungdomslagi burde hugsa bokskrivaren med ein lut av innkoma. Det er ikkje meir enn deira skyldnad. Men ein ting veit eg at fru Kvisli hev naatt med bøkerne sine; ho hev vunne seg mange vener millom norsk ungdom, og det trur eg nok at ho tykkjer likso gildt um. Likevel lyt me maalfolk ein gong læra aa stydja deim som gjev oss det beste dei eig. Me lyt ogso læra aa kaupa norske bøker. Jenny Arnesen. (" Strilagjenta"). Alle dei som hev fylgt noko med i dei nynorske ungdomsbladi, og daa serskilt i "Unglyden" som kjem ut paa Voss, dei kjenner namnet Strilagjenta. For ho hev vore millom deim som hev skrive mest der i dei siste tjuge aari. Det var visst Jon Auklend som eingong skreiv at Strilagjenta hev vore skriftemor og raadgjevar for ei heil mengd av ungdom landet rundt, og det er mykje rett i det. Visst er det iminsto at ho hev havt ovleg stor innverknad paa den frilynde og norsklynde ungdomen; for ho hev havt ei merkeleg evna til aa skriva slik at ungdomen laut lesa det. Klaart og greidt legg ho sine tankar fram, og alltid er det ein varm understraum som ber bod fraa eit grunn-godt menneskje med eit stort og reint hjarta. Hugheilt gjeng ho i striden for alt det som hev fenge hennar elsk og tru - alt det som gjer livet rikt og vænt. Kristendomen er grunndraget i hennar liv og arbeid; men det er ikkje ein myrk og pietistiskt kristendom som vender seg burt fraa verdi. Ho hev ope auga for alt det som er stort og fagert i menneskjelivet. Og ho stend trutt i striden for dei gode saker som er uppe i tidi. Hjartesakerne hennar er maalsaki, avhaldssaki og arbeidet for ungdomen. For desse sakerne er det ho hev stride mest gjenom alle dei aari ho hev brukt pennen. Dei spelstykki ho i dei siste aari hev gjeve ut er au tenarar i arbeidet for hennar hugmaal. Dei hev ogso vorte mykje spela i ungdomslagi, og det torer henda ho naar likso langt med deim som med bladstykki sine. Difor lyt Strilagjenta ha eit rom millom norsk-skrivande kvinnor, endaa bøkerne hennar korkje er, eller gjer krav paa aa vera, det ein kallar diktarverk. Jenny Magdalene Arnesen er fødd 8. august 1862 paa garden Lepsøy i Os ved Bergen. Faren Arnt Olai Arnesen var av gamall bondeætt, men fødd i Bergen, og mori Drude Kruger var av ei gamall vidgreint presteætt. Jenny voks upp i ein sollaus og lukkelaus heim, og ho hadde mest ingen leikesystkin. Difor tok ho tidleg til aa tenkja og gruvla. Tidleg tok ho au til aa lesa, og las alt ho kom yver. Forunderleg tidleg vakna tanken um aa skriva bøker. Alt i niaarsaldren skreiv ho ei liti forteljing um ei smaagjenta og katten hennar, og so maala ho bilæte med vassfargar og sette inn. Straks etter skreiv ho ei onnor liti soga, og læraren som fekk sjaa desse smaasogorne, sa at han skulde vore fegen um dei beste av skuleborni hans kunde stila so godt i konfirmationsaldren. Daa ho var 14-15 aar gamall tok ho til aa skriva vers, fyrst paa dansk, men sidan paa norsk og jamvel paa svensk! I desse aari var det au at ho fekk styrkt kjærleiken til det norske maalet, og det var mest gjenom Janson sine bøker, segjer ho, endaa ho fyrr gjenom Aasen og Vinje hadde fenge samhug med maalsaki. Tilhøvi i heimen vart ikkje ljosare, og det var lenge faafengt aa tenkja paa aa koma ut. Hugen drog henne til folkehøgskulen, helst til "Vonheim" til Chr. Bruun. Men vegen dit var lang og kostesam, so det var vonlaust. Men daa ho var 22 aar gamall slapp ho endeleg til ein gjenteskule paa Onarheim ei tri maanads tid. Ho hadde alt fraa barneaari vore religiøs, og her vann ho no fram til personleg kristendom. Elles hadde ho alt daa lese mange gode gudelege bøker av Funche, Arndt, Spener, Christ. Bruun o. fl., so ho hadde eit godt grunnlag aa byggja paa. Aaret etter fann ho den beste venen ho nokon gong hev aatt. Det var ei hardinggjenta, yngste systeri til Lars Kinsarvik. Og samværet med Ingebjørg fekk svært mykje aa segja for henne. "Naar livsyrket mitt vart lagd so heilt yver paa norskdomssida som det vart, er det i fyrste lina henne aa takka," fortel ho. Ho størde henne ogso til aa skriva, og no skreiv ho si fyrste verkelege forteljing "Kari Haugen", som mange aar etterpaa vart prenta i "Unglyden". Ingebjørg kom til Amerika og døydde der; men venskapen deira varde so lenge ho livde. Jenny vart gangande heime til ho var 27 aar, gjorde vanlegt bondearbeid, las og tenkte. Men so vart klufti millom foreldri hennar so stor at ingi bru rakk yver. Dei vart skilde, og so tok ho mor si med seg og flutte til Voss - med tvo tome hender. Det var i 1889. Dei hadde det vondt paa mange vis, fraus og svalt stundom. Men Jenny greidde daa likevel aa halda livet baade i seg og mor si. Ho sauma dokkor, laga likkransar, dreiv frihandel um vinteren og friluftskafe um sumrane, sauma, spyta og mangt anna. Fyrste vinteren ho var paa Voss gjekk ho endaa attaat paa "studentfabrikken" hans Paul Bergh og tenkte taka millomskuleeksamen. Men um vaaren døydde Bergh og skulen slutta av seg sjølv. Det vart no nokre mødefulle aar frametter; men so fekk dei litegrand hjelp av eit legat, og daa vart det noko betre. Dei faae fristunderne ho hadde, tok ho meir og meir til aa nytta i arbeidet for sine hugmaal, serleg avhaldssaki og den frilynde ungdomsrørsla. Ho var daa mykje med i avhaldslaget og i "ungdomsforbundet" som Voss ungdomslag daa heitte. Her brukte ho baade munn og penn. Daa so Lars Eskeland og Olaus Alvestad skulde taka til med Voss folkehøgskule um hausten 1895, var ho den fyrste som skreiv seg til læresvein der. Ho hadde fyrr ikkje havt nokor sers upplæring i aa skriva norsk maal; men no fekk ho daa læra det til fullnads. Og kjærleiken til folkehøgskulen hev ikkje minka med aari. Endaa kjenner ho seg som ein høgskuleungdom i hug og sinn, trass i dei sylvgraa haar. Strilagjenta er av dei folk som kann halda seg like unge heilt upp i alderdomen. Um likamen eldest, so er aandi lika ung og frisk. Det er ikkje so lenge sidan ein skreiv i "Unglyden", at dersom ho ikkje hadde late bladi faa bera ut aldren hennar, hadde han trudd ho var ei tjugeaars gjenta. Tri gonger hev ho bygt seg eige hus paa Voss, men hev lote selja dei alle tri. Det siste selde ho no i haust og flutte daa til Voss enkjeheim, der ho skal passa og stella gamle mor si som no er sengjeliggjande. Som eg alt fyrr hev nemnt hev ho freista mangt slag arbeid. Dokkearbeidet hev ho drive i mange aar og hev lage ei uteljande mengd av nasjonaldokkor og andre dokkor. Tvo gonger hev ho halde store dokke-utlutingar, og tvo gonger hev ho fenge "heiderleg umtale" for nasjonaldokkorne sine; siste gongen paa Bergenssjaaet i 1911. Ein gong fekk ho ogso istand nokre bilætkort - med bilæte av nasjonaldokkor - og selde. Heile hennar liv hev vore eit stridt arbeidsliv, eit sjølvgløymande offerliv i kav og saknad. Men ikkje hev ho gjeve seg yver i sut yver dei tronge kor, og ikkje hev ho vanskøytt si eigi aandsutvikling i tunge motgangsdagar. Ho hev lese uhorveleg mykje, og mangtslag hev ho lese, fraa baanelesnad til filosofiske verk. Ho er barnegod og dyregod som faae, og hev sers godt hjartelag for alt som hev det vondt i verdi. Mykje av det ho hev skrive vitnar um det. Det fyrste ho hev prenta paa norsk er truleg ei par vers som stod i februarheftet av "Nora" for 1889. Fyrste verset var soleis: "Dei skriv no so mykje um solskin og blomar, med' sjølve dei stend i sin fagraste sumar; men naar dei vert gamle og blinda av graat, eg vonar nok fela fær annan laat". Sidan hev ho skrive i mange blad, som t. d. "Vaaren", "Norsk avholdsungdom", "Ygdrasil", "Hordaland", "Fremad" og "Bondebladet". Men aller mest hev ho, som fyrr nemnt, skrive i "Unglyden". Fyrste spelstykket ho skreiv heitte "Stølsgaman". Det vart berre prenta i "Unge Skud" (som "Unglyden" fyrst heitte) i 1896 og kom ikkje i bok. Det fyrste ho sende ut serskilt var tvo smaae flogskrifter eller traktatar med gudelegt innhald: "Livande kristentru" og "Forfylgjing eller kva ?" Baae kom ut i 1908, og dei var berre paa 8 sidor kvar. Men so i 1914 sende ho ut heile tri spelstykke. Fyrst kom "Gunnstein Kvaale", folkespel med emne fraa 1814. Dette stykket er noko større upplagt enn dei vanlege smaastykke for ungdomslagi, og daa det hev slik ei mengd med personar og krev ikkje so lite utstyr, hev det vorte lite spela. Gunnstein lyt ut i krigen i 1814, og medan han er burte, vil dei tvinga gjenta hans til aa gifta seg med ein annan, som ho ikkje vil ha. Men Gunnstein hev "bispen til morbror", og daa er det ikkje so faarleg, veit me. Paa sjølve brudlaupsdagen kjem han heimatt med kongebrev, fraa Kristian Fredrik sjølv, paa at han skal ha gjenta. Og den andre brudgomen lyt pitla seg burt! Det er nok den rike morbroren, "Bergekongen", som stend attum, og det gjeng utruleg lettvint alt ihop. Same hausten kom "Paa heimegrunnar" og "Slurvestell". Det fyrste kallar ho folkespel og det handlar um ein bondegut som hev vore i byen og vorte utskjemt av bykulturen, so han ingenting duger til, daa han kjem heim att. Han raakar ei jaalutt bondegjenta som er trulova med bror hans, og han tek gjenta fraa broren. Men mori veit nok meir enn mata seg. Ho fær den unge spretten inn i forretningi hjaa ein handelsmann, og ho hev ei onnor gild gjenta ferdug til den svikne broren! Det lagar seg utruleg vel, som ein skynar. "Slurvestell" er kalla moro i ei vending, og det ligg daa i sjølve namnet kva det handlar um. Det er slurvestell so det munar hjaa Halldor og Rakel. Allting fær gaa som det vil, og sistpaa høyrer ein daa kor sjølve fjøset dett ned yver hovudet paa kyrne. Desse tvo spelstykki er utruleg lette aa syna fram, og dei er morosame. Difor hev dei ogso vorte mykje spela i ungdomslagi sidan dei kom ut. Sagte er dei noko tilgjort; men ein fær hugsa paa at dei ikkje gjev seg ut for meir enn det dei er: høvelege smaastykke for urøynde spelarar, og difor kann ein ikkje leggja so strengt alnemaal paa deim. Det same er aa segja um det siste spelstykket hennar " Gjenta som valde rett" (1915). Det er elles um eit meir aalvorlegt emne, um ei gjenta som dei vil tvinga til aa taka ein drikkar; men som tvert imot mori sin vilje tek den fatige guten ho er glad i. Det syner etter mi meining framvokster hjaa bokskrivaren. Ho hev no ferdug tvo nye stykke, og fleire i arbeid. Desutan hev ho ferdug ein bundt stevleikar og ei avhandling: "Ungdom, kjærleik og gifting". Som ein ser er det stødt ungdomen ho tenkjer paa, og norsklynd ungdom vil takka henne for det ho gjev. Ragna Ryther. Naar eg tek med denne unge trøndergjenta her so lyt eg kanskje fyrst segja fraa at det ikkje er med hennar gode ville. Ho segjer sjølv at "eg hev enno ikkje gjort noko som gjev meg rett til aa vera med der". No kann det nok henda at me andre kann døma betre um kva ho hev gjort enn ho sjølv, og naar eg tek ho med, so er det fordi eg meiner ho er vel verd at folk lærer betre aa kjenna baade henne og arbeidet hennar. Ikkje fordi ho hev gjeve ut eit par diktsamlingar - det er so mange som det hev gjort - men det er fordi Ragna Ryther hev synt at ho kann skriva verkelege dikt, og det er fordi ho med dei bøkerne ho hev sendt ut, hev gjeve oss voner um at me kann venta oss mykje godt ifraa hennar hand, um ho fær helsa og livedagar. Lat vera at det enno er mykje som er uferdugt; ho eig den rette gneisten, og ho er enno ung og i sterk vokster. Ragna Ryther er fødd 26. juli 1885 i Værdalen, og ho vart døypt i den gamle Stiklestadkyrkja. Faren var folkeskulelærar, og han flutte fleire gonger. Daa ho var reint liti flutte dei fraa Værdalen til Melhus (i Gauldalen), og ei tid etterpaa flutte dei derifraa til Stadsbygda, der dei budde i aatte aar. Derifraa hev ho sine kjæraste barneminne, baade um leik og aalvor i den gode heimen der fred og lukka raadde. Tidleg tok ho til aa laga vers. Dei skreiv ho ikkje, men ho dikta dei medan ho sat i fjoset og mjølka um vinterkveldarne og maanen skein inn gjenom glaset til henne - eller um sumaren naar ho var ute og gjætte og krøteri laag og kvilte middag, og kammeratane dreiv med leiken sin. Men det vart ein braa ende paa denne lukkelege tidi, og ho vart endaa fyrr ho retteleg var vaksi sett inn i den naadelause striden for tilværet. Ho hev sjølv fortalt fint um dette i "Unglyden" for eit par aar sidan, og eg vil herma noko av dette her: "Den sumaren eg gjekk for presten, døydde far fraa oss, nett som eg trong han mest og tok til aa skyna kva eg aatte i han. Mor og me fire systkin, eg den eldste, flutte til Melhus att. Barnedagarne var ende; dei framtidsplanarne som far hadde lagt for meg var det ingen lenger som brydde seg um, og arbeidsdagen min tok til utan vidare fyrebuing. Eg fekk meg ei strikkemaskina, og um eg ikkje kann rosa meg av noko anna, so torer eg visst segja at eg har vore trufast mot henne det er visst tolvte vinteren eg brukar ho no, og eg vil vona at alle dei ullvaror eg har laga ihop har vermt mang ein frosen kropp! Sumrane har eg vore ute paa ymse arbeid; har vore onnetaus i Singsaas og stølsgjenta i Kviknefjella". Vaaren 1908 gjekk ho tri maanar paa ein amtskule. Det var berre norsk-dansk ho fekk læra der liksom i barneskulen. Men vinteren etterpaa gjekk ho paa eit lite maalskeid i Melhus, og fraa den tidi hev ho nytta berre nynorsk i alt ho hev skrive. I 11910 gav ho ut fyrste boki si: "Fjeldets sange". I denne boki hev ho samla nokre av dei dikti ho hadde skrive frametter aari, 45 dikt i det heile. Av desse er 13 stykke paa norsk maal. Mange av deim er fine og stemningsrike, men ofte vantar dei noko i formi, og so er det som ho ikkje fær nokor magt i songen; ho hev ikkje enno funne seg sjølv. Det gjekk fem aar fyrr andre boki hennar kom, og i millomtidi hadde ho gjenge ein vinter paa Voss folkehøgskule (1913-14). Ho segjer sjølv at "det er vel ikkje for mykje sagt at det er den gildaste vinteren eg har havt sidan eg vart vaksa. Og der fekk eg tru for det arbeidet som skal faa sjølv ungdomen i breidbygdene i Trøndelag til aa fylka seg under merket: Norskdom og kristendom". At den vinteren hev havt mykje aa segja for hennar eigi aandsutvikling syner den nye diktboki hennar aller best. Berre namnet paa boki er som eit program. Ho heiter "Arbeid og draum" og kom ut vaaren 1915. Det er 50 dikt i denne boki, alle paa norsk. Og her syner ho at ho hev vakse overlag mykje baade i evna til aa forma, og kanskje framum alt i evna til aa skapa innhaldstunge og klaare dikt. Rett nok finst det enno mange dikt som ikkje held maal; men imillom kann der vera vers som me lyt rekna millom dei egte perlor. Eg skal herme eit par: "Eg trur paa vaar i kalde haustkveldskuming naar vinden leikar seg med gule blad -. Eg trur so lenge at eg gløymer graata og stille vaarvon gjer meg varm og glad. Eg fekk ein vaardag denne tru til gaava av sola sjølv, som ævevaaren lova. Eg trur paa lukka, slik som ho meg møtte, ein vaarkveldsdraum med symra stod i knupp; daa kvar ei livsvon fekk i sol seg lauga og skaut som blomen imot ljose upp. Tvo augo varmare enn vaarsolflaumen, dei lærde meg aa tru paa lukkedraumen". Det gudelege hugdraget var det sterkaste i "Fjeldets sange", og i "Arbeid og draum" gjeng det ogso som den varme understraum gjenom det heile; men ho hev her vunne fram til større klaarleik og vidare syn. Sume av desse dikti er salmar. Kanskje me ogso fær ei kvinna som er heilnorsk salmediktar? Best er vel "Getsemane", som eg skal taka med her: "Kvi skjelv kvart lauvblad slik i stille natt, kvi dryp det blod paa blomarne i hagen? Kvi er det auga slik av rædsla fyllt, som elles lyser varmt som sol um dagen? Kvi ligg du der du herlege Guds son, aaleine midt i strid og hjartekvida? Kvi ligg du der og bed forutan von. kven tvingar deg vel soleis til aa lida? Guds son i heilag kjærleik gjev seg sjølv; hans reine sjæl vaar synd som klungren stingar, at du og eg i rettferdsklædnad kvit kann eingong lyftast yver stierneringar. At naar me møter vaart Getsemane, han sjølv kann staa i straaleglans ved sida: og med si sterke vare frelsarhand til sæla venda alt det me lyt lida". * Ragna Ryther er ei kvinne med mange hugmaal; men eit av dei ho hev arbeidt mest for er avhaldssaki. Ho hev vore godtemplar sidan ho var 18 aar, og ho hev vore mykje med i avhaldsarbeidet i Trøndelag. Mange gonger hev ho tala i møte og paa større stemnor, og ho kann tala slik at ho fær folk med, difor hev ho alle stader vorte vel umtykt. Daa det for eit par aar sidan var avrøysting um skulemaalet i Melhus, heldt ho ein tale som vart mykje aatgaad, og mana sambygdingarne sine til aa taka sitt norske maal til skulemaal og jaga dansken paa dør. * Nokre andre kvinnor som hev skrive bøker paa norsk maal fær eg berre nemna. Brita Bjørgum fraa Voss gav i 1895 ut ei forteljing: "Kari Lidi", Olga Tufte fraa Seljord spelstykket "St. Hansdraum" i 1904, Helga Heggfreit spelstykket "Ved midsumartid" i 1905, Martine Strømme fraa Romsdalen gav ut "Blaasymra", ei samling smaastykke i 1911, Astrid Langjord fraa Vefsen spelstykket "Trygding" i 1913, Marie Unneberg forteljingi "Rannveig" i 1915 og Marie Eidshaug fraa Namdalen diktboki "Dogg" i 1915. [Attende til bokhylla] [Frå Anton Aure: Kvinnor i den nynorske bokheimen. Stutte livsskildringar. Kristiania: Nikolai Olsens Prenteverk 1916. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad gjon@sn.no