Per Sivle VÅR-VON Det var ikveld, medan Tankurne sveiv - so vida ikring dei Fuglarne fer -, at ute i Skogen eg gjekk og dreiv. Det var no so fagert og fint eit Vêr. Himlen han kvelvde seg klår og rein, og Våren log ifrå kvar den Grein: "Du Per, du Per, - å hei! å hop,! - og er du no der! Og kjennner du inkje ikveld, ikveld, at Livet, det er no det likaste lell?" Og alle dei Blomar og grøne Strå, eg såg, kvar helst eg so gjekk og fór, dei ruddc seg Rom so hugheilt, dei små, imillom det Lauvet, som datt ifjor; dei keik, og dei nikka. - Eg tykte, eg, det var, som vilde dei segja til meg: "Du Per, du Per, titt, titt! titt, titt!- og er du no der! Og kjenner du inkje ikveld, ikveld, at Livet, det er no det likaste lell?" Og Vinden han veifta so ender og Gong, alt medan Soli i Vester seig. Og Gauken han gol, og Sysvorti song, og Lerka ho tralla, imedan ho steig. Og som eg då gjekk der og rusla so smått, eg tykte, eg skyna deim alle so godt: "Du Per, du Per, - ku ku ! kvivit! tilleti! - er du der! Og kjenner du inkje ikveld, ikveld, at Livet, det er no det likaste lell?" - So anda eg ut av min Barm so sår den Dauda-Dumba i djupe Drag. Eg drakk av den Lufti so frisk og klår, og klinka med Livet, som liver idag. Eg nikka til Lauv og til Gras og til Blom, eg tralla åt Fuglo, so Lunden gav Ljom: "Han Per, han Per - å hei! Hurra! tralala! - han er her! Og det kann han kjenna ikveld, ikveld, at Livet, det er no det likaste lell!" FERDAMANN Eg vanka på Foten so vida ikring yver Stokk, yver Stein; eg fekk Støyt, eg fekk Mein, - og stundom so fekk eg no slett ingen Ting. - "Å hå, å ja, det er so mangt, du i Verdi fær trøyta!" sa ho gamla Gro Brøyta. Eg bygde meg Skuta, eg styrde ho sjøl Men so siglde eg på, miste Ror, miste Rå og fekk vera glad, at eg flaut på ei fjøl - "Å ha, å ja, det er so mangt, du i Verdi fær trøyta!" sa ho gamla Gro Brøyta. Eg smidde meg Vengjer, flaug til og ifrå. Men som kvassast eg flaug, jau, so sa dei, eg laug, og sume, dei kalla meg Diktar, attpå. - "Å hå, å ja, det er so mangt, du i Verdi fær trøyta!, sa ho gamla Gro Brøyta. "GØYM MEG, MOR!" Småguten kviler ved Mor sin Barm, der er han so urædd og held seg so varm. Og sidan han leikar på Golv og Tun. - So byrjar Tora å slå yver Brun, og Rædsla kryp han nedyver Rygg. Då spring han til Mor og vil kjenna seg trygg: "Mor, Mor, gøym meg, Mor!" Og Menneskja vankar so vida ikring, og kvar ho so gjeng, ja, so gjeng ho i Ring. Og når ho so eingong fyr Ålvor vert trøytt, og allting er freista og allting er nøytt, so ligg ho og maurar og veit ikkje meir enn berre ei Lengting som Fugl til sitt Reir: "Mor, Mor, gøym meg, Jord !" Og eg var eit Barn, og eg er ein Mann, og mykje eg vanta, og lite eg vann. Eg vanka og flutte på villande Fot, og jamnast so bar meg no Vegen imot. Og no er eg trøytt, og eg stundar til Natt, og berre ein einaste Sukk eg hev att: "Mor, Mor, gøym meg, Jord!" [Attende til bokhylla] Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad gjon@sn.no