Sundre Nordheim Frå Norskt Barneblad nr. 16/1897 Av K.S Uppvokstren. Det heve voret mange gilde skilauparar i Telemark. Men mest gitord stend det av Sundre Nordheim fraa Morgedal i Brunkeberg. Han var husmanns son og voks upp i Kvæven inn under Kvævenuten. I staveboki gjekk det helder traatt fyr Sundre; for bokstavarne var so rare; han totte T'en liktest ein hamar og D'en ei høna; ikkje kunde han skyna det rare maalet ho var paa helder. Og so vart han so leid heile boki, at han slengde henne paa varmen og smilte so sælt, medan dei feittutte bladi krullad seg som næver. Men slapp han ut aa kliva i den store nuten og springa i berg og ufser, elder han fekk renna utfyre bratte bakkarne paa ski, daa likad han seg. Og det hadde han drivet med, sidan han var ein neve stor. Han miste tidleg mor si. Og so laut han ut fraa heimen aa gjæta. Kald graut og sur mjølk var hans vanlege mat. Men paa honom kom det til aa sannast det ordet: det er fleire uppalne paa graut en lagt i grav. For Sundre vart sterk og hard og seig og so ledug som ein katt. - Ja, no var det vel ikkje berre grauten han var sterk av; det var nok ikkje mindre av di at han føykte so fælt i veg paa ski. For det er ingi idrott, som folk vert so sterke og sprettne og leduge av som av skirenning. Heimbygdi hans var full av bratte bakkedrag med kneikar og støytar, stup og djuv. Og di styggare laamer han rann, di gildare totte han det var. Det fyrste karstykke han gjorde, var daa han laupte Kvævenuten. Han lagde ein stige fraa bakken og burt paa stovetaket; paa stigen lagde han bord, og paa bordi mokad han snjo. Og soleids fekk han lagat seg hopp paa mønet. So legg han upp paa høgste nut, stend steller litt med bandi, og læter so seg glida ut, tek hetta [1] si i handi. Du saag fraa ufs paa ufs det fauk, som naar ein snjostorm ryker. Han berre so kvar ridvang [2] strauk, men mest i lufti fyler. Paa stovetak i ver han spratt og yver fjoset hoppad; langt ned i bakken snøgt han skvatt og fyrst med Bjaaland stoppad. Det var hans fyrste store grip [3], den laami her han gjorde. Og sidan ingen mann var slik, den laam han leggja torde. Sundre i Sætisdal. Med' Sundre tente i Sætisdal, vart han send av til dokter. Det hastad, kann du vita. Og det var tri mil atter og fram. Med Sundre brukad ski so godt, at han greidde dei tri milerne paa gode tvo timar. Han drog, daa klokka gjekk til ni'; litt etter ho ha' slegjet ti', han inn i stova trod. - Sundre prøvdest ogso med sætisdalskjemporne og lagde deim i bakken. Dei visste nok han var god i skibakken, men at han var so god til aa kasta, hadde dei aldri trutt. Ein gong kom talen paa Aamlidskotet. Det er eit støytande bratt skot, og dei meinte paa det, at um Sundre var aldri so god, so stod han ikkje Aamlidskotet. Men Sundre han mylte og log, og so tok han ein dram i eine handi og ei skaal øl i hi; so fauk han utfyre skotet og spillte 'kje dropen. Ja, so fortel dei. Sundre renn i Kastedalskotet. Daa han var komen heim fraa Sætisdal, hogg han og Tolleiv Kastedal timber i skogen. Ein kveld daa dei som vanleg hadde hogget kvar si tylft store stokkar, skreid dei fram med Kastedalskotet. Dei stend og ser ned etter. Øvst er ufser; so sladnar bakken nokot, men brattar stygt ned imot husi; ein stor kneik er det so ned med Moskeid, og bakken held fram heilt til tjørni. "Skal me renna her?" spyr Sundre fyr moro skuld. "Ja, far du fyre, so kjem eg etter," segjer Tolleiv. Dermed so smeller Sundre utfyre med øksi paa oksli og Tolleiv etter med ei byssa i handi - ned yver ufserne hopp i hopp; dei stryk berre nedpaa ryggjer og ridvangar og fyk yver kneikar og klemstre. Daa dei kom ned imot husi, der bakken stuper som verst, laut Tolleiv leggja seg; men Sundre stryk heilt ned paa tjørni. Tolleiv reiser seg og renn resten av bakken; men berre dette stykke av skotet skal vera saa stygt, at ingen heve runnet det sidan. Meisterlaami hans Sundre. Med Hauglid er ville nutar og flog, høge aasar og knausar. Verre uvyrdsrenn en her er vel vondt aa finna. Det skulde standa ei skistemna um meisterprisen der. Dit møtte dei beste lauparar: Gullmund fraa Ordal, Aslak Lofthus fraa Strondi og Torgjeir Noraberg, som hadde stadet Aambergskuten, og Sundre. Folk krullad seg ikring Sundre, for dei hadde som ei meining um, at den som kunde vinna paa honom, han fekk meisterprisen. Dei lagad eit hopp paa sned av ein knaus, som ligg midt i bakken. Rennet byrjad dei fraa ein bratt hause lenger uppe. Men endaa lenger uppe er ville nuten med ufs paa ufs og vridor og svingar. Fraa den nuten skal eingong Sæleguten ha runnet. Han var fredlaus og folk kringsette honom. Livet hans var ikkje dyrt daa, og so sette han utfyre og fauk ned som ein fugl. Ingen hadde gjort den laami sidan. Men no kom Sundre. Og um skistemna og Sundre fortel visa: Laupet byrjad, Gullmund sullad lett utyver, fint seg rende; det var gut, som ikkje rullad, naar han seg paa skiom kjende. Stenger fem ein saag han fljuga fram i lufti. Som ein pinne stend han støyt og kneikar drjuge. Meisterprisen visst han vinne. Men au Aslak Lofthus kunde seg med honom hera mæla. Meisterlaamer hev dei runne, so dei andre tok te fæla; dei vil inn paa Sundre draga, ja, kann henda prisen bera. Sundre vaagen som han plaga' tek no til eit hopp aa gjera. Dette la' han midt paa knausen, so mot nuten laami peikad. Folk dei stimad rundt kring hausen, Sundre upp mot nuten reikad. Upp aa høgste tind han krabbad, stod eit bil og liksom siktad, dermed han ut yver laggad, ned mot folk med huva fiktad. Snjo som skodda rundt han føykte, ett' an raslad lange skridor. Ned fraa ufs paa ufs han løypte, ansad ikkje gov eld' vridor. Haaret seg mot nuten tøygjer, men han vinden ikkje vyrde, skjott som falk fraa tind seg fløygjer ned mod hoppet no han styrde. Lett og mjuk han litt seg bøygde, fram paa hoppet i han spende; det var gut, som ferdi tøygde, femti alner han seg sende yver holt og haslebuskar; fint han seg i lufti faktar, skii sine lint han huskar, stend som han det inkje agtar. Der som kneiken fælast klemmer ligg ei røys. Paa den han støytte, med' i fjukand fart han renner; høgt til vers det honom sprøytte, langt han hoppad, vidar' rende. - Daa sa folk: "Han hev 'kje funnet kneik, som honom bend' i bakke: han hev meisterlaami runnet." Og sant var det ogso. Tenk - fjuka 100 fot i lause lufti! Det er vel eit gasta hopp! So langt som Sundre heve ingen foket heilt til i 1897. Daa var der ein løytnant, heiter Cato Aall. Han hoppad 31 1/2 meter i rennet paa Holmenkollen. No segjer dei, at han heve stadet det lengste hopp, som nokon heve gjort, og han er meisteren fyr alle. Men no kann du slaa yver og sjaa, um ikkje 100 fot og 31.5 meter er lika langt. Og er det so, daa skal Sundre enno vera meisteren. For han greidde ikkje berre eit hopp paa 100 fot; han stod ogso eit stort hopp fraa røysi i kneiken under bakken. Og so hadde nog han styggare laam aa leggja attpaa. Men Fridtjof Nansen fortel, at Sundre hoppad berre 30 meter, og ein annan stad segjer han, at han hoppad 96 fod. Er no det det rettaste, so lyt nog Aall'en faa vera meisteren likevel. Sundre fer til Oslo. Men um det skulde henda, at gamle Sundre lyt fira 1 meter elder so fyr ein spræk Holmenkoll-rennar i hopp, so kann han taka det med ro. For han heve likavel voret læremeisteren fyr alle gode skirennarar. Og det er ingi skam fyr ein lærar, um læreguten gjer han det betre en han. Sidan 1862 er skilaupingi komet meir og meir i vinden sunnanfjells. Kvar vetter heve det stadet mange skistemnor, der sveinarne heve kappast um, kven som skulde bera prisen. Dette heve avlat større og større dugleik og hug til skirenning. Gjævast av alle heve skistemna med Oslo voret. I bakken med Huseby tett vestan byen heve det møtt fram dei beste skilauparar i landet. Og so heve dei runnet um store prisar. Sundre var helder fatig, han. Det kunde verta ei hjelp til mat aat kona og alle borni hans, um han vann fyrste prisen i Huseby-rennet, tenkte han. Difyr tek han av stad, so gamall og graa han var; han gjekk paa ski vegen um Kongsberg og inn til hovudstaden, vilde freista lukka si. Med Huseby møtte han mange staute gutar. Men alle so brukad dei stav i bakken. Difyr gjekk det ogso som verset segjer: Og sume seg bergad og hanglad og stod, men liktest meir krøkjor en gutar med glod; dei vinglad med ski og paa staven dei reid, vilde sagta paa farten, naar laami var leid. Sundre synte vikværer og andre fraa flatbygderne, at den staven dei fôr med var berre til meins. Han og dei andre telegutarne hadde longo kastat stavarne. Naar ein ikkje heve den aa lita paa i verste vanden, so fær ein meir sprett og spenn i leggjerne og so lærer ein aa raada med skii til gagns. Og daa kann ein greida mykje lenger hopp og styggare kneikar. Daa Sundre skulde renna, lagad han eit hopp, der hine byrjad. So gjekk han heilt upp aa høgdi og fauk ned etter i susande fart, hoppad aattie fot, fôr vidare gjenom ei sky av snjo og greidde bakken som ein leik. Du skulde ikkje sjaa likt til vingling fraa Sundre. So skreid han lett og ledug etter hine i lengdelaupet. Han fôr fram um alle, som fyre var, og kom att som fyrste mann. Alle laut bisna. Ingen hadde sêt slikt eit lag, som den gamle mannen hadde med skii. Daa Sundre andre gongen kom inn til Huseby-rennet, hadde dei kastat staven. No rann dei mykje betre. Men dei hukte vel mykje i kneom, naar dei kom ned fraa hoppet. Og dei datt jamleg baklengjes. Ein god laupar held seg meir jamnt, han legg seg djervare fram yver, og høver det han dett, so fer han helst paa nosi. No som sidst vann Sundre beste prisen. Han hoppad 7 stenger. Han fekk den sylvkrusi, som kongen hadde sett upp. Daa kann du vita ho var mæt. Og so fekk han ein stor gullskilling til aa hengja paa bringa. Kongen sjølv var der og saag paa. Og han vart so ovglad i Sundre. "Du er den beste paa ski eg heve sêt," sa han. Dette hende millom 1862 og 70. Men ettersom dei lærde av Sundre og andre gilde telegutar, vart det ein heilt ny svip med skilaupingi der inn med byen. Notar: [1] Hetta: huva (i Telamork). [2] Ridvang: liten rygg. [3] Grip: varp, karstykke. [Attende til bokhylla] Frå Norskt Barneblad 16/1897. Elektronisk utgåve 1997 ved Jon Grepstad gjon@online.no