Arne Garborg Knudaheibrev I. Knudaheio 22. 5. 1899 Du Steinar! Ja; no er eg heime att. So heime som ein burtkomin Son kann vera, naar Heimen er burtkomin likso vel som Sonen. Og det fær eg vel segja at min Heim er. Eg var Erving og Odelsmann. Garden laag fint i Sud-Halle attunder Garborgs-Aasen, med Aas-Høgdi til Live mot Hav- Vinden fraa Vest og Nordvest, og med Risa-Bakkane til Trygd i Sud, og Tjensvoll- og Mossige- og Fosse-Bakkane i Aust, og ovanum deim Fjellheimen den blaae. Fager og vel-stelt laag Garden min der, ned-ervd til meg gjenom Aldrar og Ættir, og upparbeidd aat meg ikkje minst i den siste Tid. Men eg skauv Garden fraa meg. Den skauv daa au meg fraa seg. Han Far, som var sjuk, gav upp alt, selde Garden og gjekk or Verdi. Me Borni søkte nye Heimar. Kvar me kunde, og kvar paa si Leid. Men Heimar er kje so snart bygde som dei er brende. Heimlaus var me og heimlause vart me, tvo av oss i Norig, dei andre i Amerika. Det er Bondeliv fraa det norskdanske Norig dette. Nordmannen er heimlaus no. Lande hans hev i 500 Aar vori framandstyrt; no er det framandt. Han kjenner seg ikkje heime lenger; og so fèr han. Med meg som med andre fekk Heimløysa Magti. Og ut kom eg. Vildra og vanka paa framande Stadir. Leitte etter eitkvart, men visste kje kva det var. Til Slutt fekk eg ein Mistanke um, at det var ein Heim eg leitte etter. Mange Aar gjekk. So fann eg meg att ein Dag uppunder Dovrefjell. Der hadde eg reint uventande fengi meg ein Heim. Og ei Kòne hadde eg; og ein Son attpaa. Der kunde eg daa vorti verande, meiner du. Slik ei livd Kraa høgt upp-ifraa alle Bygdir millom Skyir og Skog og blanke Votn og Reinmose-Viddir og breide blaae Øysterdalsfjell, den kunde eg godt vori nøgd med. Eg er daa Bonde, segjer du, "og ikke af Embeds- eller Finne- eller Fante- eller andet Nomadefolk". Ja. Du kann so segja. Men no skal du høyre kóss det bar til. * Som sagt er: me var vortne tri der uppe i Fjelle. Og den tridje var ein rómfrèk Kar. Skulde me hava'n her, laut me byggje paa Stogo. Timber var hoggi og Timbrar leigd. I god Tid: eit Aar sidan. Og ein Timbrar til hadde me tinga paa, um den fyrste etter Øysterdals Vis skulde bli "hindré". Timbraren vart hindra. Daa me sende Bòd etter 'n, hadde han fengi ein Verkefing. Me bòdsende den andre. Men han hadde ikkje havt so mykje som eit Aar, han, til aa fyribu seg i. So turvte han ikkje nokon Verkefing heller. Han berre sagde: var det so likt. Og han lagde til: eit anna Aar, kannhende. Der stod me. Vente eit heilt Aar etter Hus-Rom, - so mykje Øysterdølir var me endaa ikkje vortne. Og det me serleg trong um no snart, ein norsk Barneskule, hadde dei kje meir upp-under Dovrefjell enn ned-under Grefsen-Aasen. So stengde me Dørine og drog. Me leigde oss inn paa Stokke i Jarlsberg den Vinteren, som du veit; Vaaren etter drog me paa Huse-Leit: Uppetter paa Telemark- Leidi. Mangt saag me der som kunde vera godt. Men jamt var der eitkvart i Vegen. Og ei vrang Sanning kom upp. Eg kjende meir og meir at eg var Jærbu. Hadde kjent det lengi, men ikkje vilja vita av det. Men Jærbuen vart sterkare og sterkare i meg; eg slapp ikkje ifraa 'n lenger. Hav-Lengt livna; Hav-Minne drog; millom Fjell kjende eg meg innestengd. Vidd, Vidsyn maatte til; Hav. Havglans, Havglim, Havglitter; Havsus, Havbrot, Havbrak; Havstorm, Havskodde, Havrædsle, all Havsens Villskap og Leik, det var det som no tok til aa blenkje og dure og dundre for meg. Men i Ryggen maatte eg hava ein Fjellgard, roleg og stød og blaa. Halve Verdi hadde eg fari kring og leitt etter Heim; no kjende eg, at rett heime vart eg ingin Stad utan heime. Men - . Ja du kjenner Verdi. Han spaar, men ho raar. Hulda var Austlending. Heidmorking. Hadde aldri i sitt Liv lukta Sjø, utan fraa eit Eimbaatsdekk. Paa Jæren hadde ho vori ein Gong, og tótt der var gildt. Forunderlegt; eit heilt nytt Land! Men rart. Liksom so utrygt. Paa desse flate Viddine der all Verdi kunde sjaa henne hadde ho mest ikkje visst kvar ho skulde gjera av seg! Og so var det Vinden paa Jæren, denne uslitelege Vinden. Nord og Nordvest og Nord til Nordvest. Og so Regn og Skodde og kaldvori jamt. Nei; til Jærbu dugde ikkje ho Hulda. Der stod me paa nytt. So laut me semja oss. Det vart til det at ho, Austlendingen, skulde velja Austlandsbustad aat oss; og eg skulde finne meg i alt ho her fann paa, og ikkje knurre meir enn so maateleg. Men eg skulde faa byggje meg ei "Ungkars-Stogu" paa Jæren. Kolbotnen fekk me selja. Men det laut me no, trøyste oss, kor som var. * So gjekk det som du veit. Me bur i Asker; kven skulde no drøymt um at eg skulde bli Askermann. Men mi Ser-Kraa hev eg her. Paa Jæren. Upp-under Undheimsfjelli. Innmed Knudaheiberge; i Knudaheio. Kva det no kann vera for ein Knud som her hev haldi til. Her vil eg daa vera heime eit Bil kvart Aar; og sitja og sjaa ned-yvi; og so skal eg ikkje krevja meir av denne Verdi. Men Kolbotnen vart ikkje seld. Dei som hadde Vìt paa Kolbotnen hadde kje Pengar, og dei som hadde Pengar hadde kje Vìt paa Kolbotnen. Og glade er i Grunnen me. So hev Tuften sin Serheim han med, og me er vel etter Folketale det heimrikaste Huse i Norig. Ein Herre kjenner eg meg og ein Uebermensch. I kvart Hyrna av Sud-Norig hev eg ei Borg: ein Fjellheim upp- under Dovre, ein Havheim ut mot Nordsjøen og ein Bygdeheim og halvt Byheim midt i svartaste norskdanske - Kulturen fær eg vel segja? - for halve Kristiansby ligg i Asker um Sùmaren, veit du. Eg kann daa, som andre Nordmennar, vera Herre til dess eg spélar upp. Og i Asker kann eg spéla upp; for der hev me so vidt mykje at det vel kann verte til ein rimeleg Sakførar. Men kor gali det kann gaa: tvo Gardar vil eg i alle Høve vera Eigar av. Og det vert ein til Kjeringi og Guten, og ein til meg sjølv. So at kvar Gong me vert Uvenir, kann me skiljast og leggje nokosonær heile Norig imillom oss. Seg meg um du trur, at norske Bokfolk kann faa det stort greidare i denne Verdi? * At Heimhugen skulde vera so sterk i ein Farafant som eg er, det hadde du vel ikkje tenkt. Sant aa segja trudde ikkje eg det heller. Eg skulde vera tòlleg frigjord i so Maate no; hadde endaa ei Tid tenkt aa gjera Utlending av meg. Det er ikkje meir enn eit halvt Tjug Aar sidan eg i den Tanken fór fraa Lande med heile mitt Hus. Og det var rimlegt nok. Folke mitt eigi hadde ikkje Bruk for meg; og eg kjenner meg ingin Stad meir heimlaus enn millom dykk norskdanske. Til Tyskland bar det, som du veit. Til Sør-Tyskland, Bayern; der plar me norske like oss. Og billegt er der au; der er mill. a. det, at Staten ikkje blodsyg Smaafolke med Toll so hardt der som her uppe. Med god norsk Hjelp (Maalaren Ekenæs er det som eg her hev aa takke) fekk me oss Bustad hjaa ein Bonde i Landsbyen Diessen; der livde me billegt og hadde det rolegt og godt, so me snart tok til aa koma oss. "Hos Mama" vart ferdug og kom paa norsk-danskt og norskt (med Ivar Mortenssons gode Hjelp) og tyskt; Pengesuti var daa sløkt for det fyrste. Um Vinteren heldt me oss i München; der kom me i Lag med baade norskt og tyskt godt Folk og lika oss framifraa. Dei stride Dagane me hadde havt i Kolbotnen vart gløymde. Og Tuftekallen vitrast og voks. Han tok til aa segja eitt og anna Ord au i dei Dagane. Men berre tyskt kom paa hans Munn; i dette Kulturspursmaale brydde han seg ikkje um Foreldri sine. Han maatte hli ein fullkomin Tysker, um han fekk vekse upp her. Paa Vaarsida tok me oss ein Sving ned-til Italia; maatte sjaa det Lande med, naar me var so vidt nære. Og tenk um me kunde finne oss ein Bustad paa klassisk Grunn! Ein skulde kunna liva endaa billegare der nede enn i Tyskland. Den Tanken gav me elles snart upp. Det var Tyskland me for det fyrste fekk tenkje paa; men skulde ein Bokmann av mitt Slag kunna klara seg der, so laut han sjaa um han kunde faa eit Fotfeste i Berlin; me flutte til Riks-Hovudstaden. Der vart me verande ei god Stund. Billeg Bustad fann me i Erkner, ein Landsby ikkje langt ifraa Storbyen. Der fekk eg mill. a. ein Tanke um det tyske Skogbruk: Skogen vert planta, og so i si Tid "hausta", Teig for Teig; kvart Tre vert ut-nytta fraa Rot og til Topp og Kvist; so vert ny Skog sett, o. s. fr. Eg hugsar eg gjekk og undrast paa, kor mange Mannsaldrar det vil taka fyrr me norske kann faa slik Skikk paa Skogstelle vaart. Mykje Godvilje møtte eg i Berlin. Serleg maa eg nemne Bokmanns- og Kunstnar-Lage "Freie Bühne"; millom dei styrande der fann eg Samhug og Studnad som gjorde mykje til at Mode mitt heldt seg uppe i ei Tid som elles kunde vorti leid nok. Men Heimhugen er det lite Vìt i; sistpaa vakna han trass i alt. Vakna og gnog og gnog. Enden vart at me gav upp Utlandsdraumen. Lære kann ein i framande Land. Og kvile. Stengje seg inne og arbeide med. Men Folk som eg maa bu heime, skal Arbeidshugen halde seg frisk; den Juling ein skal hava fær ein finne seg i. Me fann ut at me fekk freiste Kolbotnen att. Naar me var der paa Sùmarsida so mykje me kunde, og so trøyta svartaste Vintertidi i Byn, so maatte me klara det, meinte me. Heim att bar det. Og klara oss gjorde me, - til dess dei nye Vanskane kom som eg her framfyri hev nemnt. No hev me funni Raad for deim med, trur me; tykkjest daa vera trygge. Og den Heimhugen som skulde vera burt-sivilisera vinn meir og meir Magt. Naar Vaaren kjem, og det livnar i Jordi, og 1øynde Kraftir æser, vaknar han i meg som eit Samvitsagg; paa Heimgangsdraugs Vis søkjer eg daa hit nokre Nætar og spøkjer paa gamle Tuftir. For meir vert det ikkje. Det var nok eit Bil eg tenkte paa aa koma heilt "heim". Eg vilde vera Bonde og min eigin Herre liksom Fedrane mine; - eg vert stundom so leid av aa liggje aa prikke paa Papper med ein Penn stødt. Eg slo paa dette jamvel for Doktaren. Men Doktaren smilte. Og sagde meg Ting som eg ikkje kunde koma ifraa. Eg dugde ikkje til Bonde lenger, var Meiningi. So fær eg vera nøgd med aa "spøkje". I det heile: det du ein Gong hev kasta ifraa deg tek du ikkje letteleg att. Men endaa er det meg ei Kvild aa vera heime. Det lettar aa faa gange paa Heime Grunn og ande Heime Luft og tala Heime Maal og friske upp Heime Minne. Nokon Hav-Jærbu er eg ikkje; snarare burtimot halv Fjellmann; so stend daa au Stogo mi her i Fjellbryne, nettupp i Millombrøyte millom Flatland og Fjell. Aa, som eg kjenner att dette brune Heid-Lande med grøne Gardflekkir og her og der ein Skimt av Vatn eller Aa, so som det herifraa breider seg ned-yvi og ut-yvi til Havs: Tunheims- og Risa- og Tjensvollbakkane, Mossige- og Fossehøgdine og lenger nord og ned Hognestadog Hauglands-Gardane; midt ned-for Vindaugo mine hev eg Garborg med Aasen og Forane; nedanfor der alt Maulands- og Gudmestad- og Taarlandsmarkine med Torvmyri; lenger nede noko av Bø-Bygdi, og nordanfor der Nesheims- og Høylands-viddine; so lengst ned-ved Hlavkanten Aabrést (Obristad), Haa, Nærland, Saltesandane: og so lyfter Have seg ut imot Himilsyni liksom i en breid blaa Bakke, høgreist eller makleg etter som Lufti er. Lengst ute, der Hav og Himil gjeng ihop, er daa Ytregrensa for Heimlande mitt, dette lyngbrune, skodde-slørde Lande med Heidar og Bakkar og Myrar og Strendar og Aair og Votn og blaablank Sjø, - det eg best kjenner, det eg sist gløymer. * Lenge leitte eg, fyrr eg fann denne lufti. Alltid naar eg var her hit-yvi i seinare Aar - "Fred" skreiv eg paa Ut-Salte; det meste av "Haugtussa" vart til paa Loftkammerse hans Lensmann Gausland, som bur i Taarlandsmyro og held paa aa gjera den um til Aaker og Eng - , lurde eg etter Tuftir; og helst tenkte eg daa paa ein Heidabìte som eg kunde gjera "Gard" eller "Plass" av. Mark-Aasen saag eg paa fyrst. Det er vestan- og nordan-i Garborgsaasen, det, i Marki vaar var; der gjætte eg so mang ein God Dag daa eg var litin. Og eg lika meg i Markaasen. Ein skimtar ei Rand av Have fraa øvst i Markaasen; og paa Nord- Rése, der Aasen svingar aust-yvi att, ligg dei tvo Gravhaugane som eg i Barneaari hadde drøymt ymist rart um, etter Sogur som "Carolus Magnus" hadde fortalt meg. Eg hugsar ikkje desse Draumane so vel no. Men det gjekk um Kongar som var nedgravne her, med Kronur og Kongsstavar og i full Stas; men blanke Sverd laag yvi Kista i kvar Haug, og stakk alle som grov seg ned-i og vilde leite. Nedanum Markaasen ligg Maulands-Hagen. Den hev fyrr høyrt Mauland til, Grannegarden vaar nedanfor Aasen. Her renn Tver-Aai i blenkjande Svingar; den vilde vera gild aa hava aa sjaa paa, meinte eg; og like eins dei grøne Maulands-Engine ho gjeng igjenom. Stogo hadde eg tenkt aa leggje tett inn-til dei gamle Haugane, soleis at desse paa ein Maate vart medhøyrande til Garden min. Men denne Draumen sprengdest. Markaasen var sundskift og sundgjerd no; det var ikkje min Markaas lenger. Og so var her komi so mykje Gjerde. Eitt av deim gjekk endaa midt yvi den eine av dei tvo Gravhaugane. [Note: Gravhaugarne er burte no. 1922] Eg miste Mode paa Markaasen. Sidan leitte eg etter Tuft baade her og der, fraa Tu-Bakken med Veda-Haugen og alt til Heidane upp-ikring Synesvarden. Til Slutt skulde det laga seg her paa Stora-Undheim. Der fekk eg for hundra Kronur knapt eit Maal Jord med all denne fagre Utsyn. Dei segjer eg vart snytt. Hundra Kronur for eit Maal Lyngmark upp-i ei Stein-Heid, det var daa kje med Vìt, segjer dei. Men daa reknar dei ikkje Utsyni. Dessutan, kva skulde slik ein som eg vera til, naar han ikkje let seg snyte so daa og daa, helst av Heimefolk? Og hev eg forskyldt den Markabiten godt, so kann eg vel au vera tvi-trygg paa at eg eig 'n. Veg hev eg mest heilt fram. Det er berre eit Par Gjerde aa klive og eit Par Myrhòl aa klara fyrr eg kjem aat Hus; og baade Handelsbu og Mjølkebruk ("Meieri") hev eg ned paa Garden, so eg snart kann naa deim men ikkje tarv sjaa deim. Eg skal nok klara meg i Knudaheio. Huse vart mykje dyrare enn eg hadde tenkt; um Lag te so dyrt. Men so hev eg au fengi eit Hus paa Festningsmurar, og med ein Kjellar som eg kunde bruka til Smede-Verkstad. Byggjarane trudde eg var rik, maatru; paa ei einaste Bok skulde eg ha tent tjuge tusund Kronur; so eg kunde vel kje bu her i Undheimsfjelli reint som ein Fant. Eg fær daa sjaa aa berge mi Rikmanns-Ære so godt eg kann; Byggmeistaren min, han Sven Litla-Undheim, er rimeleg og greid, so det skal vel laga seg. Høgt ligg Stogo og ser vidt yvi Land; ikkje sjølve Garborgsaasen kann stengje for meg lenger. Det er ein av Barnedraumane mine som no paa ein Maate sannar seg. Eg var i den Draumen Lyktemann, og hadde Holo mi ein Stad her upp- ikring Sikvalands-Kulo. I myrke Nætar gjekk eg med Lykti ned gjenom Heidar og Myrar aat Sjøen, og gjorde underlege og visst for det meste gode Gjerningar. No er det smaatt med baade Nattferdir og gode Gjerningar; men Hola mi hev eg daa her, paa Lag upp-under Sikvalands-Kulo; og Augo mine gjeng sin Lyktemannsgang yvi Myrar og Heidar til Havs rett som det er. So eg vart endaa som ein Lyktemann paa Jæren. Attum Stogo er Fjedlo. Det er Smaaberg og Knausar; men dei veks etterkvart som ein kjem lenger upp, um dei no ikkje vert so svært store. For kvardagskloke Augo er her lite aa sjaa. Men eg som hev fari her i den Tidi daa ein stundom ser Synir, kann skilja mykje og mangt som ikkje alle fær Tak paa. Eg ser tydeleg Bitar og Brot av Jøtnar eller Troll som her i gamal Tid vart mjølneslegne eller gjekk i Stein for den stigande Soli. Sunnanum og noko ovanum Stogo ligg det ei veldig Kongskrone, noko skakk etter sitt tunge Fall fraa Jøtunskolten, men elles gild. Tett nordanum hev eg Knudaheiberge, som er ein steingjengin Trollfot. Kne-Leden, som er bøygd i tòlleg rett Vinkel, er fallin nordyvi, so at Laarstubben tøygjer seg hit-imot Huse mitt, og Leggen, noko brotin, strekkjer seg austetter. Fire- fem Famnar høgare enn Husmøne mitt lyfter dette Bergknée seg, med mange hardslipte Jutullsteinar burtetter Vinkelen sin, jamn som ein Kongsveg; bygd av Stein og duka med Lyng og fin Steinmose. Gildt er det aa gange der uppe og sjaa ut-yvi Rike sitt som strekkjer seg fraa Sud til Nord lenger enn eg kann sjaa, inneringa av Fjellheimen og den solblanke Sjøen. -- Det lid til Kvelds. Eg vil uppaa dette Troll-Knée. Eg vil sjaa paa Verdi mi. Sjaa Soli naar ho sig og legg seg til Ro i si silkeblaae Hav-Seng. Og Havguden vil eg sjaa, den æveleg unge, som smiler so blidt naar han tek imot den straalande, svevnblide Bruri si. Det er slik ein fager Fyrisiùmars Kveld; Sjøen den blanke han blinkar og han blunkar... [meir kjem] Notar og ordforklaringar: Papper: Papir Millombrøyte: "Overgang" Mossige (Vats-sìge skal det tyde) vert mest uttala Massøgje eller Mossyg. Fór(d): lita Aa: Myrlende ved ei slik Aa. Myro (Myraa) = Myri. Veda- (Vita-): den gamle Hèrvarslingsvarden stod der. forskylde: "gjenglælde"; betala. [Attende til bokhylla] Frå Arne Garborg. Skriftir i Samling. Kristiania: Aschehoug, 1908-09. Elektronisk utgåve 1997 ved Jon Grepstad gjon@sn.no