Arne Garborg Kolbotnbrev 2. Husliv. Fyrste Breve. Kolbotnen, Januar 1888. Gode "Fedraheim". Ja; no er eg flutt tilfjells for Aalvor. Og du er komin etter! - Velkomin til Tynnset, fær eg segje; og godt Nyaar! Maatte du trivast her. Maatte du vekse og feitne. Maatte dine gamle Vénir vera trufaste mot deg; og gjev du fekk mange nye Kjærastar paa det nye Aare! No lyt du sjaa innum paa Kolbotnen òg, naar du fær so og driv. Eg ser nok du kallar Huse mitt for Legdestogu og meg for Husmann; men er du den du hev vori, so ser du nok innum lell. Eg hev kje noko aa bjode paa; det er kje det. Jolebrennevine er uppdrukki; og vil du hava deg ein Røyk, maa du sjølv halde deg Pipe og Tobak. Men ein Kopp Husmannskaffi kann du faa, um du vil tekkjast med det; og so skal me spela Whist med Blindemann; og innimillom skal me baktala vaare Vénir og leike Ulveleiken med Sjapa. Og so skal du aldri ha sét so vent som det er her no! Sùmaren, stakkar, er reint graa han, reint armodsleg, mot all den Glans me no lìver i. Det er som dette breide, rolege Lands-Lage her treng Vinterglimen yvi seg til aa faa sin rette Storleik. Ja for Lands-Lage er ikkje mykje skiftande. Det er kje Vestlandsfjell med Braastup og himlende ville Tindar; allting er jamt og rundt og stødt og godt underbygt. Det hev aldri Hast; skvett aldri til med braae Tiltak eller store Sprang: Østerdalen er som Østerdølen: "me fær no sjaa daa!" Men smaatt som det gjeng veks Lande seg stort med Tidi. Aas byggjer seg upp yvi Aas og Vord yvi Vord; er der so til Sut eit godt breidt Grunnlag som ser ut til aa kunna staa ei Stund, so kanskje tek det til aa mùna seg upp i Høgdi. Og langt, langt inn til Fjells kann det so hende det vinn seg upp. Der er Høïr og Høgdir som kunde bera Himilin i si rolege Kraft; og finn det daa paa aa kvesse seg til tind, so vert det Tindar som kjem i Geografien. Yvi all denne storlagde Ro breider Snøen seg fast og fin, so Høgdir og Kvelvar og lange Sjøar er som hogne og skorne i Marmor. Og yvi desse Marmorviddir gjeng Soli og Maanen og alle glitrande og knitrande Stjernebilæte med tusundskiftande Glans. Glans av Eld og Glans av Gull, og skjelvande blaatt Stjerne-Skimmer; og so Glans og Glim i alle dei finaste Skiftingar og Millombrøyte, so du veit korkje Likning eller Namn. Men burt-yvi den maanekvite Botnen stend Skogen svart og trollsk. Han breider seg i vide Moar og tøygjer seg frametter Aasane i lange grésne Lidir som eit stridt, stivt Skjegg, kvitsprengd og uhorveleg. * Idag er det graatt. Fin turr Snø seller seg ned fraa eiit lett Skyslør som dreg seg yvi all Himilin, men som det her og der ljosnar i, so me kann vente Sol i Dag au. Fin Snø drysjande lett og stilt ned gjenom graa Luft er festlegt; mot dei svarte Furune utanfor Glase vert det som ein Draum aa sjaa, - ein florlett, kvervande Morgondraum. Lufti er so mjuk liksom; ein ser burt-yvi Aasane og tenkjer paa Linnvêr. At Folk maa frjose ihel her; men nei; de vert ikkje so snart kvitt oss. Det kann vera Kuldegradir nok; men so rein er Lufti at ein kjenner deim ikkje. Berre i sjølve Joli var det kaldt her; men daa var det òg so det knistra og knaka i Veggjom. Stakk ein Hovude ut gjenom Døri, vart ein kvit baade paa Haar og Skjegg, graakvit som Jolelufti. [...] Ein maa gjeva Tòl ut til Klokka tie eller so, vil ein sjaa Soli paa Kolbotnen. Daa tek det til aa kveikje seg att-i Aaskanten burtum Sjøen ut-imot Trona; fin ljos Morgonrøde ligg og gløder og gløder mot skir, blaa Snø, til dess det kveikjer seg upp i bleik Gullglans og straalar fram yvi Himilin og ut gjenom Verdi at no er det Dag! Og Dagen strøymer fram gjenom Dalar og Djuv; og det vaknar vest i Rundom. Daa er det so friskt at daude kunde vakne; og Snøen paa Høgdine glimar i raudt. So arbeider Soli seg upp yvi Bergryggen med den eine Kanten. Vinn seg smaatt um Senn upp med heile Skiva. Glid fram yvi Lomsjødalsskare vinterkald og stor. Laagt sigler ho fram yvi Aasane. Og Himilin lyfter seg frostblaa og høg; det er so klaart at ein ser Furugreinir teikne seg filigranfint paa den luftblaae Grunnen milelangt burte. Og Aasar og Fjell stig fram i den snø-ljose Dagen som modellera, i alle sine fulle breide Formir og i alle sine faste Drag; det er ikkje Flatur lenger; alt er Lìkam, Runding, Plastik; det er kvite veldige Gudekunstverk meisla for Ævords Tidir. Der uppe paa skinande Marmorhøgdir, under høg Himil, i dette Hav av Blaatt og Soltindring, leikar kvite Aandir i Dans som ingin ser. Det er fredlyst og fredstilt. Helg yvi Viddine. Høgtidsfred. Rundane blaanar nede i Vest, snøklædde fraa Toppen til Foten. Du stirer paa deim til du gløymer deg sjølv. Det er Lande austanfor Sol og vestanfor Maane; der flakkar Eventyrprinsen um og skyt Syv-Endar, drøymande um den fagre svikefulle Møy i dei jordiske Dalar. - Men naar Soli kjem so langt som eit Stykke vest av Professor Guldberg, so er der ein Aas som er henne for høg, og som ho ikkje kann faa under seg. Der smetter ho seg daa attum; og so hev me Dag utan Sol i Kolbotnen. Naar ho kjem att andre Gongen er ho kveldsvevnug og raudøygd. Glyrer daudt og kaldt; er ikkje med lenger. Og det legg seg som ein raud Skugge yver Snø og Skog. Men i den Stundi ho gladar held ho ei straalande Høgtid. Ho logar upp so Luft og Skyir vert Eld; Blod og Eld; Purpur; og Elden sloknar av til Gull; og Gulle raudnar og vert Kopar; men Koparen døyvest og vert Bronse, og Bronse ljosnar av i Violett eller Sylv. Det er Glans etter Glans, Gliming yvi Gliming, i Fyrstningi skinande sterkt, men dimmare og finare for kvar Skifting; sistpaa dovnar alt av i fine, kalde Blaalitir som gjeng yvi i veike Skiftingar av graablaatt og graatt; og so er det Natti. Her ein Dagen var Kjeringi og eg som vanleg ute og gjekk. Inntulla i alt det me aatte av Klæde arbeidde me oss ut yvi Sjøen paa Ski, som tvo svarte Smaa-Troll paa ein Isbré; Sjapa tvinta og trilta ikring oss i Snøen som eit glinsande mjukt svart Silkenøste. Daa me kom glidande heimatt gjenom Sunde nordanum Holmen, glada Soli. Der ute i Vest, yvi dei sylvblaae Rundane, kveikte ho ein Allheimsbrand. Lengst nede eit Lag med skinande Grønt som eit glimande Metalskjold; yvi det grøne, og ikring det, Lag yvi Lag med straalande raudt, fraa blodmyrk Purpureld lengst nede gjenom linnare og linnare Gliming upp-etter, til dess heile det forunderlege Farge-Eventyr toppa seg av og folna burt i skjelvande fine Lilla-Litir og Violett-Skimmer; rundt om alt dette ei tett Rand av myrk, jønnblaa Himil. Me gjekk og stirde paa Syne og kunde mest ikkje tru paa det. "Den som var Maalar!" segjer ho Hulda. "Ingin kann maale slikt", meiner eg. "Nei; og um ein kunde, vilde ingin tru det." "Dei vilde segja det var usant." - Dei vilde segja det var Galskap." - "Slikt hev ingin sét paa denne Jord, vilde dei segja." - "Og det er sant. Stakkars Folk, som gjeng der nede i berre Graatt og aldri fær sjaa slikt. Nei men hev du sét - ? Kva skal ein likne det med? Kva skal ein kalle det?" "Me skal halde vaar Munn," segjer eg. "Dersom Shakespeare sat her i Aar etter Aar og saag paa det og vreid Heilen sin som ei vaat Fille til aa finne Samanlikningar og Ord ... han vilde til Slutt kaste Pennen og gaa heim og drikke seg full." - "Og endaa er det som det minte meg um noko ... noko som eg hev sét eller tenkt meg ..." - "Kanskje minner det oss um den Verdi der me ynskjer aa høyre heime. Eg maa tenkje paa noko eg drøymde ihop daa eg var litin. Gud Faders Høgaltar i Himilrike tenkte eg meg soleis paa Lag." - Me strævar upp Bakkken og heim. Og alt sig burt i kveldsblaae Skuggar. * Ja eg røder um ho Hulda eg, og "Kjeringi mi"; du hev vel høyrt at eg er gift? Det var no òg eit Paafund. Men det var det, ser du, at eg skulde til Fjells. Eg fann ut at der ikkje var meir enn ein Stad i Lande der eg kunde bu; Kristiania var for fælt; Smaabyane var endaa verre; heime paa Jæren var der for tjukt av Oftedøl - "Kaninar", som de kallar dei no; eg maatte til Kolbotnen. Der hadde eg daa liksom Gard au. Men den som skal ha Gard maa dertil ha Kjering; og so snakka eg med ho Hulda um det; me var no eit Grand kjende fraa fyrr av au me. Ho var ikkje noko sers um det i Fyrstningi. Men eg lokka for henne og kytte og smaalaug; og sistpaa nemnde eg Sjapa. "Du fær kje anna aa gjera enn passe Sjapa!" - det maatte hjelpe. Det visste eg; for slik som desse Gjentune fór og flaug etter Sjapa der inne - Bikkjekvalpen du veit -, det var meiningslaust reint. Og so snart Sjapa var nemnd, saag eg straks at ho Hulda tok til aa tenkje paa Tingen. "Mja -", sa ho og drog fælt paa det; "du segjer kanskje noko lell, du." - "Men fyrst maatte eg vìta kva du kann," sa eg; eg vart kry no, daa eg forstod at eg hadde Gjentelykke. "Ja det kann du alltid faa vìta," svara ho; "eg kann laga fjortan Kjøtkakur av den Deigen som andre berre fær sju av." - "Kann du det?" spurde eg. - "Ja det kann eg,"svara ho. - "Ja daa ser eg at du høver aat meg," sa eg; "det var nettupp slik ei Kjering eg skulde ha, ser du. Det kunne falle seg fælt godt mang ein Gong upp-i Kolbotnen ... ja der er Mat nok, veit du! det hev aldri vanta Mat i Kolbotnen. Men like vel, ser du -. Ja slær du til daa?" - "Eg frys vel ihel der uppe?" spurde ho. "Nei; du skal faa døy av gode Dagar," kytte eg; "og elles veit du at Dauden skal ei Orsak hava." - "Ja det var eit sant Ord," sa ho; og so gjekk me til Byfuten. Men daa eg so ein Dag her uppe bad henne laga fjortan Kjøøtkakur av deigen til sju ......... Aa me toskute, toskute Mannfolk. - Det var ein graasur Dag, Bryllupsdagen vaar; ein Kristiania Desemberdag av rette Slage. Eg budde i eit gamalt Trehus upp-i Pilestræte, i tvo smaae myrke Kòt; der gjekk fraa Morgonen av Brur og Brudgom og pakka Kuffertar. Klokka tolv kom Markus Olivarius Markussen og ein til; so læste me Døri og gjekk. Kristiania laag og kava i Desemberskodda og hadde ingin Draum um, at noko stort skulde hende. Brur og Brudgom i Kvardagsklæde og tvo Mann til stig inn paa Kantore hjaa Byfuten. Ein litin Kantorist kjem, "hva ønsker De?" - "Tak .... denne Dame og jeg vilde gjerne bli viet." - "Vers'god; vil De gaa der ind ... saa kommer Byfogden." - "Tak." Ein halv Time etter gjekk me ut att same Vegen, og hadde no Brev paa at me var gifte. Og det er Breve det stend paa, veit du. Fyrr hadde me vori syndige; no var me reine som Gull. Og det hadde ikkje kosta meir enn 5 Kronur og 36 Øre. Avlaate var so billegt at me totte me hadde Raad til aa gaa til Gravesen og faa oss Middag. Dit gjekk me, heile Bryllaups-Lage, og aat vaar Middag millom dei andre Middagsgjestine. Me tok ein Dram til Maten og rødde um laust og fast; millom anna fekk me Mark Oliv til aa fortelja meg, kva Ægtefolk hev aa gjera naar dei vil fraa kvarandre att. "Den beste Raad for Folk som vil fraa kvarandre er Utruskap," lo Mark Oliv; og me lo alle. Daa Midagen var fraa-seg-gjord gjekk Brur og Brudgom heim i Pilestræde att og pakka Kuffertar. Klokka nie neste Morgonen var me med alle vaare Tølur umbord paa Toge som skulde til Øysterdalen. Det ringde og peip; Døri vart stengd; me gjorde lang Nase til Kristiania og sa "Bæ!" - og i Veg bar det. Farvel, du dygdesure, du dygdearme By! Me dreg tilfjells og byggjer oss eit Reir uppunder Sky. Me dreg tilfjells og byggjer oss eit Reir uppunder Sky; Farvel, du dygdearme, du dygdesure By! * Femte Desember. Isande Vind. Himilen tung av blaae Snøskyir. Me køyrer upp Isen paa Glaama inntulla i Pelsar og Sjal; Kjeringi i Sledesæte med Sjapa paa Fange; eg frami Dumpen; fyri oss Skjuss-Karen med Kuffertlasse. Ut paa Ettermiddagen er me framme. Kolbotn-Stogo sting seg fram or Snøen som ei stor Tuve og ser jammerleg ut. Me stig inn; det er kaldt som i ein Iskjellar. I Gruva ei liti Snøfonn. Det gjeld aa faa Varme. Eg hiver Pelsen og ber inn Ved. Men Veden er raa. Eg ligg i Gruva og pustar og blæs ei Stund, men kjem ingin Veg. Det berre kokar og sjoar i dei raae Vedskidine. Me hev fengi sett upp ein Komfyr til Vinterbruk; Hulda ligg paa Kne og strævar med aa faa det til aa brenne i den. Men han dreg ikkje. Stend berre og røykjer gjenom alle Ringar og Opningar; Kjeringi fær Augo og Lungur fulle av Røyk; upp med Døri. So kjem han Ola og ho Anne og hjelper oss. Han Ola fær det til aa brenne paa Aaren; men Komfyren er det inkje Raad med. Der er for lite Drag; Veden er for raa, og Komfyren er for kunstig. Der er Steike-Omn i han; og Røyken maa gaa i ein Ring rundt um den, fyrr han naar Pipa; men han vinn ikkje rundt, berre eimar ut gjenom alle Ringar og Opningar. Me fær hjelpe oss med Gruva so lengi. Elden ut or Komfyren; upp med Vindauga; me held paa aa kovne av Røyk. Hulda hev teki Skinnpelsen av seg, men maa faa han paa seg att. Me drikk Konjakk og bankar Flogur. Han Ola trøyster oss med, at det lyt fell' bli likare naar det blir meir upplett Vêr. "Aa ja; du kann vita det blir likare," segjer ho Hulda. Han Ola bèr inn Vatn, og ho Anne fær Kaffikjêlen paa. Me tek til aa opne Kuffertar og Kassur; snart ser Stoga ut som ei Pakkbu. Det myrknar; me fær Lampa upp og kveikjer Ljos. Han Ola steller med Varmen. Det vil berre slokne for han; og kvar Gong det kjem eit Vindkast slær Røyken inn. Døri maa upp rett som det er; heile Vinteren inn; - "frisk Luft kann me daa hava her!" - Endeleg er Kaffien ferdug. Me stend i Pelarne vaare og drikk, med blaaraude Hendar, trampande med Føtane. "Aa ja; men det blir fell' likare." Han Ola og ho Anne gjeng; so er me aaleine. Det vert Kveld. Det meste av Tye vaart stend paa Auma; me kunde kje faa det med oss i Dag; no vantar me mange Ting. Men verst er det med Sengklæde; det som heng att her fraa i Sùmar er for lite. "Naa; me fær brùka Pelsane." - "Aa ja; me hev alltid Klæde nok." Ho Hulda reider upp og fyller Sengi med alle dei Klædefillur ho kann finne. "Det greider seg nok." - "Ja det skal nok greide seg." - "Og so er me tvo, veit du!" - Eg ligg burti Gruva og blæs; det kokar og sjoar i den raae Veden. Og rett som det er slær Røyken inn og driv meg burt. Me gjeng og steller i full Vinterbunad. Sjapa flyg ut og inn og gøyr paa Skogen. Endeleg kjem me so langt at me kann eta til Kvelds; kald Nistemat og halvvarm Te. So kryp me ihop ikring Gruva og drikk Toddy. "Velkomin heim daa, du!" - "Velkomin heim!" - "Det bli fell' likare." - "Aa ja, du kann vita det blir likare." - "Me skal nok faa det koselegt her, naar me fær det i Stand." - "Ja; me fær byggje Skorsteinen eit Par Fot høgare, so det blir meir Drag i han ..." - "Og stelle paa Komfyrpipa, so ho kjem til aa gaa meir rett upp ..." - "Og faa heim noko Turrved ..." - "Aa ja; det skal nok bli bra." - "Aa ja daa. Og tenk so godt: aa faa vera so reint for oss sjølve!" - "Ingin aa bry seg um; ingin som er i Vegen ..." - "Aa ja; og so vera tvo um alt!" -- Toddyen vert kald. Me drikk han ut i eit Drag og krabbar i Seng, halvt paaklædde. "Det er det gode at me er tvo." - "Ja." Me dreg oss tett inntil kvarandre. - "Det er verst for Sjapa, stakkar." - "Aa, frys ho, so hoppar ho upp-i Sengi til oss." - "Aa ja; so mykje Vìt hev ho vel altid." -- -- Det sloknar paa Gruva. Fraa Tak og Veggir stend det kaldt. Det dreg og det iser; Kaldgufsar stryk oss yvi Panne og Kinn som Kjæling av daude Hendar. * [...] [Attende til bokhylla] Frå Skriftir i Samling. 1909. Elektronisk utgåve 1997 ved Jon Grepstad gjon@online.no