Arne Garborg Fred I Utanfor, i Vest, bryt Have paa mot ei sju Milir lang laag Sandstrand. Det er sjølve Have. Nordhave breidt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust. Svartgrønt og salt kjem det i veldig Rulling veltande inn or dei vestlege Himlar, drivi av Storstormane fraa Nordisen og Kanalen, køyrande sine fakskvite Brimhestar fram or Havskodda, so Skumskavlen stend, durande sin djupe Æveheims Orgetone fraa dei ytste Avgrunnar. So støyper det seg mot Strandi og krasar seg sund i kvit Foss, med Dunk og Dyn og lange Brak, døyande burt i døyvt Dunder. Upp fraa den laage Sandstrandi tøygjer seg eit armt, graatt Land med lyngbrune Bakkar og bleike Myrar, yvi-saatt med Kampestein, trelaust og berrt; avstengt mot Aust med ein lang, laag Fjellgard. Endelaus synest den nakne Hei. Men her og der blaanar ei einsleg Tjønn, som ligg og gror att, eller eit stort, stilt Vatn. Her susar Vinden Dag og Natt. Og Graa-vêre ligg laagt yvi Viddi, der Haren rømer fraa Stein til Stein og allslags brun og spettut og vill Fugl ligg i 1øynde Reir og blinkar og blundar. Yvi det heile spanar Himilen seg vid og graa, fraa Fjellgarden til Havs og so vidt ein ser, - det einaste ljose yvi Tilvære. Den hev ein for Augo kvar ein gjeng. Full av Skyir og Storm heng han mest alltid. Stundom sig han aat Jordi og sveiper Lande i Regn og Skodd som i ein Duk. Og det regner og regner til Lande fløymer. Her og der uppetter Bakkar og Res kryp laage Hus ihop i Smaakrullar som søkjande Livd. I den tette Lufti hildrar dei seg halvt burt, sveiper seg i Torvrøyk og Havdis som i ein Draum; stengde og stille ligg dei burtetter Viddine som Tusseheimar. Rundt Husi skimtar det fram bleike grøne Flekkir av Aaker og Eng som Øyar i Lyngviddi; kvar Bite og kvar Lepp er avstengd og innlødd med Steingjerde som lange Røysir. I desse Heimane bur Folke. Det er eit sterkt, tungt Folk, som grev seg gjenom Live med Gruvling og Slit, putlar med Jordi og granskar Skrifti, piner Korn av Aur'en og Von av sine Draumar, trur paa Skillingen og trøyster seg til Gud. [Attende til bokhylla] [Kap. I frå Fred. Skriftir i Samling. Oslo 1944. Første gong utgjeven i 1892. Bilete: Utsnitt frå Eilif Peterssens måleri frå 1894, Nasjonalgalleriet.] Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad gjon@sn.no