Aasmund Olavsson Vinje Husvære i Kristiania (1865) Kristiania aukar paa alle kantar. Der du nokre faae aar sidan saag aaker og eng og berghausar og aur og yre, der ser du no hus og utlagde gatur og byrjan til ein by. Er det sant, at byar og daa mest hovudstadar ero tummestokken for eit land, so maa Kristiania godt og greidt visa, at landet vaart er fort framvaksit i desse seinare aar. Og er det likeins sant, som det er sagt, at eit maal nytt uppdyrkad jord paa landet snart visar seg i eit nytt hus i den næste byen, so kunna me av Kristiania sjaa, at her i dei siste aar maa vera mange maal uppbrotne og grunngravne landet ikring. Underlegt er det, kvat det kann koma seg av, at dei fleste byar under desse luftstrok hava sine beste hus i vest og sine verste hus i aust. So er det og i Kristiania. Armare folk fara elles til alle utkantar og bu der i smaae pyntelege hus so godt dei kunna. Det er heller ikki greidt for slike folk aa leiga seg eit folkelegt hus inne i tykke byen. Me kunna vita dette berre av det, at grunnen der er so dyr. Det er ikki for smaafolk og fatikfornæme, men berre for store aa bu paa slik ein dyr grunn. Derfor fara og folk til utkantarne, der prisen minkar av, ettersom du kjem lenger og lenger ut. Og so gjerer no dette og sitt til det, at der maa vera bygt av stein ut til ein uppdregen ring fraa midten. Dei fara daa, til dei koma ut ikring denne steinringen. Dei fara fraa stein- eller murheimen til treheimen. Det er for eldens skuld, at byen slikt er avgrensad i ein steinheim og ein treheim. Dagsverkarar og andre arbeidsfolk fara jamvel utum treheimen til jordheimen, der mange bu liksom i jordkjellarar. Dette er mest paa austkanten og daa mest no paa ein stad som heiter Kampen. Det er paa mange maatar ein villmansby det enno, endaa der finst sume fine hus imillom. Der verdt snart ein folkeleg treheim der og, og so kjem daa jordheimen eller kjellarheimen til aa draga seg endaa lenger burt. Mange av desse jordbuar ut i kjellarheimen ero tidt gode sjølvstendige folk, som heller vilja bu som moldvarpen i holet sitt en leiga seg inn i eit trongt rom saman med mange andre. Dei ganga den lange vegen til arbeidet sitt, eller dei mura og timbra paa alle dei nye hus derikring, og so koma dei daa heimatter um kvelden til kjellaren sin med den matbiten til sine, som dei hava tent um dagen. Daa eg eingong foor derikring og saag etter, fann eg ein av desse jordbuar, som eg syntest var ein sann mønstermann i sitt slag; vel var han skapt, og klok saag han ut, og forstandigt lagde han sine ord. Det var ingen mann av herkemugen, for alt det han budde som reven i hola si og var tilsmurd med leir og søyle, so du knapt kunde sjaa, anten sko og klæde vaaro holutte eller heile. Denne leira her er verre en vondta, sagde han, daa han grov av seg sjølv med eit grev, og saag, at eg hadde store tunge klumpar paa føterne mine, og glatt og gleid som eg skulde stiga paa saape. "Her er ikki steinsett her, skulde eg tru", lagde han smilande til. "Aa her kjem snart den tid", sagde eg; "men maa eg sjaa inn i huset ditt?" "Hm, det er skam aa syna slikteit hus, men eg hev selt det no". "Det er større skam aa liva paa andre", svarade eg; og dermed gingo me fram inn med den bytta med utslegne botnen, som stod upp til skorsteinspipe fraa jordtaket der inn i bakken. Der var ein slags vegg paa nedsida liksom paa ein annan jordkjellare, og dyrri var ikki so reint laus og full av sprekkir endaa. Du maatte luta deg for aa koma inn, men du turvte daa ikki reint krabba heller. Paa høgre sida var eit litet glugg med glas i, og der hekk ein liten raudvoren klut ned etter glasruta liksom til gardine. Der var murvegg paa ein maate inni, og upp i den eine kraa ein eldstad med klæde til turking yver, med kaffekjetilen paa glodom, og smaaborn ikring vermande seg paa fotom. Fotespennet til sengi var inn imot eldstaden, so der maatte kunna vera varmt der. Rya eller det grove teppe til yverbreidsle var hengd framfyre sengeromet, so eg berre ned mot sengestokken fekk glytta og sjaa inn i sengi. Det var klent til sengklæde, var det; men det var daa alltid klæde og ikki reint berre boset som i eit annat bøle. Der stod ei liti kiste framfyre sengi, det var den einaste husbunaden eg saag, og ned i denne maatte vel matstellet liggja. So stod der ei øks og eit grev og ein spade, og so laag der sagbord paa steinar til benkir langs den stutte murveggen. Kona stod ned med bekken og tvo; ho saag sterk og god ut. Borni vende seg fraa gruva og saago med kloke eldfulde augo mot meg; friske og sterke vaaro dei med blom paa kinn. Eg lyfte paa hatten til helsning aat veslegjenta, som saag ut til aa kunna verda ei dros, og aat smaagutarne, som eingong kunna koma til aa sitja til doms yver meg sjølv og styra land og rike; for der var magt og merg og eld og glod i deim. Alle desse dyrehus og dyreleger, sosom: hide for bjørnen, gren for ulven, letter for grisen, bøle for mus o. s. v., alle desse dyreheimar ero daa likvel daarlege hus mot den verste mannaheimen. Mannen er meir framtenkt en nokon annan skapnad, liksom han og er betre og klokare paa alle vis. Alle desse mannahatarar, dei kjenna likso litet til dyr som til mann, naar dei segja, at mennesket er det største uting, som til er. [Attende til bokhylla] [Frå Lesebok i det norske folkemål for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania 1885. Bilete: Litografi av A. Weger etter eit fotografi frå 1868.] Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad gjon@sn.no