Ivar Aasen ATTERFØRSLA. INNLEIDING. Det hever no i seinare Tider voret skrivet so myket um det norske Landsmaalet, at ein vel kunde ottast fyre, at Folk ikkje vilde høyra nokot meir av det Slaget. Men med alt det, som er sagt og skrivet, synest eg endaa, at der er ymist, som vantar, med di der ofta var lagt for myki Vegt paa smaae Ting og for liti Vegt paa dei store. Og dertil med hever der nogo ofta komet ymse Avsnuingar og nye Vendingar i detta Maalemnet, so at det vel kunde vera Torv til, at Saki eingong vart førd inn-atter paa det rette og rimelege Grunnlag. Eg hever no fyrr skrivet myket um denne Saki; men so tyktest eg daa alltid hava myket meir til aa segja en det, som eg fekk Tilhøve til aa skriva. Og difyre vilde eg no endaa freista paa aa setja fram nokre Uppteikningar, som kunde tena til ei liti Rettleiding fyre ein elder annan, som vilde tenkja nokot meir paa slike Ting. Vistnog kann det vel henda, at eg dermed stundom kjem til aa taka uppatter nokot, som fyrr hever voret sagt; men daa eg no alltid ser, at dei, som strida fyre ein annan Skynsmaate, driva det myket paa den Maaten, at dei idelege taka uppatter sine eigne Ord, so tykkjer eg, at det kann ikkje vera meir forbodet fyre den eine en fyre den andre. Elles er der no so mange Smaating til aa røda um, at eg helder Lyt sjaa til aa vera nokot stuttmælt og ikkje gjera altfor lange Utflog i Talen. Og daa me so ofta verta brigslade med, at me berre skriva um Landsmaalet i eit annat Maal, so etlar eg no denne Gongen aa skriva i det same Maalet, som her kjem under Umtale. I. LANDSMAAL OG BOKMAAL. Det er kunnugt nog, at det Tungemaalet, som Størstedeilen av Aalmugen her i Landet brukar, ikkje er heilt det same som det Maalet, som me bruka i Skrift og som Folket soleides fyrst maa læra seg til aa lesa og skriva. So er det og kunnugt, at det Maalet, som høyrer Aalmugen til, er helder ikkje allstad likt, med di at det skil seg i ymse Ordskap elder Former, som hava Heimstad i den eine Landsbolken og ikkje i den andre. Detta er no slett ikkje nokot undarlegt elder uskaplegt; for me høyra daa alltid, at der er same Skilnaden i andre Land og Rike, og helder ikkje kunde me annat venta i eit Land, som er so vidgjengt og tunnbygt som vaart Land. Men under all den Skilnad, som soleides kann syna seg, vil ein daa med grannare Ettersyn kunna finna, at der er meir likt en ulikt, og at der i det heile er god Samstevja og Sameign baade i Ordfylla og i Ordskap og i Grunnlaget i sjølve Bøygningi, so at me kunna ikkje annat en kalla det eit Maal fyre seg sjølv, jamskaplegt og jamverdugt med dei Maal, som gjelda i andre Land og Rike. Detta Maalet er det som me hava kallat Landsmaal. Det hever sitt Samhøve med ei Maalform, som viser seg i gamle norske Skrifter og som me seinare skulo tala um. Jamsides med detta ervelege Tungemaalet hava me elles fenget eit Bokmaal, som me jamt hava voret tilhaldne til aa bruka i all vaar Skrift og som me og ero vane til aa høyra i Kyrkja og Thingstova og dertil jamnaste i Skulen og. Detta Maalet er ikkje heimevakset her i Landet; det er det same, som me finna i danske Bøker og er innkomet hertil fraa Danmark. Difyre er det no mest det same, um ei Bok er skrivi i Norig elder i Danmark, og den einaste Skilnad kann vera, at ein elder annan norsk Bokstilar hever brukat nokre faae norske Ord, som ikkje ero gjengelege i Dansk; men detta hever no ikkje stort meir aa tyda, en som naar ein dansk Forfattar brukar ymse fyenske elder jydske Ord, naar han skriv um Fyen elder Jylland. Og helder ikkje fell det alltid samhøvelegt aa innføra norske Ord i den danske Skrift, av di at det danske Maalet hever eit heilt annat Ljodlag, so at ei dansk Ordform stundom kann svara til tvo elder tri norske, til Exempel: Hede til Heid og Hite (i'), lede til leida og leita, Nød til Naud, Naut og Not (o'), 1øst til laust og løyst, blødt til blødt, bløytt og blautt, 1øbe til 1øypa og laupa o. s. v. Daa no detta Maalet i lange Tider hever voret Bokmaal her i Landet, so hava ymse Deilder av Landsens Folk teket det til Rettesnor fyre sin Tale og lagat sitt Umgangsmaal nokorleides etter det. Detta hever no mest havt sitt Gjenge hjaa Embættesfolk og hjaa ymse Ætter elder Smaalag, som stodo nokot utanfyre Aalmugen; og daa det no er Byarne, som er jamnaste Heimstad fyre detta Maalskapet, so kunna me snaraste kalla det eit Bymaal. Daa no detta Bymaalet held seg nokot nær til Bokmaalet, so hever det dermed fenget den Fyremunen, at det er nokot likt i alle Landsbolkar, um det endaa hever berre eit litet Folketal imot den store Aalmugen i Landet. Og daa det no alltid var haldet fyre aa vera det rettaste Maalskapet og var langt meir vyrdt en Aalmugemaalet, so hever ogso ymse Aalmugefolk lempat seg etter det og vant seg til aa bruka det i ymse Tilhøve, so som naar dei skulde halda ein Tale til ei Folkesamning elder giva ei Aaminning paa ein rett høgtidleg Maate. No vita me, at med alt det, som kann skilja, so hever daa det norske Landsmaalet ei stor Sameiga med Dansk, lika som det og paa ei onnor Sida hever ei stor Sameiga med Svensk. Det er lett aa sjaa, at desse try Maali ero skylde og endaa nærskylde til kvarandre. Der er ikkje slik Skilnad imillom deim som millom Svensk og Finsk i Finnland, elder Fransk og Flamsk i Flamland (Belgia), der det er tvau uskylde og reint ulike Maal, som møtast. Det er ei stor Mengd av Ord, som er heilt upp dei same i Norsk og Dansk, og endaa Ordskapet og Bøygningslaget er nokot likt paa baade Sidor. Men so er det lika eins ei Mengd av Ord, som ero dei same i Norsk og Svensk, og i Bøygningi er der og so myket likt, at Formerna i vaare best hævdade Bygdarmaal ero myket dei same som dei svenske (til Ex. Fleirtal: dagar, stunder veckor). Nokot slikt kunde ein daa ogso venta, naar ein hugsar paa, at Norig og Sverike liggja jamsides utan nokot Millomrom, medan Danmark derimot er skilt ifraa deim av eit stort Havstykke. Me, som ero uppalne med eit godt Bygdarmaal, finna oss no jamnan so vel fegnade med det svenske Ordskapet, som so ofta er likt vaart eiget, til Exempel: åker, björk, eld, vatten, skugge, høg, låg, mjuk, djup, sjuk, svart; ropa, vaka, våga, sakna, sälja, tälja, vänja, värja, spörja, o. s. v. Slike Former kunde me sjølve hava Hug til aa bruka baade i Skrift og Tale, naar me berre fingo Lov til det. Og daa synest det oss vera undarlegt, at naar Svenskarne bruka slike Ord, so er det rett og høvelegt, ja endaa fint og fornæmt; men naar me sjølve bruka deim, so skal det vera rangt og stygt og usømelegt. Det er mest so, som ein vilde innprenta oss, at me skulde standa paa eit høgre Stig en Svenskarne, so at me ikkje kunde lata oss nøgja med slige bondske gamaldags Former. Kor no allting er, so faa me daa alltid sjaa, at baade Dansk og Svensk ero vidkjende og velvyrde Bokmaal, som kvart fyre seg hever eit stort og vyrdelegt Bokrike. Det Norske derimot hever inkje Bokrike, det hever berre nokre Folkevisor og andre Smaastykke i ymse Bygdarmaal. I dei sidste Aarom er der vistnog og tilkomet nokre Smaaskrifter i eit meir aalmennelegt Landsmaal; men detta munar no ikkje stort imot det, som andre Folk hava. II. MINNE UM EIT ELDRE BOKMAAL. Det vantar no elles ikkje paa Merke til, at det eingong hever voret eit heilt annat Samhøve med Maalet i desse Landom. Me finna Bøker, som ero skrivne fyre fem elder seks Hundrad Aar sidan, sume i Norig og sume paa Island, men allesaman i eitt og same Maal med vel tilskapad Stil og med støde, regelfaste Former. Sume av deim hava leget ulesne og urørde det eine Hundradaaret etter det andre og ero ikkje eingong komne paa Prent fyrr en no i dei sidste Aarom. Andre derimot, og serlege Kongesogorna, hava lenge voret kjende; men aldri nokot vidare etterspurde her i Landet, fyrr en etter at dei vaaro yversette paa Dansk. Paa Island hever Folket derimot haldet paa aa lesa deim utan nokon Yversetnad, og dermed hever det daa og fenget ei god Tilstyrkning i Vanen til aa bruka sitt eiget gamle Maal. I desse gamle Skrifter finna me daa det Maalet, som er det rette Grunnlaget fyre Tungemaalet hjaa Aalmugen her i Landet. So snart som me venja oss til den gamle Skrivemaaten og berre lesa Ordi etter vaar eigen Munntame, so finna me, at detta Maalskapet hever myket likt med Bygdarmaalet i mange Deilder av Landet; og um no Bygdarmaali elles hava nokon Skilnad i ymse Smaating, so vil det daa likafullt visa seg, at dei alle ganga ut fraa det same Maalet som serskilde Greiner av same Stuven. Og av samtidlege Uppteikningar til vaar Landssoga faa me daa og ei Upplysning um, at detta Maalet eingong stod trygt paa sin eigen Grunn, jamsides med Svensk og Dansk, og at det var so vel tilskapat og so trottugt hævdat i skriftlege Verk, at det i seinare Tider hever vunnet seg myken Vyrdnad hjaa maalkunnuge Menner baade innanlands og utanlands. Det hever vortet vyrdt som Mynster fyre Gamlemaalet i «Norden», so at baade Svenskar og Danskar hava kallat det «fornnordisk» elder «oldnordisk», likasom og dei tydske Maalmenner kalla det «altnordisch» og vyrda det høgt som ei gild og gjæveleg Grein av dei samskylde «germanske» Maalom. Men naar no det norske Bondemaalet hever so myket likt med detta gamle Bokmaalet, so skulde ein vona, at det vel maatte hava nokot atter av dei gamle Dygder, so det ikkje endaa var so reint burtkastande. Maalskapet elder Maalformi er i dei gamle Skrifter allstad den same, so framt som dei ero fraa same Tid. Um Kvardagsmaalet derimot hever voret allstad likt, er nokot vandt aa vita, snaraste skulde ein vona, at det i eit so tunnbygt Land maatte vera nokot ulikt; men dei gamle Skrifter visa ikkje Merke til nokot Bygdarmaal, og iminsto ikkje til nokon Skilnad, som hever nokot stort aa tyda. Ymse Merke til Skilnad i Maalføret skulde ein snaraste venta aa finna i dei mange Vitnebrev (elder Dokumenter), som no ero utgjevne i ei stor Samning under Namn av Diplomatarium norvegicum, og som jamnaste handla um Kaup og Skifte og Gaavor og andre dilike Avgjerder og Samgreidor imillom Folk i Bygdom. Slike Brev finnast no alt ifraa trettande og fjortande Aarhundradet, og dei hava daa den Fyremunen, at dei alltid nemna Gardsnamn og Aarstal, so at ein radt kann sjaa, kvat Tid og Stad dei ero komne ifraa. Og daa der no er slike Brev fraa mest alle Deilder av Landet, so kunde det just her vera Von til aa finna nokot ulikt i Maalet; men i Grunnen so er der ofsa litet ulikt. Det einaste, som hever nokot større Vegt, er det, at nokre Brev hava Endingi «ar» elder «ur» i Staden fyre «r» (er), til Exempel: liggar og liggur fyre liggr (ligger). Elles er der no, som ventande kann vera, myket ustødt og ruglande i Skrivemaaten (til Ex. tuft og tupt, heldr og hælder, vikor og vikur); men detta gjerer no ikkje nokot stort Avbrøyte. I sjølve Maalet, so som i Ordskap og Ljodlag, er der so godt som ingen Skilnad; dei hava skrivet lika eins paa Austlandet som paa Vestlandet, og der er alt Likinde til, at Folk hava talat lika so godt Norsk i Oslo og Tunsberg som paa Vossevangen. Fyrst nokot seinare, so som i femtande Aarhundrad, kjem der større Skilnad, med di at sume av Brevom bregda meir paa Dansk, og stundom paa Svensk og. No kunde me aldri venta, at Kvardagsmaalet hjaa Aalmugen no i vaar Tid skulde vera lika rikt og reint og stødt i Ordlaget som det gamle Bokmaalet. Der er ymse gamle Ord, som no synast aa vera avgløymde, og ymse andre, som berre hava haldet seg uppe i ein og annan Avkrok av Landet. Det kann stundom hava seg so, at Ordet gjekk av Bruk, av di at den Ting, som Ordet nemnde, var sjølv komen av Bruk; men det kann vel oftaste hava sin Grunn deri, at Folket aldri fekk sjaa desse Ordi i Skrift og difyre ikkje fekk nokor Minning um deim. So kann det og vera mange slike Ord, som endaa i gamle Dagar vaaro litet kjende; soleides dei mange prydelege Ord, som Skaldarne hadde brukat i sine snyrtelege og høgstillte Vers, og som vel ikkje hadde voret i nokot sedvanlegt Bruk hjaa Aalmugen. - Og so som det hever gjenget med einskilde Ord, so hever det og gjenget med ymse Former elder Ordskap, og helst med dei sokallade Bøygningsformer, med di at sume av deim ero burtfallne (so som Personsformerna i Verbet), og ymse andre hava vortet myket skjeplade og utydelege, so som Eigefallet (Genitiv) i Namnordom, og Vonalaget (Konjunktiv) i Verbet. Elles er no detta nokot, som hever gjenget lika eins i andre Maal, der det helder ikkje no er so mange Bøygningsformer, som det fyrr hever voret. I sjølve Ljodlaget (Lydsystemet) hever Aalmugemaalet so god Samstevja med det gamle Bokmaalet, at det mest berre er eit Par Avbrøyte, som her er verdt aa nemna. Det eine er, at den gamle Medljoden p (th) hever her (som i Svensk og Dansk) gjenget yver til «t» i dei fleste Tilfelle, og til «d» i nokre faae Ord. (Ex. takka, tekkja, ting; daa, dei, denne). Det andre er, at «hv» som vidaste no heiter «kv» (Ex. kvass, kvit, kvila), og at «h» er jamnaste ljodlaust i hj (som hjelm, hjelpa); lika eins er det med hr, hl, hn; men detta er no so gamalt, at endaa dei gamle norske Skrifter jamnaste berre hava r, 1, n fyre hr, hl, hn, so at det berre er Islendingarne, som hava haldet fast paa den gamle Form. Men desse Avbrøyti ero no ikkje til nokot Hinder, utan i det Fall, at ein vil studera paa Ordskylda elder Upphavet til Ordi (Etymologia); for daa gjeld det um aa vita, um «t» er det gamle t elder th, og um «kv» er gamalt kv elder hv. I det aalmenne Bruket hava desse Avbrøyti ingen Ting aa tyda. Til ei snøggare Umsyn av Samhøvet imillom nytt og gamalt kunna me her taka fram nokre av dei Merke, som visa Aalmugemaalet atter til det gamle Bokmaalet og derimot skilja det fraa det danske: 1) Namnordi skilja seg i try Kyn, Hankyn, Hokyn og Utankyn. Til Ex. ein Dag, ei Vika, eit Aar. 2) Hankynsord og Hokynsord faa serskild «Artikel» og Ending. Ex. Dagen, Stundi (sume Stader: Stunda). 3) Hokynsord med Endevokal faa serskild Bøygning. Til Ex. Fleirtal: Vikor, Visor. 4) Til kvart Kyn svarar eit visst Samord (Pronomen): han, ho, og det. Ikkje nokot «den» utan som Paavisningsord (Demonstrativ). 5) Millom dei aalmennelege Ljodstavar (Vokalar) er tri upphavlege Tviljodar: au, ei, øy. 6) Endingar elder Endestavingar kunna hava try Slags Vokal, a, e (i), elder o (u), til Ex. i Fleirtal: Dagar, Stunder, Vikor. 7) Harde Medljodar (t, k, p) standa lika fullt etter Vokalen som fyre; til Ex. bita, taka, gripa. 8) Ord, som fraa gamall Tid hadde «j» framfyre Endevokalen, hava det same endaa, t. Ex. drysja, spyrja, velja, venja, temja. 9) Visse Slags Verba med Rotvokal a, aa, o (jo) elder u (ju) faa i Samtidsformi (Præsens) ein «Umljod», til Ex. held av halda, fer av fara, blæs av blaasa. 10) Endingi «st» (s) i Verbet er Merke paa Atterverknad (Reflexiv) elder Samverknad, til Ex. skiljast (skilja seg), møtast, dragast osv. Derimot sjeldan elder aldri Merke fyre nokor «Lideform» (Passiv). Nokre av desse Skilmerki ero daa ikkje aalmennelege i heile Landet. Soleides er der Undantak elder Avbrøyte ved No. 3 i Bergens Stift, ved No. 5 i Øysterdalen og Guldalen, ved No. 6 paa Austlandet, ved No. 7 paa Agdesida (Mandalskanten), ved No. 9 paa Austlandet. III. UMBYTE I BOKMAALET. No kann ein tenkja seg, at dersom alt hadde gjenget rett til, so hadde det gamle Maalet endaa voret Bokmaal i Landet og dermed ogso Embættesmaal i Kyrkja og Thing og Skule. Det kann vera, at det ikkje no vilde vera so reint og so fullkomet som i gamle Dagar; men det vilde daa alltid hava stadet jamsides med Svensk og Dansk; og heile Aalmugen vilde dermed hava den rette Studning og Rettleiding fyre sitt Talebruk sovel til høgtidlege Møte som til Kvardags. Me kunna taka oss Merke paa vaare Frendar Islendingarne. Dei vaaro i fyrste Tid komne herifraa til Island og hadde ført Maalet med seg herifraa. Dei hava alltid voret eit litet Folk og havt liti Magt; men dei hava alltid haldet fast paa sitt gamle Maal og dyrkat og hævdat det baade i Skrift og Tale. Dei vaaro trottuge til aa taka Avskrifter av sine gamle Mynsterverk; og daa Prentekunsten var komen i Gang, so nøytte dei Tilleidingi og gjorde Upplag til Prentestader i sitt eiget Land. Her hjaa oss gjekk det lange Tider, daa Bøker korkje vaaro skrivne elder prentade. Her kann det vera nyttugt aa minna seg um dei gamle Brevsamningarne, som me nyst fyrr hava talat um. I fyrste Tid ero alle Brevi skrivne i reint og stødt Maal, det same som i dei gamle norske Loger og andre Bøker fraa eldre Tid. Kringum Aaret 1400 og frametter kjem der nokor Vending i det; der kjem ymse danske Brev imillom dei norske, og det viser seg, at der var mange danske Herrar i Landet. Men det viser seg og, at ymse norske Embættesmenner hava teket seg til aa venda Maalet og skriva nokot so nær lika eins som dei danske. Denne Tilsnuingi til Dansken vert daa alt større og større ut igjenom det femtande Aarhundrad (elder Fjortanhundradtalet). Serlege norske Ord og Ordlag verta alltid færre, og derimot kjem der eit Fylgje av framande (det vil segja unordiske, og mest nedertydske) Ord, til Exempel: blifva, skee, behalda, behøfva, betala, bevisa, forlika, forsamla, forstanda; sodan, ækte, beskedelig, friheit, rettugheit, meinugheit, og meir slikt. Sidstpaa er daa ogso Ljodlaget og Ordskapet tiljamnat etter Dansken, og utimot Reformationen (kringum Aar 1530) er Brevi so godt som alle paa dansk. Etter den Tid er Dansken einveldug i Landet. Det er elles ikkje mange Skrifter, som giva nokor Upplysning um Maalbruket paa desse Tider; men denne Vendingi i Brevstilen kann alt vera nog til aa visa, kor det hever gjenget. Daa Landet var sambundet med Danmark, og Regjeringi hadde fenget sitt Sæte der, so hava Hovdingarne her i Landet teket til aa bruka same Maal som dei danske i si Skrift, og sidan hava dei mindre Embættesmenner smaatt um senn vant seg til det same. Dermed var daa ein ny Sedvane komen i Gang; det gamle Bokmaalet vart avgløymt, og dei norske Bøker fraa eldre Tider vart liggjande i Vanrøkt og ikkje lenger etterspurde. Daa det no leid so langt, at prentade Bøker kom i Bruk, so var dei nye Bøkerna prentade i Danmark og allesaman i det danske Bokmaal. Det var sidstpaa berre Aalmugen, som hekk fast ved det gamle Maalet i sin daglege Tale; men Aalmugen var altfor vankunnug til aa skyna sin eigen Rett og krevja Vyrdnad fyre Retten sin. Det var vel endaa Størsteparten, som ikkje eingong kunde lesa elder hava nokot Skyn paa Skrift. Og um der endaa var ymse Aalmugefolk, som skynade, at det gjekk ein galen Veg, so hadde dei ikkje nokor Magt til aa gjera nokot ved det. Dei hadde tapt sine rette Talsmenner og laut finna seg i, at Herrarne fekk stella med Maalet, som dei vilde. Framande Maalkjennarar hava undrat seg myket paa, at det skulde ganga soleides til med eit Maal, som var so gildt og gjævelegt, at alle, som kjende det, maatte setja stor Pris paa det. Dei hava voret vane til aa setja dette «gamalnordiske» jamsides med angelsaksisk og gamalsaksisk, med gamalhøgtydsk og gotisk, og i dei gamle Skrifter i detta Maalet tyktest dei hava funnet ein Skatt, som hadde eit overslege stort Verd. Difyre syntest det deim vera undarlegt og illt aa høyra, at detta Maalet no skulde vera avlagt og vanvyrdt i sitt eiget Heimland. Her hjaa oss hever det no og voret ein og annan, som syntest, at det var nokot leidt og blygslegt med detta Maalbytet, og so hava dei daa jamnaste viljat segja, at det var berre den danske Regjeringi, som hadde Skuldi fyre det. Men detta er vel ikkje helder alt so rett. Den danske Regjeringi gjorde so, som ein kunde venta, so lenge som det alltid var likt til, at Nordmennerne ikkje hadde nokot stort imot eit slikt Umbyte. Og difyre kunde ein vel snarare skulda paa dei norske Embættesmenner elder paa deim, som i desse Tider hadde voret Formenner fyre Folket, at dei hadde voret altfor etterlaatande, og likasæle og formyket hugade til aa gjera seg tekkjelege fyre den framande Regjeringi. IV. FYLGJOR AV UMBYTET. At eit slikt Maalskifte maatte føra mangt med seg, som ikkje var alt so heppelegt, er nokot, som ein lett kann tenkja seg til. Fyre det fyrste kunna me nemna, at myket godt Arbeid, som fyrr var gjort, vart dermed burtkastat. Der hadde voret ei Tid, daa skynsame Landsmenner hadde fenget Hug til bokleg Lærdom og tillagt seg den Upplysning og Kunnskap, som Tidi gav Tilleiding til; dei hadde dertil med tamt seg upp til aa skriva sitt eiget Maal baade i høgre og laagare Stil, som me kunna sjaa so mange gode Prøvor paa, millom annat i ei Bok, som er kallad Kongsspegel (Konungs Skuggsjaa). KlosterMenner og Prestar hadde teket seg til aa yversetja gudelege Bøker fraa Latin; andre hadde yversett ymse Diktingar og Riddarsogor fraa Gamalfransk til Trøyskapslesnad fyre Folk paa Herregardom og i sjølve Kongsgarden. Og i slike Tiltak hadde dei alltid voret annsame til aa visa Maalet fram i sin fagraste Skapnad med høvelege Ordlag og med Velklang og Vænleike i Stilen. Hadde no alt gjenget fram, som det stemnde til, so vilde detta vera eit godt Grunnlag til eit heimelegt Bokrike, som sidan kunde auka seg med Aarom og alltid stiga fram til større Fullkomenskap, so at vaart Land kunde standa jamhøgt med dei andre. Men so, som det no skeivade seg til, so var alt detta Arbeidet spillt. Dernæst er no det aa merka, at det nye Maalet maatte verta nokot framandt fyre Aalmugen og føra mangt med seg, som Folket ikkje kunde skyna. Detta var no og ei Uheppa; men so faa me daa ikkje leggja for myki Vegt paa den Ting. For eit Bokmaal, som skal gjelda fyre eit heilt Land, vil alltid hava med seg eit og annat, som ikkje alle skyna, og endaa eit ervelegt Maal vil med den skriftlege Dyrkning smaatt um senn rika seg til med ymse Ordlag, som faakunnuge Folk ikkje hava nokot klaart Skyn paa. Og so faa me hugsa paa det, som fyrr er sagt, at Norsk og Dansk ero nokot nærskylde, so det er daa ikkje alle Ord, som turva Tolkning; det leidaste er, at der er so mange framande (serlege tydske) Ord, som so etter kvart ero innkomne i alle Upplysningsbøker og endaa i sjølve Barnelærdomen. Men so hava daa Prestar og andre Lærarar strævat med aa tyda og uppklaara slike framande Ordlag' so at Folket med Tidi kunde venjast til deim og dermed faa nokor Innsyn i dei vigtugaste Deilder av Lærdomen. Det, som ein mest kann anka paa, er det, at alle desse Lærarar skulde med denne Uppklaaringi berre styrkja eit annat Lands Maal og ikkje Heimlandsmaalet. Og det harmelegaste er, at detta innførde Maalet skulde alltid no vera framstellt som det einaste rette, og at eit vankunnugt Folk, som ikkje sjølv kunde skyna sin eigen Rett, skulde dermed faa ein falsk Tanke um det Maalet, som det hadde ervt etter Forfedrom. Det var den store Uretten imot Landsens Folk. At der no kunde vera ymist nytt i det nye Bokmaalet, var elles ikkje den verste Uheppa; langt verre var det, at der vantade so myket av det gamle, som Folket var vant til aa høyra. Som me sjaa i dei gamle Skrifter, var der ei stor Mengd av gode gamle Ord, som ved detta Maalskiftet hava vortet utestengde, so dei sidan ikkje hava synt seg i Skrift. Det, som no stod atter som endaa gjeldande i skriftlegt Bruk, var berre dei Ordi, som fraa gamle Tider hadde voret dei same i Dansk som i Norsk. Men no høvde det ofta so til, at um Ordet endaa var det same, so hadde det daa ikkje same Skap i det eine Maalet som i det andre, og i slike Tilfelle var det daa avgjort, at Ordet skulde alltid hava den danske Form. Detta var teket so strengt, at endaa norske Gardsnamn og Landskapsnamn ofta vaaro tilskapade etter det nye Maalet, som til Ex. Ø (Rødø, Egerø, Kragerø), Ør (Vigøren, Brattøren), Steen (Udsteen, Hvidsteen), Gaard (Østgaard, Ødegaard), Bo (Sparbo, Selbo) og dilikt. Med alt detta vardt no Bokmaalet som ein serleg Eigedom fyre eit litet Lag av Folk, som anten vaaro framande elder hadde gjort seg framande og som ikkje vilde hava nokot Samlag med Landsens Aalmuge. Og so maatte det daa med Tidi verta ei aalmenneleg Tru, at slike Ord, som berre vaaro norske og ikkje annat, skulde berre vera Skrap og og Avrak, som ikkje dugde til nokor Velsemd. Og lika eins var det med slike Ordskap og Endingar, som ikkje høvde til Dansken; dei Bygdarmaali, som hadde mange slike Former, vaaro haldne som forfuskade og utskjemde; dei som hadde minst av det gamle, vaaro vyrde som dei beste, og den eine Bygdi log aat den andre til største Moro fyre dei framande, som just gjorde Narr av deim alle i Hop. I slik Framstemna kunde der no aldri skapa seg nokon landshøveleg Talekunst soleides som i andre Land. Naar ein Aalmugemann skulde halda ein Tale til ei Folkesamning, so vart det jamnaste berre i eit Bymaal, som var mest det same som Dansk; og dei, som talade lettføraste, var dei, som vaaro uppvaksne med Bymaal og som aldri hadde lært nokot Bygdarmaal. Hadde no det gamle Bokmaalet voret betre kjent imillom Landsens Folk, so vilde Folket deri hava funnet ei Mynsterform, som alle Bygdarmaali kunde stydja seg til; og den beste Talaren vilde daa vera den, som heldt seg mest til det gamle. Og ein slik Talekunst vilde daa vera eit godt Merke paa, at Folket i Landet var eit Folkeslag, som høyrde til Landet fraa gamle Tider, elder med andre Ord, at det var ein einskild Landslyd (Nation) med si eigi ervelege Landslydska. Det er daa Tungemaalet, som elles er det tryggaste Merket paa Folkeslaget. Eit Folkeslag kann vel merkia seg ut fraa andre ved Flagg og Fanor, ved Riksvaapen og Skjoldemerke; men alt detta er daa berre som eit Bumerke elder ei Utanpaaskrift, medan derimot Maalet er nokot, som viser inn i sjølve Hugen og Tankelaget hjaa eit Folkeslag. «Maalet er Saali i Landslyden, det er Landslyden sjølv,» segjer ein hollandsk Maalmann. Men naar no ein Landslyd aldri fær nokor Greida paa, kvat som er hans rette Maal, og han so alltid fær høyra, at det Maalet, som Forfederne hadde, er uduglegt og ubrukande, so kann det snart skeiva so til, at han ikkje hever nokot annat Maal en det, som han laaner av andre Folk. Og daa er det rette Folkemerket burtkastat. Og so er det tilsidst aa merka, at naar ein Landslyd ikkje hever Skrift elder Bøker fyre seg sjølv og ikkje visar seg fyre andre Folk med nokot Arbeid i Skrift elder Tale i sitt eiget Maal, so er det Von til, at han lett vil vera avgløymd og aldri paahugsad imillom dei Folk, som hava Bokmaal og Bokrike etter eigen Tilskapnad. Um han endaa kann hava eit godt Maal fraa gamall Tid, so vil det ikkje hjelpa, so lenge som andre Folk ikkje vita nokot av det elder sjaa nokot Merke til det. Detta hava me no her hjaa oss eit godt Exempel paa. Som kunnugt er, hever Maalkunnskapen i seinare Tider gjort overslege store Framstig, med di at lærde Menner paa ymse Stader, og fyrst og fremst i Tydskland, hava drivet so trottugt paa aa røkja etter, kvar alle Ord ero komne ifraa, og kor mange Maal det er, som hava eit visst Ord, og korleides Ordet hever skapat seg til i kvart Maal. Soleides hava dei daa i sine Ordbøker mange Samanstellingar av dei «germaniske» Maalom, det er Tydsk og Engelsk, Hollandsk og Nordisk; og i denne Uppstellingi viser det seg daa alltid, at det gamle «nordiske» (Gamlemaalet vaart) hever ein høg Rang imillom dei samskylde Maalom; men nokot nyare Maal i vaart Land hever ikkje komet til Umtale. Naar dei framande Maalmenner skulde nemna dei nordiske Ordformer, so hadde dei berre tri Former til aa setja upp; det var 1) Islandsk (elder Gamallnordisk), 2) Svensk og 3) Dansk. Vaart Folk hever soleides ikkje komet til aa vera med; det hever stadet utanfyre; det hever (som dei segja) «glimrat ved sitt Fraavære». Vistnog hava no me, Landsfolk, alltid den Trøysti, at me under Namnet Islandsk (elder Gamallnordisk) jamt og stødt finna slike Ordformer, som me kunna so godt kjennast ved, til Exempel: auga, braut, laup, eik, reip, heim, fet, skot, kol, mold, vatn, botn, sumar; auka, leika, leita, skaka, reka, sopa, søkja, byggja, selja, telja, temja, dynja, stynja o. s. v. Og i slike Tilfelle maa me daa alltid tenkja, at detta er beint fram vaart eiget Maal. Men me vilja daa so gjerna, at ogso andre Folk skulde vita, at detta er vaart Maal. Og difyre kunna me ikkje finna oss rett fullnøgde med slike Uppstellingar som desse fylgjande: Tydsk G. Nord. Svensk Dansk habicht, haukr, høk, høg, mark, mergr, märg, marv, masche, möskve, maska, maske. mehl, mjöl, mjøl, meel, milch, mjolk, mjølk, melk, nosz, naut, nøt, nød. Her tykkja me alltid, at der vantar nokot; der kunde gjerna standa ei norsk Form jamsides ved, og me hadde ingen Grunn til aa blygjast fyre det. (1) Men dei framande Maalmenner hadde ikkje seet nokot Bokmaal herifraa; dei hadde berre høyrt so ymist um, at det gamle Maalet vaart var daudt og burtfallet, so det berre stod atter nokre skarvelege Restar elder Leivningar i inste Avkrokom av Landet, der Folket endaa livde i gamall Villmannskap. V. SPURSMAAL UM RAADBOT. No kann det vera so rimelegt aa spyrja, um der ikkje skulde vera nokor Raad til Umbot i denne Saki elder um der aldri er Von til nokor Uppreisning. No er det fulla mange nog, som dertil vilja svara, at detta er no eingong umogelegt; det er gjort, som gjort er, og ingi Raad til aa gjera det upp-atter; og so er det daa ikkje nokot til aa trega paa helder; her er ikkje Torv til nokor Uppreisning; me hjelpa oss godt med det, som me hava. - Ja, dersom me hadde Lov til aa gløyma ymse vigtuge Ting, so kunde me no so i Tankeløysa segja, at det er alt godt nog, som det er; skulde me berre tenkja paa Kappstræv i Matvegen, so kunde det no vera det same med Maalet, anten me lærde oss Dansk elder Plattydsk elder Engelsk. Der er ingi Tvil um, at Landet vilde standa lika godt, at Gras og Korn vilde veksa lika viljugt, at Kyrna vilde mjølka lika godt, at Fisken vilde siga aat Landet lika tidlege, og at Embættesfolk vilde faa sine Aarspengar lika fullt. I ymse Tilhøve kunna me endaa hjelpa oss betr med eit framandt Maal en med vaart eiget, og i Samkvæme med Utlendingar greida me oss best, naar me skapa oss til som Utlendingar. Men der er no den Ting til aa hugsa paa, at ein skulde ikkje vyrda andre Landsfolk so høgt, at ein dermed gløymde aa gjera Rett imot sitt eiget Folk. Det skulde vel ikkje vera usømelegt, um me kunde visa nokon Tilhug til Vyrdnad fyre vaare Erveminne og vaare Ættarmerke og fyre den Kjærleiken til desse Erveminne, som syner seg i sjølve Maalet hjaa Landsens Folk. Det kunde vera hyggjelegt aa tenkja nokot paa den Ting og. Var det ikkje klokt, so var det daa alltid fagert. Som det no alltid er so, at dei store Riki ero meir vyrde en dei smaae, so verta og dei Maali mest vyrde, som hava dei største Folketal fyre seg. Dei smaae Folkeslagi vilja difyre alltid vera lokkade til aa slaa seg saman med eit annat Folk, so dei dermed kunde faa større Magt. Um der er fleire Folkeslag i same Riket, so vil daa Riksstyringi helst, at der skal vera berre eit Bokmaal i Riket og ikkje fleire. Upplysningsmenner og Diktarar, som skriva Bøker fyre Folket, vilja gjerna hava ein stor Lesarflokk; dei tykkja, at det er modlaust aa skriva berre fyre ein liten armodsleg Hop, og at dei kunde hava so myket større Frægd og Æra, um dei fekk bruka eit Maal med eit større Folketal. Og so er det no mange og, som halda det fyre ei Uheppa, at der skal vera so mange Tungemaal til aa mødast med, og som difyre berre ynskja, at dei smaa Maalriki skulde leggja seg inn under eit større, so at det berre vart nokre faae store Bokmaal, slike som Tydsk og Engelsk elder Fransk. Ja, der hever endaa voret Tale um aa setja upp eit nytt Maal fyre heile Mannheimen, eit «Pasilingva» elder «Volapyk», som dei kalla det. Detta kann no vera ein vonlaus Freistnad; men i ymse Smaating tykkjast me daa sjaa ei Framstemna, som gjeng mest ut paa det same; me sjaa so ofta, at naar Folk vil setja Namn paa ei ny Innreiding elder ein ny Kunst, so dikta dei upp eit Namn, som er reint framandt fyre so godt som alle Folkeslag, og so vilja dei, at alle Folk skulo taka og bruka det same Namnet og aldri tenkja paa nokot annat Ord. Fyre eit grunnrikt og grunnfast Bokmaal er no ikkje slike Nyskapningar til nokon Skade, men fyre eit veikt og viklande Maal er det verre, og helst hjaa eit Folk, som vyrder litet um gamall Sedvane og derimot alltid er næmt og viljugt til aa taka imot og apa etter alt det, som dei store Folk hava funnet paa. Der er no alltid einkvar, som vil segja, at vaart Folk er for litet til aa hava nokot Bokmaal fyre seg sjølv. Men her hever daa voret eit rett vyrdelegt Bokmaal i Landet eingong fyrr, daa her nog ikkje var so mange lesande og skrivande, som det no er. Ein kann og stundom høyra slike Ord, som at eit Bokmaal, som var grunnlagt paa vaart Bondemaal, vilde føra Folket bakleides beint innetter i den verste Villmannskapen og stengja oss ute fraa den aalmennelege Upplysning og Vitsemd. Men no hever daa Sverike eit Maal fyre seg sjølv, grunnlagt paa det Maalet, som Landsfolket brukar, og likavel stend det jamhøgt med andre Land i Upplysning og Vitsemd. Og lika eins Holland, som helder ikkje er nokon stor Landslyd men likafullt skal hava rett god Raad paa Bøker i allskyns Lærdom og Vitendskap. Og kvat skulo me segja um det litle Island med dei sjautti Tusund Ibuar? Det vesle Folket hever alltid haldet fast paa sitt gamle Bokmaal, men det hever ikkje dermed stengt seg ute fraa Upplysningi; tvertimot hever det jamnan havt gilde Bokmenner, som hava skrivet fyre sitt eiget Folk og yversett gode Upplysningsbøker fraa andre Maal lika upp til dei græske og romerske Diktarar, so at der skal vera munarleg Kunnskap hjaa Aalmugen og ei god Boksamning i kvar Manns Hus. Det stod nylege i eit Blad, at Islendingarne vaaro komne myket til atters ved sitt Paahald paa gamalt Maal og Stell; men detta var no vel ikkje alt so paalitande. Eit Land, som ligg einslegt som ein Holm uti Havet og som ikkje kann hava Aakerbruk og ikkje eingong hever Skog til aa byggja Skip av, og som dertil og hever lenge stadet under framandt Herredøme, kann hava Orsaker nog til Vanmagt, um ein ikkje skuldar paa Tilhengsla ved det gamle Maalet. Og so er der no ein Ting, som me just her skulde leggja Merke til, og det er, at di mindre Folketal eit Maal hever fyre seg, di kjærare vil Maalet vera fyre Folket, med di at det daa er lika klaart og tydelegt og tilgjengelegt fyre alle, baade smaae og store; medan derimot dei store vilja sanka i seg so ofsalege myket, som berre dei lærdaste og klokaste kunna hava Gagn av, men som Aalmugen aldri vil kunna skyna. Note: (1) Her faa me no likavel nemna, at der er daa iminsto ein av dei tydske Maalmenner (og ein av dei gildaste og) som steller dei norske Ordi upp jamsides med dei andre. Det er Professor R. Hildebrand, som er ein av deim, som arbeida paa aa fullføra den store tydske Ordboki, som Brøderne Grimm hadde gjort Upplag til. I dei Deilder av Ordboki, som han hever fullverkat, standa dei tydske Ordi i alle Tilhøve samanstellte med dei nordiske, og ikkje berre med dei svenske og danske, men ogso med dei norske (etter den norske Ordboki). So til Exempel under Bokstav K i tydsk Kohle, G. N. og Norsk Kol, Svensk Kol, Dansk Kul. - Tydsk Kuh, G. N. Kyr (Ku), N. Ku, Kyr. Sv. Ko. D. Ko. - Tydsk Kupfer, Norsk, Isl. og G. N. Kopar, Sv. Koppar, D. Kobber. - Her finna me daa endelege ei Uppstelling, som me kunna vera fullnøgde med; og me skulde daa berre ynskja aa faa sjaa det same fraa fleire Maalmenner. [Attende til bokhylla] Frå Skrifter i Samling III, Kristiania og Kjøbenhavn: Gyldendalske Boghandel Nordisk Forlag, 1911-12. Først prenta i Den 17de Mai 1904, nr. 111, 113, 115, 118. Elektronisk utgåve 1997 ved Jon Grepstad gjon@sn.no