Ivar Aasen (Omsetjing) DEN RAADVISE RIDDAREN DON QUIXOTE AV LA MANCHA ETTER MIGUEL DE CERVANTES SAAVEDRA MADRID (SPANIA) 1605-1615 Eit stykke av Kapittelet XLII, andre Deildi - Raader som Don Quixote gav Sancho Panza, daa han skulde ut og styra Øylandet med ymse andre velskynade Saker. Fyrst og fremst, Son min, skal du hava Age fyre Gud; for i hans Age er Visdom, og naar du er vis kann du inkje lett gjera Mistak. Dernæst skal du alltid hava fyre Augom kvat Mann du er, so at du lærer aa kjenna deg sjølv; og det er den vandaste Kunnskap, som ein kann tenkja seg. Naar du kjenner deg sjølv, so vil dermed fylgja, at du ikkje blæs deg upp som Frosken, daa han vilde vera jamstor med Uksen. For um du so skulde gjera, vilde det koma ei Minning, som høvde som eit Par ljote Føter til den Paafugle-Sterten, som din Daarskap sprikte med; det var den Minningi, at du heve gjætt Griserne, daa du var heime. - "Det er og sannt," svarade Sancho, "men det var daa eg var liten Gut; sidan daa eg vart stor var det Gjæser, Som eg gjætte, og ikkje Griser. Men det synest meg, at slikt ikkje gjerer nokot til Saki; for det er no ikkje alle Landsherrar, som era komne av Konungs-Ætt." - Sannt nog, sagde Don Quixote, men difyre skula ogso dei, som ikkje era komne av Hovdings-Ætt, lata den Aalvorsemdi, som høyrer til deira Embætte, vera samlagad med ein tekkjeleg Blidskap, som, naar der er Klokskap med vil verja deim mot slike illskefulle Lastord, som inkje Stand vil sleppa fritt fyre. Haldt det fyre ei Æra, Sancho, at du er av laagt Stand, og aldri skal du blygjast ved aa segja, at du er komen av Bønder; for naar Folk sjaa, at det ikkje harmar deg, so vil ingen freista aa harma deg med det. Vyrd meir um aa vera ein spakleg Snildarmann en ein storlaaten Syndar. Uteljande mange era dei, som, uppkomne av laagt Stand, hava stiget til den største Høgdi i Presteskap og Hovdingskap; og paa denne Sanningi kunde eg segja deg so mange Merke, at du vilde leidast av aa lyda paa. Hugsa paa, Sancho, at naar du tek Dygdi til Fyremaal og set all di Æra i dygduge Gjerningar, so tarv du ikkje ovundast paa deim, som hava Fyrstar og Herrar til Forfeder; for Blodet kann ein erva, men Dygdi lyt ein sjølv søkja, og Dygdi heve med seg sjølv eit Verd, som Blodet inkje heve.>p> Sidan no detta er so voret, og det vel kunde henda, at nokre av dine Skyldingar vilde koma og lydast um deg, medan du er paa Øyi di, so skal du ikkje forsmaa deim elder gjera deim skjemde; helder skal du fagna deim vel og vera snild og gjestmild imot deim; for dermed tekkjest du Skaparen, som vil, at ingen skal vanvyrda hans Verk, og dermed fyller du det, som du er skyldig til det velskipade Frendskaps-Laget. Um du tek Kona di heim til deg (og det er ikkje godt, at dei, som sitja fyre Landsstyret, skula vera lenge burte fraa sine eigne Konor), so sjaa til, at ho kann læra nokot og vitrast og venja seg av fraa si medvaksne Vyrdløysa; for so myket som ein vitug Stvresmann kann draga saman, so myket kann ei uvitug Kona skjemma burt og spilla. Um so er, at du verd Enkjemann (for det kann og henda), og du daa med ditt Embætte kann finna deg ei Kona av høgre Stand, so tak ikkje ei slik, som skal tena deg som eit Agn og ei Fisketroda til aa sanka Gaavor, som du ikkje sjølv lætst vita av. Eg segjer deg med Sanning, at alt det, som Kona til Domaren tek imot, det skal Mannen gjera Rekneskap fyre i den sidste Domen, og i Dauden skal han bøta firfeldt fyre dei Sumarne, som han ikkje gjorde Skil fyre, medan han livde. Lat deg aldri leida av nokor Sjølvtykkjes-Log, um endaa slikt plagar vera myket vyrdt hjaa dei ukunnige, som tykkjast vera kloke. Lat Faatøkmanns Taaror finna meir Medhug hjaa deg en Rikmanns Paastand, men daa ikkje høgre Rett. Freista paa, at du kann finna Sanningi mot Rikmanns Lovnad og Gaavor og mot Faatøkmanns Graat og Bøner. Naar det kann vera Raad til nokor Beinka i Domen, so legg ikkje heile den strenge Lovtyngdi paa Forbrjotaren; for den strenge Domaren vil ikkje faa betre Lovord en den medlidande. Um so hender, at du læt Retten halla til den eine Sida, so lat det ikkje vera fyre nokor Vegt av Gaavor, men helder fyre eit medlidande Hjarta. Naar det fell so til, at du skal døma i ei Sak fyre nokon av dine Uviner, so vend dine Tankar burt ifraa hans Motgjerder, og fest deim paa Sanningi i Saki. Lat ikkje din eigen Braadhug blinda deg i annan Manns Sak; for dei Mistak, som du derved kunde gjera, vilde som oftast vera ubøtande, og um det var Raad til aa retta deim, so vilde det endaa vera til Skade fyre di Tiltru og dertil og fyre dine Midlar. Um nokor væn Kvinna kjem og bid deg um Rett, so vend Augo burt ifraa hennar Taaror, og Øyro ifraa hennar Sukkar, og skoda med god Ro paa Hovudsaki i hennar Bønstad, soframt du ikkje vil, at ditt Skyn skal kvavna i hennar Graat og din Godvilje i hennar Andvarp. Den, som du skal refsa i Gjerning, skal du ikkje neisa med Ord; for den Pinsla, som fylgjer med Refsingi, er stor nog fyre den Uheppne utan nokot Tillag av vonde Ord. Forbrjotaren, som kjem inn under din Domstol, skal du meta som ei uheppi Menneskja, som er falli under Vanskipnaden i vaar veike Natur, og so vidt som det stend til deg og er utan Urett fyre Motparten, skal du visa deg linn og mild mot honom; for um endaa alle Guds Eigenskapar era jamlike, so lyser og straalar daa fyre vaar Syn hans Miskunn meir enn hans Rettferd. Um du no, Sancho, fylgjer desse Raader og Fyresetningar, so vil du hava lange Livedagar, og ditt Lovord skal vara endelaust; di Løn skal vera toppmælt, og di Sæla usegjeleg. Du skal gifta Borni dine etter din eigen Hug, og dei skula koma til Æra og Vyrdnad, og Borni deira lika eins. Sjølv skal du liva i Fred og hava Velsigning av Folket; og paa ditt sidste Stig i Livet, skal Dauden finna deg i ein roleg og fullmogen Alder, og Borni til dine Barneborn skula leggja Augo dine atter med sine smaa og mjuka Hender. Tittelsida til Skrifter i samling [Attende til bokhylla] [Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling - III. Kristiania og Kjøbenhavn: Gyldendalske Boghandel Nordisk Forlag 1912. Prenta i Den 17de Mai 28. mai 1901. Skal etter Aasen vera prenta i 1873.] Elektronisk utgåve 1997 ved Jon Grepstad gjon@sn.no