Ivar Aasen MERKEDAGARNE. Den Tidarekningi, som no er gjengeleg, med tolv Maanadar i Aaret og med eit Tal fyre kvar Dag i Maanaden, er fulla ein myket gamal Skipnad, men hever likavel inkje voret i nokot aalmennelegt Bruk i vaart Land, fyrr en no i dei sidste Tider. I fyrre Tider reknadest Dagarne mest etter ymse Helgar og Minnedagar, som me kunna sjaa i gamle Brev, der me ofta raaka paa slike Dagsetningar som til Exempel «sjau Næter etter Hallvards Messa» (d. e. 22de Mai), elder «næste Dagen etter Jakobs Voko» (d. e. 26de Juli), og so vidare. Desse Dagarne ero uppsette til Minne um ymse Hendemaal elder historiske Tilburdar, og soleides hava dei myket ujamne Millom bil, so at dei inkje gjera nokre jamlange Avdeilder i Aarsens Tider. Etter Solargangen og Daglengdi skulde ein fyrst hava tvau store Tidamerke i Aaret, eit fyre Solkverven ved Midsumar og eit annat ved Midvetter, og dernæst andre tvau fyre Jamdøgri um Hausten og Vaaren; dermed vilde Aaret vera avdeilt i fjore jamstore Fjordungar, som sidan kunde deilast i mindre Bolkar. Men etter den aalmennelege Sedvanen verda Solkvervarne jamnaste kallade etter den Helgi, som fylgjer næst etter deim; Sumars-Solkverven er berre tri Dagar fyre Jonsvoko-Dag, og Vetters-Solkverven er tri (elder fjore) Dagar fyre Joladag; og difyre taka me sedvanlega Jonsvoka i Staden fyre Midsumar, og Jol i Staden fyre Midvetter. Jamdøgri um Haust og Vaar verda inkje stort umtalade; men derimot hava me tvau andre Tidamerke, som falla inn um tri Vikor etter baade Jamdøgri og som fraa gamla Tider hava voret myket kunnige og aalment gjeldande her i Landet; det er Sumarnæterna (14de April) og Vetternæterna (14de Oktober). Med desse Merki verd Aaret avdeilt i tvo Halvdeilder elder Holvor, som er Sumarsholva og Vettersholva. Dei andre Merkedagarne ero Minnetider fraa Upphavet til Kristendomen elder sidan upptekne til Minne um ymse Heilagmenne, som anten hadde lidet Pinsla og Daude og soleides vordet Martyrar (elder Vitne) fyre den kristne Trui, elder som hadde voret Vekkjarar og Maalberarar fyre Kristendomen imillom Heidningom, elder som paa andre Maatar hadde gjort seg verdige til at hava eit Minne i den kristne Kyrkja. I den Tidi, daa den romerske (elder katholske) Kyrkje-Seden var mest aalmenneleg, vordo slike Dagar heilaghaldne i Kyrkjom og Klostrom med Bøn elder Messa, og stundom var det tillagt eit Bønahald um Natti fyreaat; difyre heiter det stundom «Vaka» elder Voka (paa Latin vigilia), avdi at Kyrkjetenararne skulde vaka og vera uppe til den rette Bøna-Timen (1). Av detta hava desse Dagarne fenget Namn; dei fleste av deim kallast Messa, til Ex. Mariemessa (ofta avkortat til Marimess elder Marimøss); og nokre Dagar um Sumaren kallast Voko, til Ex. Olafsvoka (oftaste avkortat til Olsoko elder Olsok). Stundom hava ogso baade desse Ordi voret brukte til Skiftes, f. Ex. Jonsmessa og Jonsvoka, som soleides baade hava same Tydning. Dei Merkedagarne, som hava voret mest kunnige her i Landet, ero desse: I Januar Maanad. Trettande-Dagen (den 6te), ogso kallad Trikongadagen til Minne um dei vise Menner, som komo fraa Austerlandom og vilde sjaa den nyfødde Messias. (Matth. 2, 1 o. f.) - Eldbjørg-Minne (den 7de) og Brettive-Messa (den 1 lte) hava ymist voret nemnde, men Grunnen til deim er oss nokot ukunnig. - Tjugande-Dagen (den 1 3de) er kunnig som Enden paa alle Jola-Gaman. - Paalsmessa (den 25de) er teken til Minne um Apostelen Paulus og hans Umvending til Kristendomen. I Februar. Kyndelsmessa (den 2dre) hever Namn av det gamle «Kyndill», d. e. Ljos (latinsk candela) og tyder soleides Ljosmessa, av den gamle Seden, at Kyrkjeljosi vordo innvigde paa den Dagen. Petersmessa (den 22de), som er nemnd etter Apostelen Petrus, er litet kjend. - Mattismessa (den 24de) er nemnd etter Apostelen Matthias, men er oftare kallad Laupaarsmessa av den Skipnaden, som er gjord fyre fjordekvart Aar, at ein Dag verd innskoten elder tilreknad næst etter Mattismessa, so at Februar fær 29 Dagar i Staden fyre 28; daa heiter det Laupaar elder Skotaar. I Marts. Gregorsmessa (den I 2te), er nemnd etter Gregorius den store, som var Pave i Aari 590 til 604. - Bendikts Dag (den 21 de), so kallad etter den heilage Benediktus av Nursia (død 543), er det same som «Jamvaar» elder Jamdøgri um Vaaren; dess lenger det daa er til full Maane, dess seinare kjem Paasken. - Mariemessa (den 25de) til Minne um Guds Bodsending til Jomfru Maria (Luk. 1, 26), heiter ogso Vaarfrumessa, som paa ymse Stader er forvendt til Voffermess, Vorsmyss o. fl., avdi at Ordi «vaar Fru» (d. e. Jomfru Maria) hava voret mistydde. I April. Sumarnæterna elder Sumarmaal (den 14de) er fyrste Dagen i Sumars-Halvaaret. - Magnusmessa (den 16de), til Minne um Magnus den heilage, Jarl paa Orknøyom (drepen i Aaret 1115), er no litet kjend. Gangdagen (den 25de) er ogso litet kjend; han hadde sitt Namn av den Seden, at Prest og Aalmuge skulde ganga i Fylge kring um Kyrkja med høgtidlega Bøner. Andre Gangdagar vaaro Helge-Torsdagen (Christi Himmelferd) og dei tri næste Dagarne framanfyre. I Mai. Krossmessa (den 3die) var ein Fest til Minne um, at den heilage Krossen i Jerusalem vardt atterfunnen av Drotning Helena, Moder til Konstantin den store. - Hallvardsvoka (den 1 Sde) er nemnd etter Hallvard den heilage), som var Nordmann og Systkinbarn til Kong Olav den heilage, ættad fraa Husaby i Lider (nær ved Dramn); han vardt drepen saklaus av ein Ovundsmann (ved Aar 1043), men var sidan kallad heilag og skrinlagd i Oslo. - Bjørnvoka (den 22de) finst paa Primstaven, men maa vera tilkomi ved Mistak av Bernhardsdag, som er den 20de Mai. I Juni. Kolbjørn elder Kolbansdag (den 9de) er til Minne um den heilage Kolumba (Columbanus), som var Klostermann og Kristnemaalberar i Skotland i sette Aarhundradet (død 597). - Botolfsvoka (den 17de), avkortat til Bolsoko, er nemnd etter den heilage Botolf. Klosterherre i Engelland i det sjaunde Aarhundradet. - Jonsvoka (den 24de), som er Minne um Johannes Døyparen, er reknad som Midsumars Helg og er soleides eit stort Tidamerke, Namnet verd avbrøytt til Jonsoko, Jensuku, Jønsok og fl. - Petersvoka (den 20de) er litet kjend. I Juli. Sviftunsvoka (den 2dre) hever Namn av den heilage Svithunus, som var Bisp av Winchester i Engelland, 837 til 862; Namnet verd avbrøytt til Syftunsoko, Syftesok, Setsok og fl. - Seljevoka (den 8de) er mesta avgløymd; Dagen var sett til Minne um den heilage Sunneva og hennar Fylge, som etter ei gomol Segn hadde rømt ifraa Irland fyre Heidningom og vordo avdrivne av Storm til Selja i Nordfjord, der dei ogso vordo forfylgde og leto Livet. Margretarmessa (den 20de) og Jakobsmessa (den 25de) ero litet kjende. - Olavsvoka (den 29de) hever Namn etter Norigs største Heilagmenne, Kong Olav Haraldsson (Sankt Olav), som fall i Slaget paa Stiklastad i Aaret 1030. Namnet verd avbrøytt til Olavsoko, Olsoko og Olsok. I August. Lavrantsvoka (den I Ode), avkortat til Larsvoka (Larsok) er nemnd etter den heilage Laurentius, som leid Martyrdauden i Rom i Aaret 258. - Andre Mariemessa, elder Marie Himmelferd (den 15de) er no litet kjend. - Bardsvoka (den 24de) er nemnd etter Apostelen Bartholomæus, men Namnet er myket avkortat, oftast Barsoko elder Barsok. I September. Ædismessa (den I ste), nemnd etter den heilage Ægidius fraa Athene, er litet kjend. Sidare Mariemessa, elder Marie Fødslodag (den 8de), ogso litet kunnig. - Krossmessa um Hausten (den 14de) var innsett til Minne um, at den heilage Krossen, som Persarne hadde teket burt, vardt atterteken av Keisar Heraklius og uppreist paa sin Stad i Jerusalem, i Aaret 628. - Mikjalsmessa (den 29de) er Minnedag fyre Kristendomsens Sigervinning og hever Namn av Texti um Engelen Michael og hans Strid med Draken. (Johannis Openberring 12, 7). I Oktober. Britemessa den 7de, so kallad etter den heilage Birgitta av Sverike (død 1373), er litet kjend. - Vetternæterna (den 14de) gjera Inngangen til Vetters-Halvaaret. - Jomfrudagen (den 21de) er nemnd etter ei gomol Segn um Kongsdottri Ursula, som med eit Fylge av elleve tusund Jomfruer hadde rømt fyre Heidningom ifraa Britland til Tydskland, der dei sidan vordo drepne av andre Heidningar. Simonsmessa (den 28de) var Minnedag etter tvo Apostlar, Simon og Judas (Thaddæus); paa sume Stader heiter Dagen «Fyrebod», avdi at daa er Snjoen ventande. I November. Helgamessa (den lste) var ein Dag til Minne um alle heilage Menner og Kvende; difyre heiter det ogso Allhelgamessa (Allhelmøss). Marteinsmessa (den 1lte) hever Namn av den heilage Martinus, Bisp av Tours i Frankrike, Aar 375 til 400. - Klemetsmessa (den 23de) er nemnd etter Clemens, som var ein av dei fyrste Bispar i Rom og skal hava døytt som Martyr i Aaret 102. - Andresmessa (den 30te) er nemnd etter Apostelen Andreas. I December. Barbraa-Døgri (den 4de) hava Namn av Jomfru Barbara den heilage, som var fraa Nikomedia i Litle-Asia og leid Martyrdaude ved Aaret 236. - Nilsmessa (den 6te) er nemnd etter Nikolaus den heilage, Bisp av Myra i Litle-Asia (død 343). - Lucie Dag (den 13de), nemnd etter den heilage Lucia av Syrakus, Martyr ved Aar 310. - Thomasmessa (den 21 de), kallad etter Apostelen Thomas, er næste Dagen ved Vettersolkverven og soleides den stuttaste Dag. Joladagen (den 25de) er den største av alle Helgar. Detta er altsaman berre faste Minnedagar, som alltid fylgja same Dagatal og koma atter paa same Tid i Aaret. Ymse andre Helgar ero derimot rørlege elder flytjande, med di dei inkje fylgja detta Dagatalet, men retta seg etter ein annan Skipnad. Paaskadagen fell alltid paa Sundagen etter den Fullmaanen, som fylgjer næst etter Jamdøgri um Vaaren (21de Marts); han kann soleides koma anten i Marts, ifraa den 22de, elder i April, framtil den 25de. Og sidan er det mange andre Helgar, som retta seg etter Paasken; soleides er Igangssundag (Fastelavn) sjau Vikor fyre, og Kvitsundag sjau Vikor etter Paaskadag; Skirtorsdag er næste Torsdagen fyre, Helgetorsdag er sette Torsdagen etter. Hertil kjem ogso det, at Vikotalet inkje kann fylgja jamt med Dagatalet, avdi at Aaret hever ein Dag (og Skotaari tvo Dagar) meir en 52 Vikor, og detta gjerer eit Framskot fyre kvart Aar, so at naar det eine Aaret byrjar med ein Maandag, so byrjar det andre med ein Tysdag o. s. v. Dei Helgar, som alltid fella paa ein Sundag elder annan Vikodag, kunna soleides inkje reknast etter det aalmennelege Dagatalet, med di at Vikotalet gjeng etter ei onnor Rekning. Note: (1) I det gamle Maalet verda Formerna skilde soleides, at det Fallet, som er kallat Namnaformi (Nominativ), heiter «Vaka», men Eigeformi (Genitiv) og eit Par andra Former heita «Vöku» elder «Voko». [Attende til bokhylla] Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Kristiania og Kjøbenhavn: Gyldendalske Boghandel Nordisk Forlag, 1911-1912. Prenta i Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet (ugd. af P.A. Jensen) 1863, III s. 326-330. Elektronisk utgåve 1997 ved Jon Grepstad gjon@sn.no