Ivar Aasen UM VANEN Da er inkje so vondt ein ei kann venjast med da, plar Folk segja og sume legg endaa til, at ein venst so lengje med da vonde, at ein tykjer, da er godt. Da er med dei Ordi, som med so mange andre, at dei er sanne i mange Tilhøve, um inkje i alle; fyre da finst no vel eitkvart Slag, som er so laakt og motburdsamt, at ein kann aldri likast med di, kor lengje ein freistar da. Ellest skal ein leggja Merke til, at da er mangt, som inkje er so vondt i seg sjølv, endaa da byd imot i fyrste Taket, og naar da daa er ein Ting, som er naudsynleg og heve einkvar Vinningen med seg, so plar Folk inkje kjenna etter, um da gjerer vondt, men helder tolmøda seg med di og tenkja paa Vinningen, som med fylgjer. Dinæst er da ogso merkande, at da er mangt, som er ilt fyre dan, som uvan er, men inkje fyre dan, som van er; fyrste Freistnaden er hard og strid, men naar han er yverstaden, so gjeng da tollege, og ein kjenner ikje nokor Naud. Da er mangein gild Sjømann, som var sjuk dan fyrste Gongen, han kom ut paa Havbaaro; han hadde daa slik ein Verk og slik ei Vondska, som um da var Eiter i all hans Kropp, og han tenkte vel kanskje so, at han aldri meir skulde koma paa dan Vegen. Men han var snart nøydd til aa gjera ein ny Freistnad; daa stod han seg betre og fekk meir Mod, og sist paa vart han so gjenomgjengen med di, at han kjenner ikje minste Mein; han er like lystug, anten han er paa Berg elder Baara. Da er ikje vandt um Prov og Døme paa, kor Mannen kann ferdast og kva han kann tola, naar han er tilvand, allerhelst naar han heve Vanen fraa Yngdi elder fraa Uppalet. Dar er so mange, som kann berga seg med ein tunn og sundriven Klædebunad i hardaste Vintervedret; dei kann sova paa Stokk og Stein, og næra seg med ein slik Mat, som ein rik Mann knapt vilde giva Hunden sin. Slik ei Herdsla og Tiltemjing kann ein ogso avla seg i dei Ting, som inkje er naudsynlege, og som helder er til Skade enn til Bate. Til eit Prov paa da vil mid nemna Drikkaranne, og serlege dei, som fyller seg med Brennevin. Med dan Drykken er da vist inkje Smaken, som dræg Folk til seg; dan som smakar da fyrste Gongen, tykjer vist aldri, at da er godt; men naar ein vert innbarkad med da, so kann da vel henda, at ein tykst kjenna ein Godsmak i di, som i mangt annat. No er da eit sært Lag med Mannslægti, at ho heve ei Fysna og Forvitna til aa freista alt Slag og kjenna kva Gjerd elder Verknad da heve; og allerhelst slær ho seg til dei Ting, som kveikjer og hitar Sansen, elder som set Hugen i ei Røring og Risting. Dan Forvitno er da, som driv Mannen baade til mange gode Ting og like eins til mange Synder og skadelege Tiltøke. Naar no Mannen fylgjer Hugdrifti si, og han daa raakar til aa freista ein Ting, som kitlar Hugen og smakar godt fyre ei Smaastund, men ellest er skadeleg i sine Etterfylgje, so skulde vel Mannen vera so framvitug, at han agtade seg fyre dan Ting ein annar Gong. Men so er Manns Huglyndet so veikt og ustødt, at han tenkjer meir paa dan litle Godleiken, som varer ein Augneblink, en paa dei vonde Etterkomonne, som varer i lange Tider. Difyre fell han, so snart som Hugbrunen kjem atter, og sist paa fær Vanen so myket Vald med honom, at han skjøyter aldri um, kva som etter kjem. Daa vil da myket til, um han skal venda um atter, og koma paa ein god Veg; og difyre er dan Mann sæl, som vender i fyrste Lag naar han er komen paa Uvegen. Da er betre te slokkja Elden paa Tilet en paa Taket. Og allerklokast er dan, som lærer seg Visdom av annar Manns Vanferd, og agtar seg fyre te koma i dan Bakken, dar han ser, at so mange fara ned, og so faae kjem uppatter. Tittelsida til Skrifter i samling [Attende til bokhylla] [Frå Ivar Aasen: Skrifter i samling. Kristiania og Kjøbenhavn: Gyldendalske Boghandel Nordisk Forlag 1911. Uprenta. Manus i Moltke Moes eige.] Elektronisk utgåve 1997 ved Jon Grepstad gjon@sn.no