Arne Garborg Haugtussa Til deg, du Heid og bleike Myr med Bukkeblad, der Hegre stig og Heilo flyr, eg gjev mitt Kvad. Til deg, du visne Lyng um Haug, der Draumar sviv, eg gjev min Song um Dimd og Draug og dulde Liv. * Eg kjenner deg, du Trollheim graa, du skugge Natt! Eg rømde rædd; men stundom maa eg sjaa deg att. Eg kjenner deg, du Havsens Marm med Galdre-Song; du gauv meg Gru i rædde Barm so mang ein Gong. Eg kjenner Striden tung og sein mot Trolldoms Vald. Gud hjelpe oss for brotne Bein og Mannefall! * Eg kjenner deg - eg kjenner deg, som ikkje vann! - Eg saag din Strid, eg veit din Veg i Skugge-Land. Eg røynde sjølv den Striden stygg i mange Aar, med ville Mod, med bøygde Rygg, med svære Saar. Du um meg sviv, du hjaa meg sit, du arme Aand! I meg du enno riv og slit i dine Baand. Eg veit det vel: dei sterke Troll, den Vilje rik; ein Baat i Foss, eit Kvad i Moll, sløkkt i eit Skrik. * Men Lerka stig fraa gløymde Grav med Sigers Ljod; og Vinden stryker inn av Hav so frisk og god. Og um me kjenner Graat og Gru og Saknad saar, so maa me Lerkesongen tru, som lovar Vaar. Heime Veslemøy ved Rokken D'er Haust. Det ruskar ute med Regn og kalde Vind. Smaafuglen flyr mot Rute og vilde gjerne inn. Men under Omnen god, der ligg paa Sekkje-Pute han gamle Mons i ro. Der ligg han trygg og drøymer og blinkar stilt og smaatt og alt i Verdi gløymer og hev det varmt og godt. Og segjer ingin Ting, men liksom inn seg gøymer med Rova sveipt i kring. Som Silke-Nøste fine han ligg i mjuke Skinn med Svevn i kvar den Mine og alle Kløar inn. Og glyrer likesæl med kloke Augo sine og murrar smaatt og mèl. * Skal vìta kvar du vankar i blide Draumar no? Kann hende dine Tankar seg svæver lint til Ro i gamall Minne-Krins, som stilt i Hop seg sankar fraa den tid du var Prins? Venaste Prins i Verdi du gjekk i Skogen grøn med Gullhaar yvi Herdi og ung og keik og kjøn og tenkte paa den Møy som gjekk og henta Bæri so vide under Øy. Daa kom den Trollheks blide med Sving og Sveiv og Svins fraa Trolleheimen vide og saag den vene Prins. Men skræmd han fraa ho skvatt. Daa las ho Trollbøn stride og gjorde han til Katt. Sidan so vidt han Flakkar igjennom Skog og Skar, langt yvi Berg og Bakkar, og kjem til okkons Gard. Her kan i ro han døy. Her vil han kvile, Stakkar, og tenkje paa den Møy. Aa hu! det ruskar ute med Regnvind sur og graa; Smaafuglen flyg mot Rute og liksom bankar paa. Men under Omnen god du Mons paa Sekkje-Pute skal drøyme lognt i Ro. Kvelding Snøen fell i graae Kveld stilt or mjuke Lufti. Stilt og tett, lint og lett; legg som Dunseng mjuk og slett dunkvit yvi Tufti. Veslemøy vondlar Høy i den myrke Løda. Nisselaatt kvìsar smaatt; Tuftekall seg likar godt, naar Buskap fær si Føda. Gamall Kar han er i Gard; strengt han all Ting agtar. Fylgde blid fraa fyrste Tid med i baade Stræv og Strid; og helst han Fjoset vaktar. Difor òg veit han fjaag kva han hev i Vente. Graae-Kropp, Raude-Topp kvar den kveld sin Mjølke-Kopp fær av snilde Gjente. Mat ho ber til Kui kjær, og kvar og ei ho kjæler. Gjerne ho stullar so: alltid var ho dyregod og aldri for Nissen fæler. Varme Brunn til tyrste Munn hit fraa Eldhus ber ho. Fær so snøgt Ljos i Lykt, mjølkar Kui lognt og trygt; og breddfull Bytta fær ho. Stelt og god Kui so roar seg til Nattenn' Jortar smaatt, legg seg godt; Tuften kjem med enn ein Dott; dansar so med Katten. I Omnskraai Dei hev gjort fraa seg i Kjøk og Fjoset, men d'er for tidleg aa kveikje Ljoset. Lars Dreng maa stulle i Stall ei Stund. Ho Mor, ho tek seg sin Skùmringsblund. Daa inn dei tuslar fraa andre Garden, han litle Per og ho snilde Maren. Det er so varmt i den logne Kraa, og no dei Sogur vil høyre paa. Det er den Moro dei helst vil velja; og Veslemøy kann so godt fortelja. Det gjeng med Segnir og Æventyr og løgne Rispur um Troll og Dyr. «Han Helge Haaland so vide jagta; ein Gong i Byen han laag og slagta. Men daa han kom seg til Holmesylt paa Vegen heimatt, daa vart han tryllt. Det var som Fjelli dei hadde flutt seg; det var som Leidine hadde snutt seg; og Jord var Vatn, og Vatn var Jord, og Hav var Fjellgard, og Sud var Nord. Han hadde gløymt kvar han heime budde; i Ring han tulla, og so han snudde. Attende bar det so snøgt som Eld; det leid paa tidi; det var alt Kveld. Han kjende plent som det saug og drog'n. Med ein gong stod han i Vatneskogen. Daa vart han fælin, det maa dé tru, og andre gongen so laut han snu. Og berre Søyla han gjekk og glatt i, og meir og meir vart det svarte Natti. Og Leidi burte var so for han, som han skuld' vera i frammandt Land. Og langt og lengi han gjeng og flakkar; sist stend han ør millom bratte Bakkar. Her aldri fyrr han i Verdi var. Men so med ein Gong han ser ein Gard. Og glad vart han, der han stod forlegin, og inn han gjeng og vil spyrja Vegen. Men aldri ordet so fær han frett. For slik ein Gard hev vel ingin sétt. Det berre glimar og glor og blenkjer fraa Krakk og Kraa og fraa Bord og Benkir; og Perlur hev dei um Hals og Haar, og Sylvstas singlar kvar Gong dei traar. Han gløymer reint kva det var han vilde; og alle her er so Hjarte-snilde. Dei stullar um han i Rad og Krins med Drykk og Mat som han var ein Prins. Han gløymer heime og alt der ute; snart er han sessa paa Silkepute. Der sìt han stirer og er som ør; d'er nett han svarar, naar nokon spyrr. So tidt han tyrster so kjem med Krusi den vene Dotteri der i Huset. Slik Dros i Verdi han aldri saag; reint som ei Hildring det um ho laag. Han ser paa Jenta som vil han daane; ho smiler til han, so han kann braane; den gamle nikkar og segjer saa: «um du ho likar du kann ho faa.» «Ja fær eg henne og dertil Garden, so kund' eg aldri bli betre farin.» «Ja Garden fær du naar fraa eg fell, og Bryllaup held dé i denne Kveld!» Og alt gjekk godt til um Natti seine, daa dei i Brur-Koven vart aaleine. Daa alt med ein Gong han skyna maa; for Huldrerova so fær han sjaa. Daa baade fæle han maa og flire, og Kniven dreg han i Hast or Slire; i same Stundi det gjekk eit Rop, og svart og burte var alt ihop. Han fann seg att under Haalandsaasen med vondt i Hovdet og vaat og frosin. Daa alt han skyna: i heile gaar han hadde gløymt lesa Fadervaar. Men sidan tidt, naar han einsleg staaka, han denne Huldremøy atter raaka; og daa med Taarir ho klaga seg: «du kunde frelst baade meg og deg.» Det er nok mange i Haug og Hamrar som gjeng og lengtar og stilt seg jamrar; dei saknar saart baade Sol og Dag; men talmast maa dei i Tusselag.» Sporven Smaa-Sporven gjeng i Tunet og tippar Korn og ribbar Straa og hev so god ein Une og lær aat Katten graa. Pip, pip, det so seg lagar alle Dagar, at Monsemann meg jagar, men kann meg aldri faa. Eg er so lett paa Vengen, og Mons maa sleikje seg um Trut; kvitt, kvitt, den gamle Drengen, han fekk so mang ei Sut. Og um i vide Ringar Hauken svingar, eg burt meg kverv og kringar og slepp av Leiken ut Eg lìver Dagar lette og er fornøgd, aa ja, aa ja! Kvar dag eg fær min Mette som eg det best vil ha. Pytt, pytt, kven spyrr um Føda? Nok i Løda! Der ligg den rike Grøda; der kann eg berre ta'. Og tidt eg fær i Joli ein Godbit fin av Veslemøy; og frys det, hev eg Skjol i det gode varme Høy. Og so - kvitt-kvitt, gomaar'n! so kjem Vaaren; daa fri paa Vengen borin eg byggjer Reir paa Øy Det syng Linnvêr og Sus og Skodde-vaatt. Maaneglyttar i sprengde Nott. Skodde maaneljos, mjølkekvit skuggelett velter hit og dit. Skuggar vaknar og driver av. Susing syng fraa det stille Hav. Livet drøymer i Trolldoms Bann. Tung ligg Svevn yvi Land og Strand. * Veslemøy søv i sin Omnskraabenk. Lint henne vekkjer ein Maaneblenk. Dvaledøyvd, magtlaus, or Svevnen raadd Skuggar ho skimtar i Maaneskodd. Lett under Glas trippar Bukketraav. Inn skjelv Song so linn og so fus. * AA veit du den Draum, og veit du den Song, so vil du Tonane gøyme; og gilja det for deg so mang ein Gong, rett aldri so kann du det gløyme. Aa hildrande du! Med meg skal du bu; i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu. Du skal ikkje fæle den svale Nott, daa Røtane gror ned i Jordi; du saag i Draumen det Maane-Slott og høyrde dei Leikar-Ordi. Det frævest i Blund, det grønkar i Lund, og Dagen ei kjenner den Sæle-Stund. Du skal ikkje fæle den mjuke Nott, daa Draumen slær ut sine Vengir i linnare Ljos enn Dagen hev aatt og Tonar fraa stillare Strengir. Det voggar um Lid, det svævest av Strid, og Dagen ei kjenner den Sæle-Tid. Du skal ikkje fæle den djupe Nott, som søv under svivande Eimar og ser gjenom Gru og ser gjenom Graatt langt inn i dei draumhulde Heimar og voggar deg linn og lullar deg inn fraa Dagen den trøytte, av Soli blind. Du skal ikkje ræddast den Elskhug vill, som syndar og græt og gløymer; hans Famn er heit og hans Hug er mild, og Bjørnen arge han tøymer. Aa hildrande du! Med meg skal du bu; i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu. Fyrivarsl Veslemøy ligg og drøymer i Morgonstundi graa og ser sæle Syster for Sengebenken staa. Mjukt fløymer det kvite Lakan ikring den Skapnad fin; so vent det skimrar og lyser med underleg Bivreskin. Eit Staup av Sylvet klaare i magre Hand ho bèr. Dei store stille Augo med Sorg paa Veslemøy ser. «Du arme, unge Syster!» ho kved med kjærleg sut, «her er den Kalken djupe, som du skal tøme ut. Du hev den tyngste Lagnad som nokon her kann faa. Det som i Natti seg løyner, det skal du skilja og sjaa. Di legg det svikefulle snòrur i vegen din og lillar lint og lokkar og tryller ditt unge sinn. Aa sjaa deg, sjaa deg fyri! Du hev so myrk ein Veg. Men naar du ut vil glide, eg er ikkje langt fraa deg. Aa sjaa, aa sjaa deg fyri! Vegen er myrk og glatt. Men ljuv er ljosnande Morgon alt etter den tunge Natt.» Veslemøy vak med Glede vil helse si Syster god. Daa lyste gjenom Rute den fyrste Morgon-Glod. Den sæle, kjære Syster gleid burt i Ljosken linn. Det drogst ein Sukk som døydde i vaknande Morgonvind. Sundagsro Frosten knakar i Nòv og Vegg; Soli gløser og søv og legg sitt Eldskin raudt yvi Snøen. Frostskodda heng som svivande Bru yvi Isar og Heid i Upp og i Sud; men fri ligg vinterstill Bøen. Inne ho Gamlemor Brille-klok ved Bordkanten uppe les i si Bok og tenkjer paa siste Ferdi. Ved Omnen jønnraud Ungdom sìt og steikjer Skivur og knaskar og ét; det er det beste i Verdi. * «Kva er det som tyt og aldri tegjer i villan Heid?» «Bekken han tyt og aldri tegjer paa langan Leid.» «Kva er det som høgger heile Dagen og Flis ikkje fell?» «Klokka ho tikkar heile Dagen og lange Kveld.» «Stogo full av den graae Ull som ingin kann taka?» «Røyken er denne lette Ull, som ingin kann maka.» «Det kjennest paa mjuke Kattesnute baade varmt og kaldt, d'er ikkje inne og ikkje ute, men tekt yvi alt?» «Og ikkje inne og ikkje ute, baade varmt og kaldt, det er i Glaset den klaare Rute med Tak yvi alt.» «Rundt som eit Egg og langande langt som ein Kyrkjeveg?» «Garn-Nystet er baade rundt og langt, kann eg segja deg.» «Fire heng og fire gjeng, naar Lauvet det spretter; tvo stend i Sky; tvo finn Vegen til By, og ein diltar etter?» «Kui med Juret paa fire gjeng, naar Lauvet det spretter; Horn stend i Sky; Augo ser imot By; men Rova sleng etter.» «Brunt i Roti det lær til deg, men kvitt uppi Toppen; under eit Aasklæd' det spélar seg, og gjer godt i Kroppen?» «Ny-Ølet æser og brunt seg dreg, med Skùmhatt paa Toppen; i Aaklæd-tekt Kjer so spélar det seg og gjer godt i kroppen.» «Um Vinteren veks eit underlegt Tre, men minkar um Vaaren; Roti snur upp og Toppen ned, og smal er han skorin?» «Jokulen er dette Vinter-Tre, som minkar um Vaaren; han heng under Taket med Toppen ned, og smal er han skorin.» «Vaar Herre fær det visst ikkje sjaa, men me ser det kvar Dag?» «Sin jamlike er det han ei fær sjaa, men som me ser kvar dag.» «Rotlaus veks det av lange Røtar. Um Dagen det skrid paa tvo, men til Morgons paa fire Føtar, um Kvelden paa tri?» «Mannen veks rotlaus av mange røtar fraa Adam av. Og fyrst han kryp; so gjeng han paa Føtar, men sist med Stav.» Veslemøy synsk Gamlemor ventar I mjuke Kòle-Ljoset ved Omnen glødd og varm ho Gamlemor snur paa Rokken sin og tøygjer den magre Arm. Um skrinne skrale Lìkam ligg Kjolen grov av Ull. Hovudet bøygjer seg sveipt i svart, - ein nikkande Klædetull. Med skrukne Knokehandi ho dreg den lange Traad. Rokken knurrar sin gamle Song, som lite ho høyrer paa. Rundt Golv um gamle Veggir som Bøyg i krulla Ring gapar den skùme Skugge-Natt og gløyper alle Ting. Viker og fram-att dreg seg or Myrkeheimen stor og blundar stilt og geispar tomt og drøymer rædd og glor. Upp av den graae Skùming stig som ei Aand or Grav Gamlemor sin Skugge vittande att og av. Og Rokkeskuggen sviver paa Veggen skakk og graa, paa Hovud-Tullen nikkar smaatt mot Rokken til og fraa. Og Kòla brenn so dauvleg, og Kòla brenn so blaatt; Mor tekst med tunge Tankar: er noko tids i Nott? Det græt um Nòvine ute, det dunkar i Vegg og smell; ei Uro prikkar i Barmen: er noko tids i Kveld? * Daa stansar ho Rokken braatt, og Kroppen lyer stiv; ho høyrer Stig; det spring som galdt det Sjæl og Liv. Ho høyrer Styn og Sukk og strøypte Andedrag; ho høyrer Bøn til Gud og liksom Hjarteslag. Ho reiser seg og gjeng uroleg att og fram og krossar seg og bed: «aa Jesus, du Guds Lam» ... Og Klokka gjeng so seint, og Klokka gjeng so smaatt, og Klokka døyr og stansar ... - «Aa gjer det fredt i Nott!» Og ute er det svart, og ute er det stygt, og ute uler Vinden; - «aa gjer det fredt og trygt!» Og midt paa svarte Heid, der flyg den Arming no med ryggen kald av Rædsle; aa send ho heim i ro! Eg høyrer inkje meir ... Aa, hjarteleg eg bed, aa send mi Veslemøy til Mor si heim med Fred!» * Daa høyrer ho paa nytt den same skræmde Gang, det same Andetak, det same Livsens Sprang. Upp Døri flyg med Brak; inn stuper Gjenta kvit med Munnen turr og opin, med Augo utan Vit ... «Mor - Mor, eg er so rædd. Her er so stygt og svart. Og, du, - i Grave-Heid, der saag eg noko rart» ... «So, Barn; her er du trygg. Her naar deg ingin Draug. Kom, set deg. Vart du skræmd? Eg høyrde kor du flaug. Her; drikk ein drope Mjølk. Og roa deg ei Rid. - Eg kvakk! So vel eg aldri visst høyrde Fylgja di.» Veslemøy Ho er mager og myrk og mjaa med brune og reine Drag og Augo djupe og graa' og stilslegt, drøymande Lag. Det er som det halvt um halvt laag ein Svevn yvi heile ho; i Rørsle, Tale og alt ho hev denne døyvde Ro. Under Panna fager men laag lyser Augo som att-um Eim; det er som dei stirande saag langt inn i ein annan Heim. Ho gjeng aat sin Omnskraabank og set seg, men veit det knapt, og tek denne Mjølkeskjenk og sit der roleg fortapt. Berre Barmen gjeng sprengd og tung, og det bivrar um Munnen bleik. Ho er skjelvande sped og veik, midt i det ho er ven og ung. Synet «- Nei Mor, det kann du tru med Lit; eg miste korkje Hugs hell Vit. D'er ingin Draum eg fèr i. Nei; vel eg veit, for fyrste Gong eg saag inn gjenom Glytten trong inn i den andre Verdi.» - «Daa fekk du Feigmanns-Gjerdi.» «Syt ikkje, Mor, for Veslemøy! Det er kje eg som burt skal døy og meg i Naa-Ham hylja. Men Morbror hev me mist i Kveld. Eg møtte han i Grave-Dæld. Han skein som Moreld-Bylgja.» - «Gud vil honom naadig dylja.» «Det myrkna yvi Haug og Heid, og skùming dulde leng og leid. Eg gjekk med Gud i Tankar. Daa vart det stilt som djupt i Grav. Det var som Verdi sovna av. For Øyro Blodet bankar ...» - «Alt dult i Myrkret vankar.» «Eg vart kje rædd. Eg undrast smaatt ... Daa ljosna fram av tette Nott ein Mann i Maaneskins-Lakan. Eg kjend' han vel og venta stilt. «Far vel,» han kviskra kvævt og mildt. Og burt i Lufti rak han.» - «Gud i din Himil, tak han!» «Daa var det som eg lukta Lik; og høgt i Heidi gól eit Skrik. Eg vìtlaus vart og fæli og sprang i Ørska villt min Veg, til glad eg her fekk finne deg. Men Minnet er eg sæl i.» - «Gud æveleg Glede Sjæli!» Haugtussa Ein Dag dei spurde med Kolning um Munn, at Mannen var daain i same Stund, ja nett i den same Time. Daa skalv den unge i Hùg og Hold: «no maa eg sjaa baade Draug og Troll og Gasten med Haari lange.» «Gud trøyste deg daa, du Veslemøy; det vøre deg betre du maatte døy, so fingje du Fred i Jordi!» «Aa heller vil eg med Augo sjaa, enn dauv og blind gjenom Verdi gaa og ikkje det Sanne skilja!» - Sidan saag ho i Haug, paa Voll, baade Nisse og Nøkk, baade Draug og Troll og Gasten med Haari lange. Tidt mullande gjekk ho med myrke Ord og skræmde stundom si eigi Mor; dei sa ho vanta paa Vìtet. I Lyngmarki Nord millom Haugar tri, der gjekk ho gjætte si meste Tid. Og Haugtussa vart ho heitand'. Jol Ungdom Det er Joletid; det er Annandag. Hjaa Gamlemor held dei sitt Danselag. Dit flokkar seg Gut og Gjente. Føret er fælt med Snø og med Slaps; Vegane er berre Grugg og Graps; men alle so er dei plente Me veit kor det er i Ungdomens Tid; etter all den kvardagsleg' Sut og Strid ein Leik so hjarteleg smakar. Og Gleda er gjæv og Gleda er kjær; dei hoppar som Folar og Rundkast slær og spenner i Golv so det brakar. Og Guten drikk seg eit lite mot; so sullar dei fram paa dansande Fot og held seg i varme Hendar. Aa hei! ropar Guten og svinger sin Arm; og Gjenta smyg etter so sæl og varm og lær med dei kvite Tennar. Og Gleda svell i den unge Barm; gløymd er baade Strid og Sutir og Harm, og Livet stormar og strøymer. Hugen leikar og Augo lær, Elsken gløder og Hjarta slær; det er Stundir ein aldri gløymer. Men vert det for mykje med Drykk og Braak, og vaknar Sinnet med Slaasting og Staak, daa kjem han, den vonde Mannen. Og sìt i Kraai og flirer og glor. Og daa gjeng det laus med Meinferd og Mord, til dessmeir Hugnad for Fanden. Daa fér ei Uferd so mang ein Gut, og Gjenta kjem ut i Skam og i Sut, og gleda vendast til Vaade. Di skal me fagnast paa sømeleg vis og all Tid gjeva vaar Herre Pris, som unner oss Liv og Naade. Laget Aa hau deg og hei, no tek Fela i, og ho lær og læt og syng og græt; aa kom, aa kom no, du Gjenta mi, no skal me sulle saman. Aa lengi gjekk me no kvar for seg og lengta so langt og tenkte so mangt; no hev du meg her, og no hev eg deg; det er so godt eit Gaman. Aa hugsar du sist paa den grøne Eng; eg sneidde og slo, du breidde og lo; so sat me kvilte paa Moseseng; aa du, det var blide Dagar. Eg saag paa deg og du saag paa meg, og me lo so godt og forstod so godt; eg tenkte med meg: dette jamnar seg, og sidan seg allting lagar. Aa ja, du Gjenta mi, det er so lang ei Tid; eg segjer fritt, og tenkjer tidt: aa var me no alt paa Veg! Her er so leidt og kaldt, og d'er so langsamt alt, men hadd' eg ho eg meiner no, so sytt' eg kje meir for meg. Aa hei! lat oss danse med' Dansen gjeng! no Soli ho snur, og Joli ho snur; lat gaa det paa Kar, lat gaa det paa Spreng! No gjeng det paa rette Maate. Til Vaars, kven veit, stend ein annan Dans; hei! det skal bli Stell, hei! det skal bli Smell; ja daa skal me leike forutan Stans, aa du, so glade og kaate. Og rundt dei sviv i laage Rom med Hopp og Hiv og Fele-Ljom, og Guten rak i faste Tak si staute Gjente svingar. Dei stormar paa med Kast og Spenn fraa Kraa til Kraa so Duren stend; og Drengen blid med Drosi si um sæle Hjaasvæv' tingar. Men Gjenta vâr med Smil og Spott gjev snøgge Svar til Glis og Laatt; og Ølet renn, og Blodet brenn, og Slaatten kved og klingar. * Haugtussa ho sit i myrkaste Kraa og ser paa og myler og mumlar; ho ser det dei andre ikkje kann sjaa, som villt seg i Dansen tumlar. I Stogo det kryr med alle slags Dyr; dei hoppar som Skuggar og flyg og flyr. Kvar ein og kvar ei hev Vardyvlet sitt, det fylgjer so trugi sin Herre; det eine er svart, det andre er kvitt, eit stygt og det andre verre. Aa kunde dei sjaa! dei fælte visst daa og Vondskap og Villskap seg vende fraa. Han Topp-Ola Leite strokin og stram, som sviv der med Midja den svange, han hev til Fylgje ein Haneham med Sterten og Sporane lange. Han Daase-Per Skau, han heve ein Sau, og sløge Jo Bliland hev Reven raud. Han Late-Knut Aase, Likesæl-Knut, maa fylgjast med Feitsugga fæle; han Andrias Haaland, den Gjentefut, hev Bukken hoppand' i Hæle; men søtmælte Svein, som gjeng der so rein, hev Vargen den graa' med dei lange Bein. Med Slurve-Jens fylgjer ein utsvelt Gamp, han fekk korkje Høy eller Vatten; og Bjørnen er med han Sterke-Lars Kamp; men Haale-Jakop hev Katten. Han Kristian Skar vil vera slik Kar, men Hare-Pus spring i hans Fotefar. Ho Skravle-Guri, ho hev ei Geit med Horni som kvast kan rispe; med Rund-Malli hoppar ein Smaagris feit, og Berit Floks hev ei Tispe; ho Mari der Nord, ho heve ei Skjor; ho Langskankle-Rakkel hev Merri stor. Ho Maren og Mette og Lisabet og Stine fraa Storbrekke-Mønet og Jórina Klopp og Olina Klett, dei hev berre kvar si Høne. Men Megga fraa Aas, med Sylv under Laas og Garden aaleine, ho hev ei Gaas. So leikar dei rundt i lysteleg Dans, paa tvo Bein og andre paa fire; det svingar med Arm og sveiver med Svans; det dissar i Stokk og i Spire. Daa høyrest det Traakk. Inn støler ein Flokk ... Jau no skal me sjaa her vert folksamt nok! Huldri or Haug, Tuft og Dverg og Draug, Bøyg og Bustetroll bykser inn i Koll; lufsar i kring lett som inginting, kravlar upp paa Kant og Kiste; lempar seg Rom midt i Staak og Ljom, dansar der i Kraa; ingin kann det sjaa; Gryte og Kjel, Horn og Tussespél læt ein Laatt som ingin visste: Vatsdrope-Klunk, Bekkje-Surl i Jord, Vindgraat av Vest, Baaresus av Nord, Kviskring i Kraa, Dùn av døyvde Ord, Kvasl av Lauv, som fell fraa Kviste ... Sulle no, tulle no, Graakall og Graakulle, tulle no, sulle no, svævd er Sol; humpe no, hoppe no, Graatopp og Graatoppe, hoppe no, humpe no, hau! d'er Jol. Bummel, bammel, Rokkedans og Rammel, myrkt fraa Berg til Blaane. Bammel, bummel, Rangedans og Rummel, sløkt er Sol og Maane. * Og villt og villare, hei! det gjeng, hei kringande deg, hei! svingande deg; no gjeng det paa Kar, no gjeng det paa Spreng, no gjeng det forutan Maate. Og aldri saag su slikt Hurlumhei med Sveim og med Staak, med Bræl og med Braak; det durer i Natti paa langan Leid, og dei er fulle og kaate. Tingel, tangel, Rumledans og Rangel, Brak i Bjørnekjole ... Og her er Guten, aa hei og haa! gjenom Berg og Fjell, gjenom Os og Eld; aa vil du meg ha, so kann du meg faa; eg fær naar eg berre peikar. Aa kom med Truten, aa haa og hei! slik drusteleg Dreng kann du faa i Seng; det finst kje slik Kar um til Rom du reid; aa ser du kor lett han leikar. Tangel, tingel, Vavredans og Vingel; godt og myrkt i Joli ... ... ... ... ... * - Veslemøy sit som tryllt og glor, og tungt av Barm ho andar. No gjeng det baade ned og Nord; for Troll og Folk seg blandar. Og Ljosi dovnar. Myrkret meir og meir seg saman ringar. Tussar tumlar seg fleir og fleir. - So stryk det upp med Springar: Aa gjævaste deg, eg giljar for deg, aa sulla med meg i sudeli-dudelidei. Venaste deg, aa venta paa meg, no kjem eg til deg i dudelidei. Aa hildrande du, no vil eg meg snu og byggje og bu i Haukeli-Haukeli-hei. Gildrande du, med meg skal du bu og Rokken din snu i Haukeli-hei. Ragg skal du spinne, Traad skal du tvinne, Sokk skal du binde, surelilei; eg skal deg sulle, stelle og stulle, hyggje og hu- -delideia! Vev skal me renne, Rev skal me vende, Brisk skal me brenne, surelilei; Vogga skal knaka, Reinknok skal smaka, Braud skal me bak- -elibeia! Aa gjævaste deg! aa gilja til meg, og sulla med meg i sudeli-dudeli-dei; venaste deg, aa venta paa meg, no kjem eg til deg i dudeli-dei ... ... ... ... ... * ... Mjukt som i Graat tonar Harpelaat, lokkar lett og linn liksom Sùmarvind, voggar seg blid, strøymer sterk og fri, svævest av i Draum og Stille; vaknar so spakt, velter fram med Magt, brusar upp i Brand liksom Marm ved Strand; søtt som i Blund stig ein fager Lund, elskhugsvarm, med sorgblid Trille ... Fram dansar ein Haugkall fager og blaa med Gullring um Haaret som fløymer; han giljar for Veslemøy til og fraa, og Tonar ikring honom strøymer. Aa hildrande du! Med meg skal du bu, i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu. Um Dagen er eg den brune Bjørn, som bykser i Skogane vide og laugar mitt Ragg i sjupaste Tjørn og vassar i Straumane stride og leikar i Strand og raar yvi Land, so langt som ditt Auga det timja kann. Men naar det lid til Midnettes Bìl, og Dagen i Haug er gjengin, daa høyrer du Klunk og yndelegt Spél som linnaste Lokking fraa Strengen; daa kjem eg til deg fraa villande Veg og søv i din Arm, til det vekkjer meg. Men du skal sitja i Blaahaug Brur i Silke og Sylv so det bragar, og aldri kjennast saar eller stur i alle dei Livedagar. Aa hildrande du! Med meg skal du bu, i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu. Han rettar ut su Bleike blaa Hand; ho skjelv av Uro og Otte. Men saa den Møy skuld' kysse den Mann, daa hadde han Munn som ei Rotte. «Aa Jesus!» - ho bed um Frelse og Fred og sig i Uvìt av Benken ned. I Gjætlebakken Vindtrolli Tsjuh! buh! segjer Nordan-Kvitskjegg, han hiver med myrke Vengir. Det yler og kvin yvi nakne Heid; det kvitnar um Aas og Engir. - Tsju ... Tsjuh-hu-huh! segjer Nordvest-Istroll, det velter Skip og Stamnar. Havet rørest av djupe Grunn og bryt paa femtan Famnar. - Tsju ... Tsjui-lu! segjer Vestan-Havmann, han kjem so vide av Sjø. Lett leikar den Gut um brune Bakkar, men lite so er han stød. - Tsju ... Tsjui-lu! segjer Vestan-Havmann, han er so salt og vaat. Han lokkar med Sol og Blaaning blide, men helst det endar i Graat. - Tsjui ... Tsju-su! segjer Austan-Bergkall, han er so kvass og klaar. Han kjem fraa alle dei ljose Tindar med Snøhatt um snøydde Haar. - Tsju ... Sulilu! segjer Sunnan-Ljosalv, han susar i Lauv og Lyng. Blomar hev han i det fløymde Haaret og blæs paa Fløyte og syng. -Tsju ... Sulilu, segjer Sunnan-Ljosalv; daa er det godt aa gjæte. Daa er det lognt under solvarm Stein; daa vil mine Lomb seg kjæte. - Tsju ... Sulilu! Aa du sæle Sùmar med Sol i Bakke og Bròt. Daa søv eg i Lyngen min beste Blund og vaknar utan Graat. - Tsju ... D'er kje greidt Aa Stakkar kor du kulsar, du snilde Smalen min, i dette Ruske-Regnet og denne vaate Vind! Der under Alve-Steinen, der er ei Livdekraa; der fær du inn-aat kryle og prøve um du maa Lindring faa. Men Kui ho vil heim att; det er so stridt eit Jag; ho hev kje Fred i Marki paa slik ein Regnvêrsdag. Men tomt det er i Lødo; kva skal me gjera der? Me fær no heller stogge og freiste um me fær noko her. Attunder Rundehaugen, der er kje fullt so stridt; der fær me trøyte Tidi, du gode Bùjet mitt! Og kanskje Huldri slepper oss inn ei Stund hjaa seg; ho veit kor vondt me lider i Dag paa Gjætle-Veg, dé som eg. Alt tek det til aa renne ned etter Ryggen min; ufysi er det vaate innpaa det varme Skinn! Og Foten sokk i Myri, og Hol der er paa Taa, og vaat og tung vart Stakken; aa snilde Ku, du maa roleg gaa. Eg frys, so snart eg fær vel min Styng innunder Barm; daa lyt eg heim meg skunde til Mor i Stogo varm. Daa fær eg skifte Klæde og kvile meg ei Stund; og dé fær Mjøl og Syddre og gode, varme Brunn aat svoltne Munn! Fuglar Kra! Kra! segjer Kraaka, ho flyg so tungt under Sky. Ho klæd seg i Vadmaal godt og graatt utan Stas og Kaupe-Ty. Ho gjeng paa Aakren i Flokkar og veit seg so klokt aa snu. Ho er seg so vyrdsleg ei Bondekòne; men ingin skal henne tru. Ho gjeng i sitt lovlege Yrkje der kringum Gjerde og Vegg; men naar ein so skal sjaa seg til, so hev ho teki Egg. Skrat! skrat! segjer Skjori, ho hoppar so lett i kring. Skvatrar og vippar med Velet sitt og duger til ingin Ting. Det er ei Fantekjerring; ho fer med Slarv millom Tre. Garpar og gjøner og lær og lyg; og stundom stèl ho med. Kvirrli-kvitt! segjer Staren, der svartgrøn i Sol han skin; han er so hoppande glad ein Unge, og plent som ei Perle fin. Tipp, tipp! segjer Erla, der stilt ho hoppar og smett. Ho er som ein litin Barnetanke, so rein og blaa og lett. Smekk! smekk! segjer Steindilpa, ho smattar so trygt og turt. Men vesle brune Fuglekongen, han kjem millom Blomar burt. Tirli-ti! segjer Lerka, ho stig og stig imot Sky. Kvar Gong ho tirlar i Morgonstundi, daa verter Verdi ny. Tirli-ti! segjer Lerka, ho sviv under Kvelven fritt. Kvar Gong ho tirlar i Morgonstundi, det kitlar i Hjarta mitt. Vi-vipp! segjer Viba, ho rid seg so høg ein Hest. Fjør hev ho i Hatten, og Fløyels Kufte, og kvite Silkevest. Eg kjenner so vel dei vene Eggi i grøne Tuve-Reir. Eg tok deim; men Mori bad so saart; - eg gjer det aldri meir. Men Heluna, vene brune Fuglen med svarte Fløyels Barm, - kvar Gong ho fløytar paa lynggraa Tuve, daa vert eg i Hjarta varm. Men Heluna, vene brune Fuglen, som stig meg so stilt imot, - kvar gong ho fløytar paa lynggraa Tuve, det græt meg i Hjarterot. Under Jonsok Sunnan-Regn, Sùmar-Regn droplar lint fraa lettslørd Himil, svalar sælt den svidde Lufti, doggar mjukt dei brende Bakkar. Drys og droplar godt og lengi; lækjer Jordi, laugar Vaaren; held so etter velgjort Arbeid mildt og rolegt upp mot Kvelden. Og det opnar seg og andar, Blom og Blad og alt som lìver, Stylk og Straa og friske Lyngtopp, Pors og Brisk og beiske Triblad. Andar ut si varme Sæle i dei tusund, tusund Angar, tusund friske, fine Angar, - til som Balsam Lufti fløymer. Og ein Klaar-Eim sveiper Jordi, Eim av Livsens Elsk og Yljing, som det lette Slør um brune runde kjælne Brurebarmar. Veslemøy med stille Buskap driv imillom Rundehaugar Nord ikring den svarte Tjørni, som gror att med Myr og Mose. Faarleg er den Hengje-Dinsa, klædd med Bær-Taag og med Myr-Ull; ned-paa svarte Evje-Botnen søv ein Lyngorm lang og diger. Men i Bakken Fêet beiter, nippar av den unge Lyngtopp; Lombi dansar rundt ikringum, søkjer so si Mor og pattar. Og som skire Sùmarkvelden legg seg mjuk um alle Markir, og den ljose varme Kveld-Røyk hildrar alt i Dis og Dimme, - daa sin Bunding burt ho gløymer, Veslemøy, der still ho vankar, og i tankelause Tankar sig ho av og ser og drøymer; ser det livne under Leite, ser det vakne millom Steinar, ser paa hulde Aaker-Reinar fager Bøling søkje Beite. Haugmøy i den blaae Stakken, prydd um Barm med Sylvlauv fine, sit paa Tuva under Bakken og straar Salt aat Kyrne sine. So ho reiser seg og lokkar; Haaret fløymer yvi Herdi; Bøling vent i Rad seg flokkar, og mot Fjellet rekkjer Ferdi. Ku for Ku, og gamle Dimmeld, Stuten stor som etter ruggar, synest som ei Rad av Skuggar mot den ljose Nordan-Himmel. Ut er slokna Avdagselden; graae folnar alle Skyir. Verdi ligg i Draum og Lyder, og det gjeng som Song i Kvelden. * Langt det vart aat dykk og meg inn-um Heime-Helle; no aat Sùmarstøl me dreg under Skarefjellet. Kom no, kom no, Kyri mi! Svalt det er i Skare-Lid. Ku-Saata! Ku-Saata! I Fjellet gror grønaste Aata. Kom Kyri! Kom Dyri! Kom Dimmeld og Dros, kom Randeliros, um Kveld! Under Nordran-Aas er godt, inn-i Huldre-Hagen. Lang er der den logne Nott, stutt er Solbrandsdagen. Og i Berget svalt og stilt er der Livd mot olmt og ilt. Og naar Skodda sig um Aas og kvar Solglytt jagar, driv me rundt paa Ville-Raas og hev gode Dagar. Sky og Skodde yvi Lid, - daa er Huldri trygg og fri. Ofte daa i svale Kveld Jutull for meg giljar, lovar meg sitt heile Fjell, um eg er til viljar. Men so faatt eg fagnast kann med det tunge Troll til Mann. Huldri gjeng i harme Sut, maa i Elskhug brenne til den ljose Dagsens Gut, som ho ei fær kjenne. Gjerne bytt' eg Ham og Haatt, um med han eg fekk det godt. Soli stig og Soli gjeng; Vinter kjem og lakkar; utan Vén og Brureseng Huldri veglaus flakkar. Leid er lange Lengtings Brand; aldri kjem den ljose Mann. Ku-Saata! Ku-Saata! I Fjellet gror grønaste Aata. Kom Kyri! Kom Dyri! Kom vanka med meg den villande veg um Kveld! I Slaatten No Ljaaen han syng paa den saftige Voll, og alle Smaablomane slær han i Koll, og Graset av Roti han sopar. Det gjeng seg so lett i den Dogg-mjuke Eng; i Skaarane svingar seg Dreng etter Dreng og slær so or Vegen! det ropar. Ja svinga, du Slaattar, og Vollane snøyd! Det angar so godt av det nyslegne Høy, som Verdi var full utav Blomar. Det legg seg ein God-Daam um Bakke og Bygd; det er som ei Ørske av Nøgd og av Trygd; det angar so hjarteleg Sùmar. Og gjev det vil skifte med Sol og med Vind, so all den Guds Gaava dei godt kan faa inn! Det vil eg so inderleg beda. Ja gjev oss ein Terre so god og so traust! Daa tarv me kje ræddast den folnande Haust; og Jol skal me halda med Gleda. Veslemøy undrast Gjentunn' breider der Gutann' slær; so ropar dei til kvarandre og lær. - Me veit, naar det er so laga -. Ja lett det gjeng med Lentur og Fjas, paa Vollen der i det fallne Gras. - Me veit, naar det er so laga -. Og skjemte og fjasa, - lat gaa med det; det gjer eg kanskje ein Gong, eg med. - Me veit, naar det er so laga -. Ja tenk um eg raaka den Guten snilde, som ikkje aat Haugtussa flira vilde! - Me veit, naar det er so laga -. Ja skjemta og fjasa, - det skìl ikkje meg; men tenk at Gjentunn' vil gifte seg! - Me veit, naar det er so laga -. Um Guten er ven, naar han litin gjeng, so vert han ljot, naar han veks til Dreng. - Me veit, naar det er so laga -. Og endaa um Drengen seg vise kann, so vert han eit Troll so snart han er Mann. - Me veit, naar det er so laga -. Ja tenk! at dei lokkar deim til aa frie! Og tenk at dei vil til Kyrkje ride! - Me veit, naar det er so laga -. Dei veit dei hev berre vondt i vente. Men endaa ingi vil gange Gjente. - Me veit, naar det er so laga -. Gjenta hev Moro, Kona hev Slit; men endaa hev dei so lite Vit. - Me veit, naar det er so laga -. Nei fyrr eg vil byte mitt Gjente-Kaar, fyrr gjeng eg og gjæter i hundrad Aar. - Me veit, naar det er so laga ... Og fyrr eg vil inn i den Suti hard, fyrr gjeng eg og bed meg i kvar Manns Grad. - Me veit, naar det er so laga ... Ja fyrr eg vil dragast med Barn og Mann, fyrr gjeng eg Fanteferd Land og Strand! - Me veit, naar det er so laga ... Skjemte og fjasa eit Grand, - lat gaa; men kysse eit Skjegg! Aa langt derifraa! -- Det var, - um det var so laga? Dømd Det kveldar um Haust yvi laage Land. Eit Havbrak vaknar ved Nordan-Strand. Blaakalde Skyir kviler i Vest. Dagens Auga sloknar og brest. Myrane søv under Taake-Feld. Aa-Sus varslar i stille Kveld. Trolldom lurer i Jordslags Eim; - Veslemøy hastar med Smalen heim. * Men nede paa Bøen, ved Elvestrand saag ho ein underleg gamall Mann. Knebrok hadd' han og Kufte sid; høyrde kje heime i denne Tid. Daa fekk ho so hjarteleg vond ein Kvekk kunde kje koma av tverran Flekk. Men Mannen tusla paa Elvebard der attum den eldgamle Skiftesgard. Tusla og stræva forutan Ro; sleit og lyfte, men Garden stod. Lyfte og sleit utan Ro og Rast; men Steinane laag som i Muren fast. Daa skreik han og grét til det vart som Song. * Eg hev som vigde Mammons Træl for vesal Vinning selt mi Sjæl; for dette arme Stykke Jord eg fraa meg Fred og Frelse svor. No finn eg aldri Heim og Hamn, Gud hjelpe meg i Jesu Namn! Den ut er dømd or Himmelrik' som her i Verdi gjorde Svik; han miste Ord, han miste Tru og kann kje millom Vénir bu. No veglaus driv min brotne Stamn, Gud hjelpe meg i Jesu Namn! Eg gjekk som ærelause Svein og flutte denne Deildestein; eg braut mitt Ord, og braut mi tru og kann kje millom Vénir bu. Eg finn kje Fred og Faderfamn, Gud hjelpe meg i Jesu Namn! Dei vil ta henne Maaneskinsmøyane Jordi søv i sitt Vinterlin. Bjørki den unge, rimkvit og fin, stend som i Sylvet skòri, eller som bygd av Stjerneskin. Jordi søv i sin Vinterblund. Maanen lyser paa Himilrund. Tusund av Diamantar glimar um Grein i den frosne Lund. Braakveikt blenkjande, straalerein bivrar den Glitring um Kvist og Grein. Det er liksom Lunden livde, straadd med Perlur og Glimestein. Stirande inn i den sylvblaa Glans Veslemøy stend utan Hugs og Sans; daa ser ho med ein Gong Møyar, kvite Møyar som gjeng i Dans. Kvite Møyar som gjeng i Ring; stille sviv dei i Stìng og Sving. Det er som ein Dans i Draumar til Takt av stilslegt Sylvklokke-Kling. Bygde er dei av Lufti blaa; Kjolar av Maaneflor hev dei paa; sauma med Stjerneglitter, løynande lett dei Barmar smaa'. Haaret flyt i vallande Flaum ned yvi Rygg som ein sylvgraa Straum. Yvi dei bleike Vangar Stjerne-Augo i stille Draum. Aldri saag dei den varme Dag; stilt det er i det Ungdomslag. Stivt dei i Dansen smiler. Kalde søv desse Andlits-Drag. Lengi tryllt maa Veslemøy staa, drøymd den Dansen stirande paa. Daa nikkar dei som til Helsing. Og kverv i Luft som ein Frostrøyk graa. Heilagbròt Ho tuslar stur i kring og lite mæler og frys um tronge Bring og umist fæler. Skal snart ho av og bu paa Drauge-Øyar? Kva vil dei henne, tru, dei bleike Møyar? Ho gjeng i kalde Vind, men heit maa Brenne. Den vonde Styngen sin ho att fær kjenne. Imillom Ku og Lamb ho gjeng og drøymer, og vimar att og fram og all Ting gløymer. Ein Sundag med si Mor ho gjeng til Kyrkje; ho vil med heilagt Ord sin Vanhug styrkje. Det heng fraa Havet inn med Musk og Væte. Døyvt syng i Skodda stinn det Klokke-Lætet. Der millom Greftir sein og hugtung rek ho. Der ligg eit morki Bein; det til seg tek ho. Ved Barm med vyrdsam Agt ho vil det live; det skal den vinde Magt fraa henne drive. Kravsmannen Ho ligg um Natt i Benken sin og lyder paa den tunge Vind, som læt og græt um Stova. Og timar sig so smaatt um senn. Ho frys og skjelv og stundom brenn; og aldri fær ho sova. Som so ho ligg der mod og ør, det bankar hardt paa Ute-Dør, og henne just det varar. Ho upp og ut og kring seg ser. Er Folk paa Veg i slikt eit Vêr? - Ho spyrr, men ingin svarar. Tri Gongir slik ho faramaa; men inkje Liv der er aa sjaa. Daa maa ho ottast faare. Ho breidder seg i Benken ned, og so med Munnen att ho bed tri Gongir Fadervaaret. Som der ho ligg i Sveitelaug, paa Golvet blaanar fram ein Draug som upp av Jordi skotin. Han stend og stirer still og kvit. So hinkar han aat Sengi hit; tungt dreg han eine Foten. Av Rædsle nòmi ligg ho kald og kjenner seg i Daudmanns Vald, og Halsen inn seg snører. Den Daude med sin valne Arm fùmlar seg inn aat strøypte Barm og ved det Beinbròt rører. «D'er mitt, d'er mitt,» han mullar haas; «du braut den sterke Vigsle-Laas og stal mi Kneskjel-Spilre; kom att, kom att, legg Beine ned; fyrr fær eg ikkje Kvile-Fred, men maa som Dauding vildre.» Han kverv; og smaatt ho vaknar or og graatande hjaa Gamlemor i Storeseng seg gøymer. Til henne alt ho segja maa. Daa finn ho Ro; daa ser ho Raad. Og snart i Svevn ho drøymer. Men ute Vinden strøymer. I Skodda Ho stend for Glaset, der Regnet dryp. Ved Barmen hev ho ein Daudingklyp. Daa vaknar paa nytt det kalde Agg; ho paa seg riv sine Kyrkjeplagg. I Lin-Duk legg ho den Beinstubb inn og hastar til Kyrkja i Skodd og Vind. Der grev ho aat Beinet so trygt eit Reir. Men daa ho skal sjaa, ho hev det kje meir. Som klumsa stend ho; leitar og bed; men borte er Duken og Beinet med. Daa kolnar ho burt, daa er ho kje glad; ho grev og leitar paa all den Stad. Ho grev og leitar med ville Mot; ho grev til det blø'r under Nagla Rot. Ho leitar til Handi er blaa og stinn; men burte er burte. Ho inkje finn. Daa tuslar det burte i Kyrkjegardskrok. Der stod ein Graakall, i Laatt seg skok. «Det skal du ha, du! haa-haa! hi-hi! - I Gaarkveld gløymde du Mjølki mi!» Burte er han paa lette Legg. Vinden yler um Kyrkjevegg. Einsleg stend ho i raadlaus Gru; Vinden dundrar i Kyrkjebu. Det javlar i Jordi, ned-døyvt, stridt: «kom att med Beinet ... med Beinet mitt ... » Ho veit ikkje ut, ho veit ikkje inn; Skodda myrknar um Kyrkjetind. Av Grav seg tøygjer ein Arm so lang ... Ho skrik av Rædsle og sèt paa Sprang. Veslemøy sjuk Ho ligg i Febervilla Dagar og lange Næter. Gamlemor steller best ho kann og stilt for Veslemøy græter. «Du store Mann der uppe, du leggje kje dette paa meg! Du veit ho er det siste eg hev; du maa kje ta Gislaug fraa meg. Son min drog yvi Sjøen; han var ikkje Guten hæve. Eldste Dotter mi kom til By'n; der gjeng ho no som ei Tæve. Andre Dotter mi døydde; det kunde mitt Hjarte brjote. Arme gode Lisabet mi, du skulde kje Livet njote. No hev eg ikkje fleire; du maa meg i Naade spara! Lat meg faa sitha med Gislaug i Ro, til eg or Heimen skal fara.» Men Veslemøy ligg i Ørska og saart seg ankar og øyar. Ho kavar med Skrymt og Heimgangs-Draug og mullar um Maanemøyar. Snøstorm Tungt dùnar det ute og bryt og brakar og myrknar med Tjukkne og Kave. Det gyv yvi Heidar, og Isar knakar, og Tordyn rullar fraa Havet. Dei løyste Magtir um Jord seg trengjer, og Stormen velter, og Frosten sprengjer, og Leid og Led vil drive ned, og alle Vegar seg stengjer. Og Vargane gøyr i dei høge Urer med Blodskùm um blaanande Tenner; og Nøkken i Os under Isen lurer; fraa Grendine Naalugt han kjenner. Og Havdraug bleik gjenom Ròket luvar og skrik i Stormen og hæ'r og huar og lær so kaldt; no fær han alt! Med Lik seg Marstrandi bruar. Og Himil og Heid og dei graae Knausar gjeng saman i Gòv og Skodde. Det ramlar i Berg og i høge Hausar; det kokar um Baae og Odde. Dei løyste Magtir vil Verdi øyde og allting rive og allting snøyde; og alt som kryr seg saman tyr: skal Livet slokne og døye? * Ho ligg og vimrar og ilt seg bèr og stirer mot graae Rute; det er dei fæle Risar ho ser, som tumlar i Skodda ute. Ho skjelv paa si Sengjepute. Som Skuggar av Fjell dei ragar ikring og Hovud i Sky maa sløre. Dei Himil og Hav og alle Ting i Hop vil velte og føre og saman i Gyrme røre. Ein stend til Livet i Havsens Svelg og rotar det upp fraa Bunnen; ein ligg i Nord og blæs som ein Belg med Isgufs or hole Munnen. Slik Gaphals vart aldri funnin. Ein annan stend i ytste Nordvest og dreg inn Skyine tunge; ei Gyger gufsar som ho kann best eit Snøfok or fulle Lunge. So driv ho Vaaren den unge. Paa Skare-Kula under eit Sva, der Styggedans gjeng i Joli, der sit Trollkjerringer tolv paa Rad og galdrar med Gjèling hóle, skal freiste aa sløkkje Soli. Og fær dei Framgang med denne Sak, so vil desse Risar vinne og Livet slokne med Skjelv og Skak og siste Dagen sin finne. Og alt vil daa Isen binde. Men Soli smiler ovanum Sky; ho meiner ho kann det herde. Dei naar ikkje upp med sitt Gnaal og Gny og Galdresongane svære, - um aldri dei dette kann lære. Draken Han Heilag-Per Aase i Verdi er glad, og Gardar og Jord eig han nokon-kvar Stad; men nok hev han endaa kje fengi. Den Haugastadparten som Gamlemor eig, det er slik ein lettvint og nibbeleg Teig; den lurde han etter so lengi. Og no kann han rekne det meste for sitt; han Enkja laut hjelpe med Pengar so tidt, daa Mannen aat Jordi var borin. Med Rentur det voks, som det var no hans Von; og no vil han Garden faa sett til Auktion; so tek han det heile til Vaaren. Der sìt han i Benken so stabben og tett og krever av Gamlemor heile sin Rett: «no kann eg kje lenger deg live!» Den gamle ho jamrar og veit seg kje Raad; «aa arme mi Veslemøy, kor skal det gaa? No vil dei paa Bygdi oss drive!» Men støkkt maa ho stogge med Graat og med Skrik; paa Sengi ligg Veslemøy stiv som eit Lik, og fælsleg ho skifter sin Hamlìt. Bleik snur seg den gamle til Kravsmannen hard; «ja no kann du faa baade Stogu og Gard; men gakk so - med Liv paa ditt Samvit!» Han Heilag-Per sit der i Andlitet graa: «kva er det - kva er det ho stirer so paa? Ho ser noko! Hu, eg tek Fæla!» «Aa Barnet mitt arme, du tak' det med Ro! Me skal nok faa Føda vaar lel, baae tvo, - skal so eg paa Bygdine stela!» Men Veslemøy kvæser med kravande Munn: «sjaa Draken - sjaa Draken - med Gap som ein Brunn ... og Eldkam fraa Hovud til Halen ... Aa Fader vaar ... Jesus ... som Djevelen batt ... » - - Han Bøne-Per triv etter Sylv-Stav og Hatt og stuper paa Døri som galin. Hjelpi Det er so vondt um Natti; daa kjem dei Daudingar kalde hit av den stengde Kyrkjegard og ringar seg um henne alle. Og fiktar og slær i Lufti med Knokar og knytte Hendar og gaper med glisande Kjakebein og griner med grésne Tennar «Daudingbeinet stal du ... Daudingbeinet naut du ... Kaldt det er paa Kyrkjegard; Daudefreden braut du ... » Ho kavar i kjøvde Rædsla og vrid seg og vondt seg ankar; Gamlemor fær kje i Hjarta Fred for alle dei myrke Tankar. Daa sneder ho Bod til Presten. Han kann dei Bandi vinde og med det heilage, sterke Ord Vondemagtine binde. Presten i Kappe og Krage, høg han for Sengi stend; so vel han kjenner dei vonde Magtir, og Harm i Hjarta hans brenn. Han les av den vigde Boki Bønir og Eidar harde: «eg byd deg ved Gud i Jesu Namn, av Hold og av Ham du fare!» - Daa gjeng det eit brak um Huset, og fælt det i Skorstein tyt; Gamlemor græt med Gledetaarir; no veit ho det vonde tryt. Veslemøy slær opp Augo, dei lyser so vent og blaatt; daa signer han henne med kvite Hendar; det gjorde i Hjarta godt. «Herren signe og vare deg,» so fagert han for ho bed; «han late si Aasyn lyse paa deg og gjeve deg Fred!» - Presten til Gamlemor talar: «no trur eg, til Liv det stend.» So rid han strakt paa staute Folen ut or den stille Grend. Veslemøy tryggare sidan ligg med rolege Faktir. Gud velsigne den Prestemann! Han batt dei vonde Magtir. Det vaarar Mot Soleglad Det stig av Hav eit Alveland med Tind og Mo; det kviler klaart mot Himilrand i kveldblaa Ro. Eg ssag det tidt som sveipt i Eim bak Havdis graa; det er ein Huld, ein heilag Heim, me ei kann naa. Ho søv, den fine Tinderad i Draume-Bann; men so ei Stund ved Soleglad ho kjem i Brand. Naar Dagen sig som Eld og Blod i Blaae-Myr, det logar upp med Glim og Glod og Æventyr. Det brenn i Brè og skjelv og skin med Gullan-Bragd, og Lufti glø'r i Glans av Vin, Sylv og Smaragd. Men av han døyr, den bleike Brand, som slokna Glod, og klaart som fyrr ligg Alveland i kveldblaa Ro. Eg lengta tidt paa trøytte Veg der ut til Fred; men Landet fyrst kann syne seg, naar Sol gjeng ned. Vaardag Aa nei, for Himil rein og klaar! Aa sæle meg, no er det Vaar! No spelar Liv um Land og Strand; aa sæle meg, at upp eg vann! Aa nei, for Dag vaar Herre gav! So skirt um Fjell, so svalt i Hav! So linn ei Luft, so høgt um Haug! Og dette sæle Solskinslaug! Aa nei, eg høyrer Lerka slaa upp under bleike Himilblaa; mot Kvelv ho stig med Songen sin; snart naar ho visst i Himlen inn. Sjaa Maaken ror fraa klaare Nut i stille Tak mot Havet ut; og Fugl det kvitrar, kved og syng i Tun og Tre, i Lund og Lyng. Og aa, som Soli lognar trygg som Varmeflaum um Barm og Rygg! Og gjenom all den milde Dag det mjuke, salte Havsens Drag! Det brydder Straa, det sveller Knupp, og Sevja stig i Treet upp; ein Daam det vaknar søt og tung ... Aa sæle meg som er so ung! Sùmar i Fjellet Paa Fjellveg Her gjeng eg rædd i fæle Fjell med Hugen kvævd og sprengd. Aa hu! Visst aldri ut eg held aa gaa slik innestengd. Det legg seg tungt for Barmen trong; eg fær kje ande ut. Eg skjelv og tenkjer Gong paa Gong: han fell, den tunge Nut. Det stengjer Vegg og Rygg og Kamb for Syn og Sans og Sinn. Den graae Bergufs skyt seg fram og vil meg byggje inn. Her er kje Raad, her er kje Rom, her er kje Vind og Luft! Men rundt i Fjelli døyvde Ljom som Rop fraa Djuv og Kluft. Og um fraa ville Kampe-Heid eg fæli burt meg snur, so stengjer paa den andre Leid den blaae, bratte Urd. Aa hu, so myrkt og trongt og villt! Det kolnar meg um Kne. Og hu, som her er audt og stilt! Eg er som gravi ned. Den snilde Guten Det er han Jon som gjætte her til no, den eldste Son hans Aamund upp i Bròtet; dei øygnar Garden langt burti ei To som hev seg inn i bratte Berget skoti. No er han glad for her han skal ifraa; han er alt vaksin og skal ut og slaa. Hans unge Andlit er so godt og rundt, med ljose Luggen tett um Panna runnin; paa Lippa smiler Tennane i Munnen. Som Killing lett han hoppar Stokk og Stein og synger Kvat og lær aat alle Mein. No skal han fylgje denne fyrste Ykti og vise henne Veg og Merke-Leid, so ho kann kjenne denne ville Heid som aldri noko Folk hev butt hell bygt i. Med nye Buskap maa ho òg bli kjend; til framand seint vert Dyrehugen vend. So driv dei Buskap fram i Morgon klaare i Luft so rein som aldri fyrr ho saag; det er som Urd og Koll utsona laag i Glans av dette Ljos fraa Himlen bòri. Ho drikk den lette Luft i djupe Drag og syger Liv av denne Herrens Dag. Han syng og blistrar, driv, og stunfom røder, halvt gutebljug, halvt mannsleg klok og kaut; det gjeng um Vêr og Vind og Sol som gløder, um Fjelli her og desse snilde Naut. Han mangt fortel um kvart og eitt av Dyri. Men mest han veit um «Dokka», Bjøllekyri. Og fri og glad og reint som kjend ho blir, og svallar med i denne gode Trygdi; han hev kje denne halve, kalde Flir som desse tunge Gutar nedi Bygdi. Han nemner henne beint og godt og greit; Haugtussa-Namnet visst han aldri veit. Han syner henne Gjætle-Berg og -Bekk, og Svartedalen lang med Kvervesteinen, som stundom snur seg, plent som Liv han fekk, og Skare-Ufs, der Farfar hans skaut Reinen. Men der i grøne, svale Bjørkelid, der hev det ein Gong vori Bjørnehi'. Ho spyrr som halvt i Skjemt um her er Troll; «aa ja,» han svarar utan Spott i Tanke; «det bur nok sumt i baade Kuv og Koll; men meir det sviv ikring paa Videvanke.» Og no ho vìta fær at Jon er klok; han grev i Kufta si og finn ei Bok. «Kann hende trur du kje at slikt kann finnast?» - det kjem eit Mistru-Drag um Munnen fjaag -; «men meir enn ein eg veit som vel kann minnast at slike Ting han klaart med Augo saag. Og her i denne Bok eg ein Gong fann du skal faa sjaa at denne Tru er sann.» Det er so knapt ho kann si Glede styre. Att-under Stein dei sèt seg baae tvo; her Ku og Smale gjeng so godt i Ro, so no dei kann seg trygt med Kunnskap hyre. Ho ser paa Jon mjuk i sitt Augnelag. At Dreng kann vera ven ho veit i Dag. Han les i Boki svart som bakt i Jord, og d'er visst lengi sidan dèr han stikta; der stend um Nykk og Troll med reine Ord; og daa me veit det kann kje vera dikta. Kvart Ord ho syp, og lyder trutt og ant, og lær og ropar: «sjaa um d'er kje sant!» No kann dei lengi nok faa læ og flire; det stend i Boki; og han Jon det trur. - So glade sìt dei saman der i Urd, og Sogur gjeng, og dèr tarv ingin fire. Og Nistematen saman gneg dei paa; Jon sìt og sìt og gløymer reint aa gaa. Med undring høyrer han det store Ord, at um han Tagnad tru vil ærleg lova, so er ho sjølv av desse faa paa Jord, som hev den underfulle Synegaava. Han gjev si Hand. Av Vyrdnad er han fyllt. Og alt ho no fortèl. Han er som tryllt. So lid det til; dei tenkje maa paa Klokka. Det er alt seint; ho er visst mote sju. For siste Gong han helsar Sau og Ku og kjæler kjærleg for den blide «Dokka». So maa han gaa. Aaleine stend ho der. - Men Dokka fekk fraa same Stund ho kjær. Paa Gjætleberg-Nut Det er som villaste Røys og Urd, so vidt som Augo kann vinne; men gudskjelov! naar eg rett meg snur, so kann eg Havet finne. Aa Gud velsigne den blanke Rand, som ringar seg blaa der ute! Og Gud velsigne kvar Siglarmann og kvar den symjande Skute! Men hu, denne Fjell-Urd med Kamp og Koll i villaste Vill-Røys slengde, - det er som ei herjande Horg av Troll, av Tora slegne og sprengde. Og Nòs og Nabbe og vide Stakk og Hausar rullande runde, d'er Gygr og Rise som sprang og sprakk i solblanke Morgonstundi. Dei staaka og stangast i harde Tak mot Gudar og ljose Sveinar; men ned dei ramla med Røyk og Brak som Bergbròt og Kampesteinar. Og Armar datt yvi krøkte Bein og Haus millom Bùlar lange; so veltest ihop denne Verd av Stein av Skoltar og Bròti mange. I Logn under bratte Bergvegg-Stup, der søv dei svarte Votni; dei glor som glimrande kalde Glup med falske Underbotn i. Naar stilt det regner i myrke Kveld, vil Nykken i Vatsmaal drive; han uler fælt millom aude Fjell, naar nokon snart skal blive. Aa hu, for skræmeleg Graasteins-Urd! Ho vil meg med Trolldom binde. Men gudskjelov, naar eg rett meg snur, so kann eg Havet finne. «Dokka» Aa Dokka, Dokka, snilde Kui mi! naar Graaten kjem i desse Dagar seine, so kom og kjæl meg du med Kinnet reine; du er so god; du er so hjarteblid. Ja berre du meg fylgjer her i Lid, so er eg endaa ikkje reint aaleine. Og kjære seg meg, trur du det er von ... Seg, trur du eg maa tenkje paa han Jon? Veslemøy lengtar No stend ho steller i Kjøken-Kraa, ho Mor; ho er so gamal, ho er so graa, ho Mor. Aa var eg Katten i mjuke Skinn, som kjæle fær seg som Barnet inn til ho Mor. Ho grev og putlar med Hit og Holk, ho Mor; ho lagar Mat til sitt Slaattefolk, ho Mor; Aa var eg Breitle-Brit svart og svær som kvar ei Kvilestund svalle fær med ho Mor! Ho gjeng paa Tun i den stille Gard, ho Mor, med kvìke Sporv i sitt Fotefar, ho Mor. Aa var eg Sporven so glad og lett, som høpp og dansar og sprett og skvett um ho Mor! Ho likar Soli paa skrukne Kinn, ho Mor; ho likar Havgùla sval og linn, ho Mor. Aa var eg Havgùla frisk og fri, eg skulde svala mi heile tid um ho Mor. * Men Gikt ho fær, som i Ryggen flyg, ho Mor, naar Vinden kald gjenom Kjøken syg, ho Mor. Aa var eg Døri gamall og fæl, eg tett meg stengde og livde vel um ho Mor. Eg veit so vel kva ho tenkjer paa, ho Mor, naar der ved Gruva ho mødd maa staa, ho Mor. So tidt ho gløymer sitt Træl og Mas og stirer ut gjenom Kjøkenglas, - gjer ho Mor. Ho gløymer Stræv og ho gløymer Stell, ho Mor, og stirer upp mot dei ville Fjell, ho Mor. «Kor gjeng det Veslemøy, arme Ting, som renne maa alle Berg i kring?»- spyrr ho Mor. Aa visste du, kor eg lengtar her, du Mor! Den brune Heidi, den fekk eg kjær, du Mor! Her gjeng eg ør millom aude Fjell og græt meg i Svevn kvar einaste Kveld; aa du Mor! Og alt er framandt og nytt og vondt, du Mor! Det stirer kaldøygd ikring meg rundt, du Mor. Her er kje Liv som eg fritt kann tru; og ingin einaste er som du, - du mi Mor! Aa tru den Tidi fekk rundt seg snutt, du Mor! Eg reknar Time og kvar Minutt, du Mor! Aa kunde eg stige med Sjumils-Stìg og sitja ei ørlita Stund hjaa deg, du mi Mor!- Blaabær-Lid Nei sjaa kor det blaanar her! No maa me roe oss, Kyra! Aa nei slike fine Bær; og dei som det berre kryr a'! Nei makan hev eg kje sét! Sùmt godt her er daa til Fjells. No vil eg eta meg mett; her vil eg vera til Kvelds! Aa nam-nam, so søtt og godt! Ja naar det slik seg lagar!- Og allestad blaatt i blaatt! Her hev eg for mange Dagar. slik Smak so frisk og so fin! Eg er som paa Kongens Slott. D'er plent som den beste Vin; aa nam-nam, so søtt og godt! Men kom no den Bjørnen stor! - Her fekk bli Rom aat oss baae. Eg torde kje segja eit Ord til slik ein rysjeleg Vaae. Eg sa berre: ver so god; no maa du kje vera blug! Eg læt deg so vel i Ro; tak for deg etter din Hug. Men var det den Reven raud, so skuld' han faa smaka Staven; eg skulle banka han daud, um so han var Bror til Paven. Slikt skarve, harmelegt Sleng! Han stèl baade Kje og Lamb. Men endaa so fin han gjeng og hev korkje Agg hell Skam. Men var det den stygge Skrubb, so arg og so hol som Futen, - eg tok meg ein Bjørkekubb og gav han ein god paa Snuten. Han reiv sund Sauir og Lomb for Mor mi so traadt og tidt; ja sant! um han berre kom, so skuld' han so visst faa sitt. Men var det den snilde Gut der burte fraa Skare-Bròtet, - han fekk vel ein paa sin Trut, - men helst paa ein annan Maate. Aa tøv, kva tenkjer eg paa! Det lid nok paa Dagen alt ... Eg maa til Buskapen sjaa; - ho Dokka drøymer um salt. Møte Ho sìt ein Sundag lengtande i Lid; det strøymer paa med desse søte Tankar; og Hjarta fullt og tungt i Barmen bankar, og Draumen vaknar, bivrande og blid. Daa gjeng det som ei Hildring yvi Nuten; ho raudnar heit; - der kjem den vene Guten. Burt vil ho gøyme seg i Ørska braa, men stoggar tryllt og Augo mot han vender; dei tek einannen i dei varme Hender og stend so der og veit seg inkje Raad. Daa bryt ho ut i dette Undringsord: «men snilde deg daa ... at du er so stor!» Han smiler raud og strekkjer Led og Legg; «det er vel so, naar Guten Kar maa vera, han lærar au som vaksin Kar seg bera.» - «Og tenk, eg trur at du hev fengi skjegg!» «Det var der fyrr,» han svarar stø og sann; «men kanskje det hev vaksi litegrand.» Han mjuk seg ned attunder Steinen slengjer, og upp or Lùmma Nistemat han dreg; og gild han vera skal som andre Drengir; «sjaa her er egg! Deim tok eg med tol deg.» Ho lær og sèt seg, so ho nett kann sjaa han. I Barm det gjeng; ho fær kje Augo fraa han. So sìt dei der i denne varme Dag; han lentug er, og ho maa læ i eino; ho er so glad som Fuglen millom Greino, men kann kje koma rett i Svalle-Lag. No, daa dei rett skal hava gildt og gaman, ho sit der hjelpelaus og er som framand. Han bed om Sogur, men kann inkje faa; alt det ho stundom saag og langsynt drøymde, det kann ho liksom okkje koma paa; det er som alle slike Ting ho gløymde. «Nei lat no Trolli,» bed ho, «gaa for seg. I Dag eg heller høyre vil paa deg. Han gjerne daa fortel um Skarebròtet, der upp han vaks, og som han ein Gong fær; dei fire Kyr skal maklegt føde der, naar han fær stelt det paa den rette Maate. Kvart Ordet hans ho trygt kan stole paa; og alt ho spyrr om; alt ho vìta maa. So dreg dei rundt um Lid og logne Strendar med snilde Smale og den kloke Ku; og naar eit Bìl dei kann seg trygge tru, so tek dei Fisk i Bekk med berre Hendar. Den steikjer dei paa Glod som best dei rekk, og tømer so den gode Nistesekk. D'er gildt! - naar berre ikkje dette var, at ingin av deim lenger fri og kyrr den andre kann i Augo sjaa som fyrr; - han òg er brydd, som skulde vera Kar. Naar berre ikkje dette eine skilde, aa nei, so godt som daa det vera vilde! Men upp det dreg; og døyvde Toremaal i Bergi brumlar; snart vil Regnet drive; ved Gjætleberget snøgt dei maa seg live; der under Heller er eit Livdahòl. Det er kje stort; nett so det vel er vitjande. Der inn dei kryler, og der vert dei sitjande. Og som det lid til svale Kveldings Stund, alt meir og meir i lengt dei saman søkjer; og braatt um Hals den unge Arm seg krøkjer, og øre skjelv dei saman Munn mot Munn. Alt svimlar burt. Og der i Kvelden varm i heite Sæle søv ho i hans Arm. Killingdans Aa hipp og hoppe, og tipp og toppe paa denne Dag; aa nipp og nappe og tripp og trappe i slikt eit Lag. Og det er kjæl-i-Sol, og det er spél-i-Sol, og det er titr-i-Lid, og det er glitr-i-Lid, og det er Kjæte og Lurvelæte ein Solskinsdag. Aa nupp i Nakken og Stup i Bakken, og tipp paa Taa; aa rekk i Ringen og svipp i Svingen, og hopp-i-haa. Og det er sleik-i-Sol, og det er leik-i-Sol, og det er glim-i-Lid, og det er stim-i-Lid, og det er Kvitter og Bekkje-Glitter og lognt i Kraa. Aa Trapp og Tralle, og Puff i Skalle, den skal du ha. Og Snipp og Snute, og Kyss paa Trute, den kann du ta. Og det er rull-i-Ring, og det er sull-i-Sving, og det er lett-paa-Taa, og det er sprett-paa-Taa, og det er hei-san, og det er hopp-san og tra-la-la. Elsk Den galne Guten min Hug hev daara; eg fanga sìt som ein Fugl i Snòra; den galne Guten, han gjeng so baus; han veit at Fuglen vil aldri laus. Aa gjev du batt meg med Bast og Bende; aa gjev du batt meg so Bandi brende! Aa gjev du drog meg so fast til deg, at heile Verdi kom burt for meg! Ja kunde rett eg mi Runelekse, eg vilde inn i den Guten vekse; eg vilde vekse meg i deg inn, og vera berre hjaa Guten min. * Aa du som bur meg i Hjarta inne, du magti fekk yvi alt mitt Minne; kvart vesle Hùgsvìv som framum dreg, det berre kviskrar um deg, um deg. Um Soli lyser paa Himlen blanke, no ser ho deg! det er all min Tanke; um Dagen dovnar og Skùmring fell: skal tru han tenkjer paa meg i Kveld? Um Vinden strid yvi Heidi susar, det gule Haaret ditt visst han krusar; um Regnet dryp med sin døyvde Graat, so stakkars Guten, no vert du vaat. Aa berre Timane vilde skride, og berre Dagane vilde lide! Men eg vil kveda og vera glad; for um Sundag kjem han, trala, trala! Skog-glad Aa stakkars vesle Hare so fin og silkeklædd, Gud veit kvar du hev fari, med di du er so rædd? Du spretter og du skvetter so hovedlaus i kring; kva er du renner etter og snøgg i Hol deg sting, arme Ting! Her er so god ein Sùmar med Hus i kvar ein Busk og Lauv og friske Kùmar aat slik ein liten Trusk. No skal me vera late og taka oss i Lund lette Blund. Du er so brun og lekker i Sùmarkjolen din; d'er berre du for klekk er te vera Guten min. Men vil du glad meg gjera, so hoppa her i Lid, og Vénir skal me vera og Vénir skal me bli all vaar Tid. Eit Spursmaal Og det var gamlen paa Skaare; so lognt han paa Skraaet snur: «Aa jamenn er de no rare, som alt dette Trollsnakk trur. For var her slikt Ugagns Elde som de vil vìta og sjaa, og hadde det slikt eit Velde, so kunde kje Verdi staa. Dei Trolla oss Sótt i Bringe, dei Trolla oss ned og Nord og kunde med Galder tvinge til seg den heile Jord.» Til svara hans snøgge Kòne, ho var so lett paa sin Munn: «no maa eg ein Laatt meg laane; for no lyt eg læ ei Stund. Stødt er de Mannfolk so kloke. Og stødt so kjem de i Beit. Og all Ting fær de i Floke, med alt det de veit og veit. Aa nei, du, Trolli maa træle som Tussar i svarte Jord; og aldri tarv nokon fæle, um Flokken vart nok so stor. Ja var dei mange som Graset og sterke som Straum i Foss, - det døyver seg sjølv, Tyraset, og fær ikkje tenkje paa oss. Lite dei haar og haattar, med alt sitt Braak og sitt Rop. Dei er nokre Faamings Fjottar: dei kann ikkje halde ihop!» Ku-Lokk Aa Kyri mi vene, aa Kyri mi! Her sviv me no glade i Sùmars Tid; i Fjellet finn me dei finaste Straa; i Dalen strøymer den stride Aa. Og Vinden stryker so ljuv og linn som signande Sus fraa den klaare Tind. Aa kyri mi gode, aa Kyri mi! Her skal du vel trivast i grøne Lid; her sildrar Kjelda med Surl og Skval, og Graset er mjukt og Skuggen sval. Ja Nordanaas-Lidi, der er det godt; der gjæter Huldri kvar einaste Nott. Aa Kyri mi snilde, aa Kyri mi, aa hav det no godt denne vesle Rid! Eg Ormen skal jaga som bit din Legg, og Flugu og My og stingande Klegg. Og Dagen skal gaa som den lette Vals; og vil du kvile, eg klaar din Hals. So lyder dei etter ditt Klokkespél, naar heim me stundar ved Solegladsbìl; daa kjem du so god med ditt full Jur og slikkar ditt salt framved Kjøken-Mur. So vert du mjølka og gjeng i Kve og jortar og drøymer og søv i fred. Aa Kyri mi vene, aa Kyri mi! Drøym godt um meg og den grøne Lid! Der sullar me sæle den Sùmar lang; til Hausten skal me paa Heimevang. Daa kjem du til Gards som ei Dronning du, og alle ropar: aa nei, for Ku! Vond Dag Ho reknar Dag og Stund og seine Kveld til Sundag kjem; han hev so trufast lova, at um det regnde Smaastein yvi Fjell, so skal dei finnast der i «Gjætarstova». Men Sundag kjem og gjeng med Regn og Rusk; ho eismal sìt og græt attunder Busk. So vel ho veit han aldri svike kann, um det kjem gode Dagar eller vonde; han veit at daa ho aldri lìva kunde, men sokk og dreiv som kalde Lik i Land. Men tungt er Hjarta i den unge Bringe, og rædde Graaten kann ho ikkje tvinge. Daa kjem ho heim ein Sundags Kveld mot Haust, at Hugverk mødd og sjuk av Ank og Otte og trøytt og tung. All Dagen hev det aust med Regn, so reint i Flaum ho vasse maatte. Ho berre skundar seg og vil i Seng. Det er det einaste ho veit og treng. Men nett er gamlen komin heim fraa Kyrkja; og no med Pipa nøgd han nytt fortèl: «jau daa var Jon i Skarebròtet sæl, um hans ho vart, den kaute Velstands-Fyrkja!» Ho kjenner Styng i Bryst og skjelv i Kne; i Vanmagt trøytt ho sig paa Stolen ned. Daa fær ho høyre meir enn sjølv ho vilde; ho høyre maa, at denne Guten staut, som so ho trudde, lett sin Lovnad braut og floksa fritt med alle Gjentur gilde. Men no han vankar klok paa Bele-Raas til sjølve rike Megga ifraa Aas. Og denne etter Jon er reint som gali; ho lokkar han so alle kann det sjaa; og han so vel som andre vìta maa, at ho er best av alle Gifte-Vali. Og so med denne Drosi eine dansar han, og andre gode Gjentur aldri ansar han. Som Fuglen, saara under varme Veng so Blodet tippar lik den heite Taare, ho dreg seg sjuk og skjelvande i Seng og vrid seg Natti lang i Graaten saare. Det slit i Hjarta og det brenn paa Kinn. No maa jo døy; ho miste Guten sin. Ved Gjætle-Bekken Du surlande Bekk, du kurlande Bekk, her ligg du og kosar deg varm og klaar. Og speglar deg rein og glid yvi Stein, og sullar so godt og mullar so smaatt, og glitrar i Soli med mjuke Baar'. - Aa, her vil eg kvile, kvile. Du tiklande Bekk, du siklande Bekk, her gjeng du so glad i den ljose Lid. Med Klunk og med Klukk, med Song og med Sukk, med Sus og med Dus, gjenom lauvbygt Hus, med underlegt Svall og med Svæving blid. Aa, her vil eg drøyme, drøyme. Du hullande Bekk, du sullande Bekk, her fekk du Seng under Mosen mjuk. Her drøymer du kurt og gløymer deg burt og kviskrar og kved i den store Fred med Svaling for Hugsott og Lengting sjuk. - Aa, her vil eg minnast, minnast. Du vildrande Bekk, du sildrande Bekk, kva tenkte du alt paa din lange Veg? Gjenom aude Rom? millom Buske og Blom? Naar i Jord du smatt, naar du fann deg att? Tru nokon du saag so eismal som eg. - Aa, her vil eg gløyme, gløyme. Du tislande Bekk, du rislande Bekk, du leikar i Lund, du sullar i Ro. Og smiler mot Sol og lær i ditt Skjol, og vandrar so langt og lærer so mangt ... aa syng kje um det som eg tenkjer no. - Aa, lat meg faa blunde, blunde. --- --- Mjukt som i Graat tonar Harpelaat, lokkar lett og linn liksom Sùmarvind; voggar seg blid, strøymer sterk og fri, svævest av i Draum og Stille; vaknar so spakt, velter fram med Magt; brusar upp i Brand liksom Marm ved Strand; søtt som i Blund stig ein fager Lund elskhugsvarm, med sorgblid Trille ... ... Med Lauv um myrke Haar som fløymer ned, med Sylgjebivr um sine fulle Barmar med Sylvband breide um dei brune Armar stend Huldri under gulna Bjørk og kved. «Du skal kje graate for din Gut deg sveik, og ikkje gaa med desse saare Tankar; han minnest deg so tidt der han no vankar, og tregar sorgfull, for han var so veik. Den tyngste Sut ein sistpaa med kann vinnast; paa fagre Solfjell skal de ein Gong finnast. Men den som sjølv si Sorg med Saknad bar og veit kor Hjarta saart i lengt maa kvide og veit kor seint sen lange Dag vil lide, - daa maa du ikkje lenger vera hard. Naar tidt i Lid du høyrde Strengir laate, det er ein Vén som etter deg maa graate. Han vil deg berre vel, min gjæve Bror; og Kveld og Natt hans Song i Skogen klagar, og huglaus vildrar han dei vonde Dagar og søkjer deg med lengt og linne Ord. Du maa kje kald og svarlaus burt deg vride, men tenkje mjukt um den som so maa lide. Naar Vinterstjerna fyrste Gong seg ter, daa held me Fyri-Jol paa Fir-Kam haage; daa vert du lyft av deim du ikkje ser; men ver kje rædd; dei er deg all fjaage. Der fær du sjaa det ingin veit i Bygdom; og den du finn, som dreg deg heim av Høgdom.» Ho folnar burt og kverv i Skogen djupe. Haugtussa vakna av sin halve blund, og tottest timja i den same Stund som brune, snare Vengtak av ei Rjupe. Som klumsa stirer ho med Auga drøymt. Alt det ho hugsa fyrr, det hev ho gløymt. Paa Skare-Kula Det vaknar Maanen sloknar i Havsens eim Nede i lægste Sud; Stjernur tryllte i Ørskesveim rapar fraa Himilbru. Vinter gufsar fraa Jotunheim yvi Fjellom. Myrk seg sveiper den tunge Nott tett ikring trollsvævd Jord; tomt i Stilla det høyrdest Laatt, Dvergmaal og døyvde Ord. Lyktemann vaknar og Naa-Ljos blaatt yvi Fjellom. Skrattande Skrell av Hovsveins Lur gjeng ifraa Varde-Topp; graatt daa livnar i Ufs og Urd Krok og underleg Kropp. Hit skal alt som ned-under bur yvi Fjellom. Vinter-Ljoset vaknar i Nord tøygjer dei grøne Bogar, jagar med Sus under Kvelven stor fram sine frosne Logar, skimrar som Sylv og Perlemor yvi Fjellom. Skifter, glimtar i vinraud Glans, ljosnar og av att fell; staalkalde Straalar i isbleik Krans skyt seg fram yvi Fjell, braar og bivrar som Sverd i Dans yvi Fjellom. Ljosken vinn yvi Varde, knyter seg der i Knut, gøyser, velter sitt Bivreskin skiftande ut og ut. No stend Halli tjeldprydd og fin yvi Fjellom. * Daa no allting er so i Stand, blæs han paa nytt, den Sveinen; - høgt med Brak kjem den svarte Mann, set seg paa Store-Steinen. Augo gløser som Glod og Brand yvi Fjellom. Fram so glider dei Draugar, ranglar med sine Bein; ein Gong gav dei seg Hin i Vald, Maa no lide det mein. Gravsong susar som Vinden kald yvi Fjellom. Kjem so den hoppande Haugbukk, Svartalv og svidde Dverg, Havtroll og Nøkk og den gule Gast og alle som bur i Berg. Hit dei hiver i Sjumils-Kast yvi Fjellom. Sist kjem Trollmann og Kvende hit yvi Aude-Heidar, rid paa Limar og Staur og Stong, mullar so harde Eidar. Fælsleg gaular den Galdresong yvi Fjellom. So er dei samla den heile Hop baade fraa fyrr og no; full er Troll-Kluft og Svarte-Grop, stappa er Tusse-To. Laatt det rullar og helsingsrop yvi Fjellom. Og som Storm yvi stride Hav vaknar den svarte Songen; Tonar fraa Haug og Tonar fraa Grav helsar og hyller Kongen. Stig og strøymer og stilnar av yvi Fjellom ... Dei hyller sin Herre Heil sitje du og sæl, du Hovding høg i Hel og Drott paa Jord. Ver sterk og stor og fræg! Gakk staut din Sigers veg! Legg Verdi under deg fraa Sud til Nord! Gjev kvar din Uvén maa paa Jordi bannstøytt gaa forutan Trygd! Men den som gjev seg deg, lat han faa magge seg; gjer lett hans Ljugarveg til Heir og Høgd! Daa ber med deg i Famn og bannar ved ditt Namn tri Gongir tri. Tri Gongir tri du er vaar Høvding her og der! Du eig oss kvar me fer i allan Tid! Prøve Fanden sìt med si Bok paa Kne, rìtar med Blodet raude, set sine Teikn paa tvers og snìd for lìvande og for daude. Sist kjem dei nye som no skal med inn i Flokken. Fram dei møter for høge Stol mullande Bøni tung; Fanden gaper med Halsen hol etter baa' gamall og ung. «Vil de paa denne Fyri-Jol inn i Flokken?» Ein etter annan dei svarar ja; det tykkjest Fanden mùn; upp dei steller seg daa i Rad liksom til Konformation. Prøve krevst, fyrr han vil deim ha inn i Flokken. Svarte-Katekisma «Det fyrste Krav, det er?» - Sjaa ut som dei andre i all di Ferd. «Det andre au du kann?» - Banna i Hjarta Gud og Mann. «Veit du mitt tridje Yrkje?» - Gakk kvar den Sundag til Kyrkje. «So nemne du meg det fjorde?» - Hald alltid med dei store. «Det femte?» - Spar ikkje den, som i Vegen for deg stend! «Det sette?» - Ver eit Svin, men utantil blank og fin. «Det sjuande?» - Det er Trollmanns-Sæla: lìva stort av i Løynd aa stela. «Det ottande?» - Beste Verja, det er aa ljuge og sverja. «Det niande?» - Sløg du vere og snar, naar Teften du fær av Annanmanns Gard. «Det tiande Krav?» - Din Granne svike, i stort og i smaatt, du alltid maa like. «Visdomens Grunn, fekk den du fat?» - Aldri du gløyme det store Hât! «Kva trur du?» - Eg trur og i Sanning finn, at alltid til slutten det vonde vinn. «Kva bed du?» - At aldri i all si Tid denne vonde Verdi maa betre bli. «Nemn meg so det du høgast vil?» - Eige Verdi og høyre ho til. «Er denne Viljen din heil og all?» - Med Blod vil eg skrive meg deg i Vald. «Og sidan?» - At denne Pakti kann staa, vil kvart Aar eg til Alters gaa. * Trollmanns-Emnet legg seg paa Kne; daa stig eit Glede-Rop sterkt som Stormsus i gamle Tre upp fraa den heile Hop. «Han hev Trui! Han er som me! Inn i Flokken!» Fanden Firkloi lyfter, sver ved den namnlause store: «Fraa i Natt hev du Magti mi; det vere her deg svori! No eg tek deg for all di Tid inn i Flokken!» Stjernefall Fram daa stiger dei gamle, Kvende og sidan Menn, tel sin Herre alt dei hev gjort, kvar i si Bygd og Grend. Fanden flirer so blidt og stort til deim alle. * Finnekjering Eg manar Sott paa Folk og Fe, og sender Flugo den Gule; eg løyser Storm; eg spiller Fred med Ordi range og fule. Fantekjering Eg lærer Draapsmann den kalde Ro og Tjuv aa dirke Laasen; og trollar so Kui mjølkar Blod og stuper daud paa Baasen. Gulklædd Kjering Eg Mistru set millom Møy og Gut med snikjande Trylle-Ordi; eg veit, naar Mann og Viv fell ut, daa visnar Graset paa Jordi. Ei mager Kjering Eg vekkjer vondt millom Mann og Mann og Tankar som Tru kan tære; eg veit, naar Ovund kjem rett i Brand, kann alle det vonde lære. Krylrugg-Kjering Greide Menn med det faste Mod eg kann slett ikkje like; eg legg deim Vanhug i valne Blod og lærer deim aa svike. Kjering som blinksar Eg kverver Synet paa Gjenta holl, alt ilt ho for seg skal byte; ho kastar seg burt til Fark og Troll og maa ihjel seg syte. So øydest livet i kalde Harm, og ned ho krøkjest og kruknar; Hjarta klakar til Is i Barm, og alt ikring henne sjuknar. Troll-Kokke Eg trollar Ørske paa svikne Møy, der Barnet ho eig i Skjolet; ho løyner det burt, ho læt det døy; so fær me Steik til Joli. Halvnaki Trollkjering Paa Viddi med meg flyg tryllte Gut, til Hold og heile Blotnar; sistpaa sìt han i einsleg Sut med Reivar um Arm og rotnar. Brille-Kjering Eg vil at Livet visnar i Knupp; daa skal me snart oss hevja; eg vekte Kvinna or Svevnen upp og lærde henne krevja. No gjeng ho sterk sin Krevjarveg; ut vil ho allting teige; og berre daa vil gifte seg, naar Mannen vil Borni eige. Trollmann med ein Bolle Skal Mannen til Gagns me gjera Tam, so maa kje Ølet dovne; med det eg trollar Viljen lam for det maa Vìtet sovne. Nakin Trollmann Med friske Arbeid og jamne Trott vert Mannen oss altfor hardbeitt; - eg lærer folk aa lìva godt, fyrr Løni dei upp hev arbeidt. Trollmann med ei Øks Bygd mot Bygd av blide Kaar eg saman med Kniven jagar; og alt dei avla i aatti Aar er spillt paa aatte Dagar. Trollmannen Likeglad Det lite er um den sterke Kar, naar av han høgger Neven; eg preikar Fred i Hønsegard, før eg hev bundi Reven. Trollmann med eit Ris Eg trollar i Haug dei leikande smaa' og klæd dei i Trælebroki; naar ut dei kjem kann dei inkje sjaa; eg batt deim for Augo med Boki. Trollmann med ein Sekk Av Synd og Sorg er Sekken full som tung meg tyngjer Herdi; med Laas og Lekkje av Sylv og Gull, eg trollbatt heile Verdi. Armod vesal i Villa gjeng og Sjæli or Skinnet plagar; Rikdom vrid seg i Puteseng og rotnar av gode Dagar. Trollmann med ei Svìpu Eg vil rikje og eg vil raa, og eg vil for alle tenkje; der eg gjeng fyri skal alle gaa; sjølv vil eg i Brodden blenkje. Trollmann med tvo Andlit Eg manar Elvi til stilt aa staa og bind i Skùming Døgret; eg vil baade fram og attende gaa og baade til vinstre og høgre. No stend mi Bygd som den stille Dam med Rôt og rare Dyr i; ho sig ikkje att, ho vinn ikkje fram; snart er ho berre Myri. Hesteskjerar Smaamann skal ha det store Rom og styre paa Smaamanns-Gjerdi; daa dreg han alt ned i Armodsdom, og det vert trongt i Verdi. Og den som var skapt til veldigt Verk, skal sitja blid ved Rokken; eg tek hans Manndom, og Guten sterk vert blaut som den andre Flokken. Aale-Trollmann So mang ei Uferd eg Arming fór; no treisk eg med Trollkunst fiktar; Split eg vekkjer med range Ord og Vildring, naar braatt eg svigtar. Kann ein kje vinne i opin Strid, so kann ein som Fant seg klara; den Visdom lærde eg Bygdi mi; med den skal ho ille fara. Trollmann med Muleband Eg lærer Folket det stille Svik, som alltid laagare bautar; so mang ein god Gut er alt meg lik og tegjer naar Urett brautar. Svartebrødrar Me sutrar Salmar og Bønir gneg og mullar Lov og Vangilje, til Folk trur dette er Livsens Veg, og gløymer Livsens Vilje. Diger Trollmann Eg stor Mann um i Bygdi dreg, men smaatt so tidt eg gjorde, at den som lærer aa kjenne meg, han trur kje meir paa det store. Litin Trollmann Um eg er veik so veit eg Raad: kvar den som vann upp Aasen Finnskòt eg sender or Løyndekraa og Motbør or Skravleposen. Ingin er so hjarteleg glad som Smaaing naar smaatt han fær tenkje; eg fær dei med meg alle paa Rad, naar stort eg med stygt kann krenkje. Eit Beinrangel Eg sender Dauskòt i valne Bring, so magtlaus dei maa seg bøygje; dei ser seg leide paa alle Ting og legg seg til aa døye. --- * Fanden priser med Fagnad stor sine Tenarar gode; «held stødt de fram, skal Livet paa Jord vel sjaa sin Aftanrode.» Rundt han svinsar og hev eit Ord til deim alle. Kvar daa fær seg eit Svaavelband til Stas paa Kjoleborden; d'er det største ein vinne kann: den høge Langrove-Orden. Naadig nokkar den svarte Mann til deim alle. Men ære den som ære bør; best skal den beste beite; ein vert Riddar og ein Kommandør, men Basen fær Storsvins heite. Fanden helsar med lyfte Klør til deim alle ... Ein Søkjar Fram kryler ein kaapeklædd, gullkrynd Mann med Reiv um sin bøygde Skalle; Kaapa er sulka, som hadde han i djupaste Dyet falle. «Aa Helvit-Herre, aa høyr mi Bøn! Eg er ein Konge i Pine; og deg eg søkjer um Hjelp og Løn, for no er eg ein av dine. Mange lika den lette Leik eit rolegt Land aa herja; - eg gav meg Fanden og mannsleg sveik det Folk eg skulde verja. Men sidan rædde dei burt seg dreg og lite signar Verket; og Folket stirer stygt paa meg; det ser Forraadar-Merket. Aa tak det av meg, eg bed deg blidt, du Overherre sanne, so atter eg kann lyfte fritt mi høge Herrepanne!» Fanden skriv i Boki hans Namn og flirer av Hjartegrunnen; so tek han den merkte Drott i Famn og kysser han glad paa Munnen. «Meinsvorin Munn hev ein Svaavelsmak, som alltid eg like kunde. Og vel vere deg som bar mi Sak! - Eg trivst der Folket er bundi. No stend du skrivin med Judas inn; det er den øvste Æra. Men Svidemerket paa Skallen din, med det kann eg inkje gjera. Det maa deg fylgje i Liv, i Grav, i Sogu og Skuggeheimar; d'er slikt, det læt seg kje svide av i alle Helvites Eimar.» Høg Gjest Fram rid Beingrind paa blakke Hest; svart er hans Kaape sid; Sigden ved Sida han vel hev fest, vil no raste ei Rid. Nikkar til Fanden med Breidflir blid gjenom Natti. «Høh, høh,» haast han kremtar, «kvatan Kveld i Laget! Her eg helst vil vera; gjæve! gjev meg Sæte.» Fanden av Stol seg lyfter, tek seg aat Panne-Reimi: «Herre Bror min, velkomin til! Sit millom oss som heime. Rettno byrjar me Dansen vill gjenom Natti. «Høh, høh,» hostar Dauden; «alltid eg deg elska. Trøytt eg Træl maa fara Verdi vid igjenom, harm min Herre tene, Róm aat Livet rydja. Aldri Løn eg aatte; faafengt maa eg fikte; alt eg av kann øyde, verre veks det sidan. Her min rette Herre kjær eg atter kjenner; her kann heil i Hugen Daude-Dans eg treda.» «Meir enn gjerne,» kved Fanden i, «unner eg deg ein Leik; tidt og ofte paa Ferdi di Livsens Magtir du sveik; sende meg snøgg so mang ein god Steik gjenom Natti. Kvar Gong du høgg den unge Kvist, kann eg min Bate finne; saman med deg, det vonar eg visst, skal me vel ein Gong vinne. No skal me danse forutan Tvist gjenom Natti!» Troll-Dans Det klakkar i Berg og Bru av Hov og av Heste-Sko; det traavar um Stein og Stuv, det trippar av Klauv og Klo; og som naar Vindkast av Kamb sèt Skodda i Flog og Flaum, so yrer Trollstimen fram i veltande Straum ... Det ringlar i rusta Laas, det piper i To og Kluft, det yler um Egg og Aas, det blistrar i kalde Luft; det kvin og skrik yvi Heid; det er den Helvites Slaatt, som jagar den ville Skreid i Dans gjenom Nott ... Og rundt i Vilske det gjeng med Rop yvi Stokk og Stein; det svingar med Svans; det sleng med Hovar og Daudingbein; og gnellande Trollkjeringmaal syng Visa til denne Vals med Skratt og kaatgalne Skraal or remjande Hals: Det var Troll til Troll i sitt harde Hold, det var Troll til Klo, ho Kloveberg-Gro; ho trolla ein Gut, ho trolla 'n Knut, ho trolla Guten galin. Og Knut'en vart sta og vilde ho ha, og sulla i Sveim og drog henne heim; og Resten - hi-hi! til Presten - hi-hi! Det lo i heile Dalen. Men daa vart det Dans daa ho fyrst var hans; ho banna og beit, ho slo og ho sleit, og leika paa Voll med sitt Kloveberg-Troll, so baade det lo og lét. Og Borni hans Knut, deim sette ho ut og gjødde deim vel og stakk deim ihel, og sette deim fram med Drykk og med Dram for Knut'en, som aat og grét. Men leid ho vart til sist av all den Tvang og Tvist; det var kje Ro for Rove-Gro, um baade ho gol og grein. Ho stengde Knut'en sin i svarte Kjellar inn og sette Eld paa Vegg og Tjeld, so høgt det til Himils skein. Haa, haa, kor det brenn! Sjaa kor Logen stend! Her reider me Seng, du Kloveberg-Dreng! Her luktar det heitt, her luktar det feitt, her steikjer me flesk til Joli. Kom Haugkall or Hi', her hev du meg fri; kom Djevlebukk kaat og leika paa Tròt; kom Rise or Slott, her fær du det godt og varmt som Smør i Soli --- --- --- Veslemøy fæler. So stygg ein Song aldri høyrde ho nokon Gong. Men Trollskapen lær og dansar. Flyg og floksar med Staak og Styr som galne Dyr. Djevlar i Lufti tullar og flyr med Smell og svingende Svansar. Nordljos sloknande skjelv og skin. Vinden tyter, og Slaatten kvin gjenom dei myrke Kluftir. Kvin og yler med Skrik og Spott villt gjenom Nott; Trolldansen tumlar seg graatt-i-graatt yvi dei nakne Tuftir. * ... Nye Tonar vaknar og skjelv. Syng som Sus av den svævde Elv i drøymetunge Næter. Døyvt det klunkar som Tussespél i tronge Gìl; brusar fram som susande El og sturt og stusleg græter. --- --- Fram dansar den Haugkall fager og blaa med Gullring um Haaret som fløymer; han giljar for Veslemøy til og fraa, og Tonar ikring honom strøymer. «Aa hildrande du! med meg skal du bu; i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu. Der skal du hullast av Laat og Leik og fager i Dansen skride og gløyme alt som saara og sveik, og aldri lengte og lide. Kvart Ynskje du daa i Fagnad skal faa, og Møyane mine deg tene maa. Den eine reider ditt brune Haar, den andre bind det i Knute; den tridje Sylvkruna til deg naar; den fjorde jamnar di Pute; den femte so linn deg Solane bind; den sette veiftar ditt mjuke Kinn. Den sjuande spelar den Lange-Leik som Vinden i Skogane susar; den aattande snur deg den søte Steik, med' Ølet i Staupet brusar; dei andre i Krans seg svingar i Dans og hullar og lullar din Hug og Sans. Den niande lint dei Lokkane kved um Møyar og giljande Sveinar; sjølv gjeng du Dronning i Dansen med, i Glans av glimrande Steinar. Og ingin som du seg fagert kann snu, og ingin so lett traar den gyllte Bru.» «Og lite meg lokkar den Haugen blaa med Glans i glimande Salar; min vene Guten eg her vil sjaa; so song det for meg i Dalar. Aa Guten min du! paa deg vil eg tru; med deg vil eg byggje og alltid bu!» «Og vil du vìta den Guten blid, so sjaa deg att yvi Herdi! - Du ser han i Loftet med Gjenta si; der gløymer han heile Verdi. So hev han det godt kvar langande Nott, og Haugtussa hev han til Spe og Spott.» Som Steinen stend ho i Gryet kaldt, og Hjarta stivnar og isnar; no ser ho det vel; no hugsar ho alt, og Verdi for Veslemøy visnar. Ho vender seg graa. «No kann du meg faa. No kann eg gjerne i Haugen gaa.» Høgt hoppar den Haugmann paa nakne Sva; han maa vel sin Lagnad prise. «Men no skal du gløyme og vera glad. Fylg med, so skal eg deg vise min Herredom stor i Berg og i Jord og Gumle den gamle med Visdomsord!» Bergtroll Laagt Loft. Vidt um Veggen. Glim av Rim og blaa Jøkul. Skùmt i Hall. Sylv sprengt i Stein gløser, krøkjer Krok og rang Rune. Gufs stend som or Kjellar kald. Bord breidt rundt seg tøygjer. Ragge-Troll, Nase-Gygrer sìt i kring. Murr, Knurr, Varge-Gøing, Grin og Glefs, Gryl og Grymjing gjeng rundt i den vide Ring. Klo klaar Skabb og Skorpe; Blod renn; harde Rullar Brak av Laatt. Drjugt drikk saggne Sellar; blidgast smaatt. Troll og Gygr riv, gnid Trant mot Tryne godt. Tungt kring Hallar-Golvet slaapar dauv Unge-Ætti Hóp um Hóp. Sein gjeng Svivedansen. Baste-Streng Slaatten snurrar. Traadt dei sviv med Geisp og dauve Rop. Døyvt djupt att-i Myrkret Gygr grin, Trollkall ræer Elskhugs-braa. Attaat læt Ul og Fræsing: Klo mot Klo, Tann i Strupe Uvén vil arge Uvén flaa. «Stygt, stygt laug du, Haugmann!» Gislaug kved; «fæl meg synest Hirden sin!» - «No i Miss tek du storleg,» svarar snøgg blide Haugkall; «dette er Træleflokken min!» «Slik Magt, - vil den Træle?» - «Magtlaus er myrke Faavit all si Tid. Sjølv skal her du høyre. Røynast skal Rise-Klokskap djup og myrk, utan Meining i!» Stig han fram til den eldste: «seg meg, kvi saar um Vaaren Bonden Fræ?» - «Hæ?» - Hin uppatt fregar. Tankefull Risen stirer. Grin, glor med Grise-Augo: «Hæ?» Stig han fram til den yngste: «seg meg kvi Aai lengtar ned aat Hav?» Rise traud Trut rengjer, lìdar leid lange Øyro; «ytt som bytt, kvar ho renner av.» Fram han stig til ei Gygr: «kvifor grin Barn, naar Augo upp det fær?» Gygri glor: «lat det grine.» Skjeglar stygt etter Gislaug. Snufsar, grin, skarpt med Tennar skjer. «So er Træle-Ætti. Inkje eig Jutull Spursmaal, inkje Svar. Betre no i Djup stige, høyre Kvad og harms Kvæde, olme Ord av gamle Gumle- Far.» Gnavlehòl Langt inne, djupt i Skarefjell-Grunn seg holar ein Hall av Kopar; han kvelver irgrøn sin høge Rund med Glim av glidande dropar. Eit Blaa-Skimmer gløser som halvt i Blund. Det tiklar og siklar og renn og drypp der rundt i Kræane skùme; det kvislar kvævt av Firfisle-Kryp; det gjeng som Geisping i Romet. Der Lyngorman søv med sin Spord i Glyp. Her inne i løyndaste Myrke-Kraa sit Gumle i Tidine lange. Som turre Tre-Rot han er aa sjaa med Lemine vridne og vrange. Um Hausten gror Steinrot og Mose graa. «Du Gumle gamle i Hnavlehòl!» kved Haugkall med Mælet skrinne, «du vakne og mumle ditt Gumle-Maal, det maa ikkje gaa av Minne. No Ungdomen kved berre Rask og Raal.» Daa dreg det upp som Klokke til Slag i Halsen skrukne og turre; det gnidkar og gneg som Bor og Sag og mèl som i Katt og knurre. Og Gumle-Maal losnar i lange Drag. Gumlemaal Maal kved Gumle um Gamle-Æva. Daa raadde Risar Heims-Ringen. Natti laag nifs yvi Land. Inkje Maane. Inkje Stjernur. Norskin braga um breide Brè. Dal og Dokk i Duld drøymde. Godt var daa i Leik gange, Berg sprengje og Eld sprute, Storm reise og Hav røre, Is tumle med Tore-Dunder. Godt, godt i Strid gamast, Ragg rive og Rygg brjote, Skallom skurast og Hornom hoggast, med Klo klorast og Øyro klaa. Godt, godt aa dauv døse. Lat i Logn Labb live. Yrkjelaus inkje anse. Mett og maggin sova i Mak. Aldri Uro av ljose Eimar. Aldri Sol i saart Auga. Ingin Vokster i vide Dalar; ingin Os av Aare-Eld. Dag sov Daude-Svevnen. Rim kvitna um Rise-Heimar. Land laag i Logn, Rike i Ro. Tidi stod. Alt tagde. Au! Au! Øydest Alder. Aa! Au! Utid veks ... Alv Vaks. Æsir kom, Sol vakna; Dag vigdest. Ned seig Nivlheims-Natt. Oll var Rise-Æva. Vinter leid; Vaar vermdest. Is flotna. Foss fløymde. Gror grodde; Grønt grodde; Skog tettna i Taake-Lidir. Mennar vaks. Møyar vaks. Eld eima paa sota Aare. Staal skar skrinne Voll. Fram seg grov grønkande Grendir. Sol seig, Sol steig; Dag raadde Heims-Ringen. Tid tøygde lange Tankar, meda Maal og Raad og Rekning. Ufred! Ufred! Aand! Aand! Merk, Ungdom, Skilje-Ordi! Alt av Aand vil upp og fram. Alt av Troll vil trygt sitja. Jutull gjæse i Berg gøymdest; kraup i Kraa lite Kry. Duld under Stein han Dag banna; nytta Natti til Nids Verk. Vaar han døyvde med Vintergufsar. Løyste Fonn og fælt Folk. Grov ned Grendar i Aur og Yre. Velta Stein, stuva Is. Stogga, stengde med Mur og Myrker. Sky og Skodde for Soli skaut. Rot reiv. Rørde Hav. Vinter vekte, Fumbul-Vinter. Men Sol spratt. Sprengde Skodd. Braut Is, brædde Snø. Tinte, tekte med Gras grøne. Nytt leika Liv um alt Land. Ny skaut Skog med sval Skugge. Ein for ein øyddest Ætti. Sprakk for Sol. Stokk i Stein for kvervin Hamar og kvite Krossen. Ein og ein etter sìt, bundin i Berg, bannar Dagen. Andre, blautare, Blod blanda, skjemde Ætti med Skams Gifte, mengdest med Menn, avla med Alv. No er Haugtroll i Riket Hovding. Modlaus og mødd minkar Lyden, smyg smaatt, og jamt smærre. Lite er att av Alders Ætti; øydt er det gamle Graasteins Grjot. Høyr meg, unge, at Hat de lærer! Gjæse Jøtun maa Hjelp laane. Lag Halde med Lurvekryp, Fark og Farre or Fuskeheimar, Gand-Mennar og Galdre-Kònur, verste Herk, som verdi visste, Svivesvansar med Svartebøkar, ikkje Troll, ikkje Menn. Ju! Hu! Gremje-Tidir! Og av alle øvst raader Svarte-Vimsen or Svaavel-Landet, Halte-Fanden med Hestehoven, halvt Prest; honom Herre me no maa hylle; han raar i Rise-Riket. Upp alle med Yngd i Blodet, upp, Vaa'ar, for Jøtun-Veldet! Ingin Rise i Ro røyte, fyrr av høge Loft-Himil Soli raude er ned rìvi og alt roast i Ragnaròk! --- --- Det snufsar stundom i myrke Ro med Higst og underleg Hæsing; det tøygjer med Arm, det krafsar med Klo; daa skrik det med Snerr og Fræsing: «Uhu! her luktar Kristinmanns Blod!» Ho raadlaus Armane slær i Kross um Bringa som folnar og stivnar ... Fram bryt eit Brak som av Sjø og Foss, og Dagen ikring henne livnar. Aaleine ho sìt under Skare-Aas. Den store Strid Haust No rullar Havet svært mot Land med Skùm um skavlande Ryggir og bryt seg sprengt mot Øydestrand, der berre Vindtroll byggjer. Og Stormen skrik i ville Gru, der yvi Djup han jagar med Fòk og Ròk um Rev og Flu i desse Haust-myrke Dagar. Eg høyrer den villande Skræmesong av Møy som Brìmhesten rider; ho kvad og galdra so mang ein Gong mot Naud og Nedgangs Tidir. Det gjeng som Sorg, det gjeng som Spott, det gjeng um Vaa og Vande; det er den varslande Vildrelaatt som skræmmer Liv av Landet. Og Jordi skjelv i Havsens Marm, der bleik ho frys i sitt Snøyde; det folnar Bø og det Kolnar Barm; det vert i Verdi øyde. Den siste Graa-Gaas strauk mot Sud; tungt under Sky ho kava; alt liv i Hie og Vinterbu vil ned og burt seg grava. Lauvsblokka rustnar i livde Lund og ryk av sinom Kviste; det vart so syrgjeleg stutt ei Stund, til ho sitt Ynde miste. Paa Vollen blømde Blomar smaa', so sælt mot Soli nøydde; no er der ingin meir aa sjaa. Dei folna burt og døydde. So døyr det burt i den unge Barm, so folnar Blom og Blide, naar Saknad sløkkjer Voni varm med Taarir salte og stride. So døyr det burt, so døyr det ut, mitt Liv med alt, det drøymde, naar Elskhug vendest til Harm og Sut, og Guten burt meg gløymde. No er her sturt, no er her kaldt, og Stad og Stund meg møder; mi svikne Von tok fraa meg alt, og Hjarta svider og bløder. Og Havet rullar svært mot Land, og Regnet driv mot Rute; det syng og susar um Øydestrand at no er allting ute. Raadlaus Aa gode min Gut, aa vene min Gut, nei burte fraa deg held eg aldri ut. Alt dreg meg og dreg til deg og til deg, og kvar eg vil gaa, eg minnast deg maa, og Taara brenn som den beiske Lut. - Aa, aldri meir kann eg trivast. Aa snilde min Gut, aa gjæve min Gut, for deg so gav eg min siste Klut. Ja var du meg god, so gav eg mitt Blod, og var eg ditt Viv, so gav eg mitt Liv, um deg eg fekk fri av den minste Sut. - Aa du som eg trudde av Hjarta! So trygg og varm i din gode Arm eg gløymde Sorg og eg gløymde Harm. Men aldri meir eg finne deg maa, og aldri meir deg i Augo sjaa, og Graaten brenn i min kjøvde Barm. - Aa nei, at du kunde svike. Kvar skal eg meg snu; kven skal eg vel tru; eg finn kje Veg og ef finn kje Bru. Alt vendest til Naud; eg ynskjer meg daud; kvar skal eg vel av, utan djupt i Grav; for alt eg hadde so var det du. - Aa! - aldri ein glad Dag meire. Den som fekk gløyme Den minste Minning eg um deg møter, so tungt det tek meg, so saart det grøter; det minste Ordet eg høyre maa, - med Hjartegraat gjeng eg derifraa. Eg skulde sldri den Suti gøyme, naar so det var at eg maatte gløyme; eg skulle aldri gaa sjuk i kring, naar eg fekk gløyme den eine Ting. Kor hev det seg? Kor hev det vorti Veslemøy no. Eg kjenner meg ikkje. Eg var ikkje so. Eg gjekk her trygg og tulla og sprang og visste kje av at Dagen var lang. Det er som ein Draum, naar eg tenkjer paa den Tid eg kann ikkje meir forstaa. Den same gjeng eg, i same Ferd; men d'er som eg var i ei onnor Verd. Alt ser eg og hugsar som daa eg saag; men stur er eg no der fyrr eg var fjaag. Alt er det gamle, i Hus og Gard, men annarleis, annarleis enn det var. Heimen ligg paa den same Flekk; ho Mor gjeng tuslar som fyrr ho gjekk. Men tom stend Heimen forutan Ord; og framand vart mest mi eigi Mor. Framand er Heid og framand er Myr; framand tykkjest meg Katt og Kyr. Framand glor det sin eigin Veg; vil meg kje noko. Kjenner kje meg. Stogo gleiner so kald og graa; audt og stuslegt det er i Kraa. Som Vali gjeng eg paa Hand og Fot; alt fell meg tungt. Alt er meg imot. I Glaskarmen heng eg og stirer stur; lengtar, lengtar som Fugl i Bur. Men ingin aa sjaa paa Veg eller Vang. Jau no hev eg lært at Dagen er lang. Aa, denne Heimen so god og kyrr; aa her som eg treivst so hjarteleg fyrr! - Nei Mor, eg kann ikkje vera glad; Hugen min er paa ein annan Stad. Vinter-Storm Aa lat det bure, aa lat det braka; lat Huset riste og Tufti skaka! Lat brotne allting som brotne kann! Det døyver Tankane litegrand. Um Stormen tok baade Hus og Hytte, - det var eit Bìl daa eg mindre sytte. Um Jordi gav seg i djupe Grunn, - daa fekk eg gløyme ei liti Stund. Um Sky datt ned som paa Himlen flakkar, um Havet braut yvi alle Bakkar, ja um all Verdi seg søkkte ned, - so var det slutt og so vart her Fred. I Kyrkja Eg sìt i Kyrkja som Snikjegjest; eg gløymer Gudsord og gløymer Prest, - eg arme! Eg lesser Synd etter Synd paa meg, for um eg ein Glimt kunde faa av deg. Og naar eg ser deg, eg veit meg knapt; det bløder i Barm; eg er som fortapt - eg arme! Alt vert for Augo til Glim og Glod; og Vonir vaknar i varme Blod. Men er du burte, ligg allting audt; det sloknar i meg og kolnar daudt; - eg arme! Modlaus eg dreg meg paa Heimveg att, og Tankar vildrar som Sky i Natt. Og ser eg henne, som sìt so trygg langt framme der med sin breide Rygg - eg arme! - daa veit eg kje meir kva eg tenkjer paa. Eg skvett og vaknar, naar Folk vil gaa. - Aa frels oss ifraa det vonde! Ein Bêle Det kryp ein Haugbukk fram under ein Stein. Han hev Horn i Skallen og Bukkebein. Og aldri saag du so langt eit Skjegg; det rekk midt nedpaa hans magre Legg. Og aldri saag du slikt Skrukkeskinn; det valkar seg ut og det snurpar seg inn. «Her bykste eg rundt i nuhundrad Aar; men aldri veit eg so varm ein Vaar. Og aldri veit eg so vent eit Viv; men her gjeng du Gjæter og Sauir driv! Ja her du gjeng i ditt attande Aar; og enn maa du bera ditt Gjente-Kaar. Men daa maatte Verdi seg um ha skift, um ikkje du skulde snart bli gift. Og daa maatte Verdi ha skapt seg paa Tull, um ikkje du fanga Gard og Gull. Men høyr ikkje paa denne Blaahaug-Kallen; slik Jypling som ikkje hev Horn i Skallen! Og høyr ikkje paa denne Blaahaug-Krok; slik Arming som eig knapt si eigi Brok! Tru kje paa det den Ljugaren kvad; Mor hans gjekk Haug-imillom og bad. Men vil du, so er eg den Guten gilde, at snart eg skal gjera det helst du vilde. Gjev meg den Duken du ber um Barm; av den dreg eg ut din heitaste Harm. Av den dreg eg ut ditt tærande Hat; det fær ho i Kveld til salt i sin Mat. Daa ligg ho i Morgo og ille Læter, men tagnar - so vel - um tolv-trettan Næter.» Veslemøy løyser det lette Plagg; daa stansar ho braatt; ho kjenner eit Agg. Skal ho? Vil ho? - Dette er stygt. Daa riv ho det laust og gjev han det snøgt. «Hehe!» mekrar Trollet med Gledefaktir; «men Løn eg tek for dei Natte-Vaktir! Naar Drosi fraa Aas til Kyrkjegard dreg, daa rid ho Veslemøy brudferd med meg! Men aldri so vere du syrgjefull! Eg klæd deg upp i det skinande Gull. Eg vil ikkje skryte; eg er ikkje kaut; men paa Fjoset mitt hev eg tolvhundra Naut. Grisir hev eg som Stein i Strand; Smalen min aldri eg telja kann. Land eg eig fraa Hav og til Brè. Og er eg rik, er eg fager med. Horn hev eg framme som drusteleg Dreng, og bak hev eg au det eg tarv og treng. Eit betre Gifte du aldri naar: rik Mann og gild, i dei beste Aar! «Eg vil ikkje! Nei; ho skal ikkje døy!» ropar angrande Veslemøy. Til Gud ho bed og slær Kross for seg: «gjev meg Duken og drag din Veg!» Burte er den byksande Svein; Duken ligg att ved den graa Stein. Duken ligg att paa den Tuvebanke. Veslemøy skjelv for sin vonde Tanke. Uro Kor skal det gaa meg, naar Gud eg gløymer, og Hjarta sjukt seg i Elskhug drøymer? Kor skal det gaa meg so sant og visst, naar burt meg sjølv eg so reint hev mist? Og aldri kann eg meg atter vinne, og aldri meir kann eg til meg finne; so vel er stengd baade Von og Veg; - eg maatte finne meg sjølv i deg. Bøn Aa hjelp meg du som hjelpe kann! Du ser kor saart eg strider. Mitt Hjarta trøytt i tunge Band forutan Von seg vrider. Mi Naud eg kann kje faa sagt; det vonde fekk so stor ei Magt; som Brand i Barm det svider. Ja hjelp meg du som hjelpe kann! Til deg mi Bøn eg sender. Du stridde sjølv og yvi Vann; du Myrkje-Magti kjenner. Mi Naud er stor, min Strid er fæl; ver hjaa meg du som vil meg vel! Daa veit eg alt seg vender. Paa Vildring Lange Tidine sig og skrid; det gjeng paa Tròt og paa Tjon. Gud hjelpe den som i Sjælestrid slepper si gode Von! Vinter ligg yvi Verdi aud; han vil seg full' aldri snu. Gud hjelpe den som i Sjælenaud slepper si gode Tru! Veslemøy trøytnar i tunge Kav; ho kjem ut-av Veg og Leid; misser sitt Mod og vildrar seg av og gjeng i Trollkjering-Heid. Um Natti Trollkjering-Bolet ho finn; «høyr meg! No kjem eg til dykk. Eg skal meg skrive i Boki inn; men gjev meg ein Elskhugsdrykk! Ein Drykk som Hugen kann vende braatt for min Gut til hans rette Møy! Eg vil honom eige ei einaste Nott og so i Djup-Hylen døy.» Kjering myler og hengjer paa Seidkjelen svidd og svart: «he-he, den Vegen det lett vil gaa; men slikt gjer eg aat full' snart.» Ho drøyper av Horn, ho blandar av Glas med Mulling og mange Læte; ho mengjer Røtar og Løyndegras i nordan-rennande Væte. Kjelen sjoar med Kvink og Klukk; Kjeringi galdrar og syng; «no syd eg Taare, no syd eg Sukk; no syd eg den Hjarte-Styng. Eg syd det kjætande varme Blod som brenn etter kjælne Gut; eg syd med Galder, eg syd med Glod, eg syd med Eiter og Krut.» Ho vekkjer Veslemøy Blod av Barm og droplar Dropane tri. Ho tek sin Trollhatt paa hærde Arm og blandar av hans upp-i. «Eg manar for Svik, eg manar for Mein; eg manar med Maatt og Magne; tri Gongir tri! I Blod og Bein dei falske Hugar tagne! Eg galdrar for Jon i Skarebròt, eg galdrar med Sòd og Søy; du Drykk! du vende den Hugen kaat til Gislaug, hens rette Møy!» Kjelen sprutar med Os og Fræs; Eimen stend gul i Tak; Kjeringi sputtar og blæs og les; det gjeng um novine Brak. «Tri Gongir tri! I Namn av den som eig det svarte Velde! Satanas! Satanas! - Hui! Det brenn! - No er de baae selde.» - Upp ho lyfter den svidde Hand, og alt er stilt som Grav. Daa kjende Gislaug at Rædsla vann; det var som ho svimra av. Alt vingla og vippa og rangt seg vreid; det dansa Golv og Gruve ... Ho fann seg kje att fyrr langt ut i Heid, paa Sprang yvi Stein og Tuve. Ho vaknar Daa vart det sagt eit lite Ord; ho høyrde grant det kviskra Mor. Daa stilna det i Bringe. Kva hev ho tenkt? Kvar vil ho gaa? Ho aldri meir kann Mor si sjaa. Her er kje langt aa tinge. Ho maa i Hylen springe. Ho stend som sprengd av Synd og Skam. Daa stig det stilt ein Skapnad fram meir Kvit enn alle Fennar. Rik fell den ljose Kaapa ned. Veslemøy sig med Rop i Kne. Fram gjev ho rædde Hendar. No ser ho, allting endar. «Aa kjære Syster, sæle Møy! aa hjelp! no maa eg Dauden døy; eg gav den vonde Magti! Eg ligg i Synd og Satans Vald. Han hev paa meg so fast eit Hald. Eg somna av paa Vakti; eg svor den vonde Pakti!» «Vend deg til den som Sol hev skapt. Enn er du ikkje reint fortapt, du arme Syster kjære! Reis deg med Magt og ut deg rykk; gjev att, gjev att den Synde-Drykk! Det store Tòl du lære! - Du ut er vald til Ære.» Burt slokna Syn og Kvæde; matt stend Gislaug der aaleine att, med Von- og Vigsels-Taare. I svære Strid ho yvi vinn; det vaknar Mod i mødde Sinn. Ut, ut or Fall og Faare! - Høgt les ho Fadervaaret. Dei trøytte Føtar Vegen snur. Ho finn det svarte Trollebur, og Døri upp ho river. «Eg vil kje eige Hjelp av deg! Eg vender um fraa denne Veg!» Og Flaska inn ho hiver, so Glod og Gneistar driver. Ei tung Stund Den lange Vinter lakkar; han syng paa sin siste Sull, Det brunkar i kvite Bakkar, og Aai fløymer full. Med Hjul maa bytast Meidar paa Veg og Køyrefar. Det driv med Regn i Heidar og yvi den graae Gard. Der inne i gamle Stova paa Sengi høg og mjuk maa Gislaug ørski sova; so braatt ho lagdest sjuk. Ho søv til Syrgjelundar som døyvt gjenom Huset smyg; so læt det med mange Munnar, naar Vestanvinden syg. Ho søv til Syrgjetonar av Vestan-Sòg og Tòt. Ho trur og visseleg vonar, det er hennar Likferds-Laat. Naar Guten, ho sorgfull miste, rid Brudgom med falske Viv, han møter den svarte Kiste, der Gislaug ligg kald og stiv. Men Svevn vil Ungdom styrkje som Natti den spede Knùpp. Daa Guten rid til Kyrkje, daa stend ho Gislaug upp. Ho sìt ved grøne Rute og ser yvi Vegen Nord; det glytte med Sol der ute, daa Brudferdi franum fór. Aat Sengi att ho vender; ho vart so arm og veik. Og heite Taarine brenner ned yvi Kinni bleik. Ho vrid seg Nætar og Dagar og inkje Kvild kann faa; so saart ho kvider og klagar, at lenger ho lìva maa. Med Hagl og Holke-Splintir og Isvind og Drivesnø den sture Ettervinter seg klengjer til Bygd og Bø. Det er so vonde Tidir med skifting att og inn; - det er dei siste Stridir, fyrr Vaaren kjem og vinn. I Blaahaug Vaat heng den tunge Lufti. Det dryp av Kvistir og Runnar. Myrkeskodd velter ollande inn or Hav og Himill-Grunnar som Skuggen lett og som Natti stinn. Burt kvervest Taarn og Tuftir og Haugar og alle Bøar. Som gløypt og gøymt av dei store Votn ligg Land under Tòkusjøar. Alt er som var det paa Havsens botn. I lyngsvarte Markir inne Veslemøy Smalen saknar. Eit Havbrak susar fraa Vestansjø med Tòt og tunge Tankar. Ho glett i Holke og Flekkesnø. I Skodda inn ho hildrast og um paa Villheidi tumlar; dregst av Rop og flakkande Ljom og Gulp som or Aai mumlar. Det vaknar og lìver med Tussedom. Upp or dei djupe Hyljar stig som glidande Skuggar Nøkken blaa paa sin halve Hest og Vasstroll med vaate Luggar. Dei okar seg fram som dei orkar best. Or Haug og blaae Heller rid lange Radir og Reidir fram yvi flekkut Grovemyr og inn dei lange Leidir med Om av Ringling og Rop og Styr. Som der ho gjeng i Draumar og slitst av dei saare Minne, so stend ho uppi ein Alvedans-Ring og er der som mana inne med Skodda tett som ein Vegg i kring. * Vâr ho lyfter si Augne-Brun; daa er ho innpaa eit Kongsgards-Tun. Still ligg Garden i stengde Trygd, maaneskinsljos, i ein Firkant bygd. Tunet er som ei Mose-Eng; Svalgangar breide ikringum gjeng. Rausti er blaae med gylte Flak; Sular av Sylv ber det høge Tak. Borgar svære Sulane bind; d'er Orm og Drake, i Bugt seg vind. Slottet lyser, i Høgtid strekt, med berre skinande Kopar tekt. Taarn seg lyfter med Glim og Tir; Gullhanar glor paa dei høge Spir. Som der ho stend, fortenkt og fortryllt, er heile Tunet med Hovmenn fyllt. Fagre Møyar i kvite Lin av Sylgjur og Lad og Gulldobbar skin. Daa tinklar det stilt som av Bjøllur smaa, so vent at Veslemøy graate maa. Og upp det stryk med so vill ein Slaatt; Veslemøy er millom Graat og Laatt. Sist kjem det ein Lund so sæl og so blid; ho var kje so glad i si heile Tid. Fram dansar dei Møyar i ljose Rad: «her kann du alltid faa vera glad. Der ser du Kongen; vil her du vera, skal Dronning-Krune og Krans du bera.» Veslemøy ser den Haugkallen blaa Konge staut i Svalgangen staa. Kruna lysar som raude Glod; Purpuret er som det heite Blod. Kongsstaven skin av brennande Stein som Elden gul og som Logen rein. Herleg er Kongen, fager og gild; - all denne Stordom ho eige vil. Dansen gjeng yvi Tunet kaat; Tonar lokkar og Felelaat. Aldri var ho so ør og glad; daa Møyane spurde, svara ho ja. Det er dei Møyar i kvite Lin; dei flir henne Staupet breddfullt med Vin. «Drikk, so opnar seg Kongens Borg! Drikk, so gløymer du all di Sorg. Drikk av Staupet, og drikk det ut! Daa gløymest den hardaste Hjartesut. Tenk deg kje um, men gjer som me song! No bydst deg dette for siste Gong.» * Veslemøy bleiknar um brune Kinn; det gjekk henne kaldt gjenom Hug og Sinn. Veslemøy bleiknar um brune Vangar; Tanken vaknar og Minnet fangar. «Skal burt eg gløyme mi Hjartesut?» - «All di Sorg den sløkkjer me ut.» «Sløkkjer de Elden som heitast brenner?» - «Naar Staupet er tømt du inkje kjenner.» «Ja vil de sløkkje den Suti heit, - den kann eg kje misse for alt eg veit. Og fyrr eg vil sleppe den Suti hard, fyrr gjeng eg og bed meg i kvar Manns Gard. Og fyrr eg vil gløyme den Sorg som brenn, fyrr gjeng eg Narr i mi heile Grend. Ja fyrr eg vil gløyme Guten eg fann, fyrr gjeng eg Fanteferd Land og Strand. Ingin annan fær meg i Famn; no riv eg meg laus i Jesu Namn.» - Alt er burte. I Skodda sansar ho liksom ein Skimt av kvervande Svansar. Fri Um Natti still ved Sengjekraa Veslemøy ser eit Kvende staa i lange, myrke Klæde. Hjaa henne ser ho Syster si fager og ljos og aalvorsblid med Smil av heilag Glede. Ho kved so lint eit Kvæde; «Statt upp, statt upp, du Syster kjær! No er du løyst til betre Ferd. Høyr Helgeklokka klingar! Fraa alle Troll du laus deg vann. Og i di Sorg deg sjølv du fann. No upp mot høgre Ringar din styrkte Hug seg tvingar. Kom, fylg oss paa din nye Veg, som upp or Myrkheim fører deg til Ljos og klaare Dagar! Den Stig er bratt, den Veg er lang. Men ingin angrar denne Gang. Um trøytt du stundom klagar, til sist seg allting lagar. Her ser du Visdoms Volve staa. Ho vil deg gjeva djupt aa sjaa og store Røynslur herde. Ho ber deg gjenom Helheims Gov; der skal du skimte Livsens Lov og gjenom Rædsle lære det Verk, som vert di Ære.»